Opprykkseminar 2021: Planlegg godt – og gå i lag med andre

Opprykksseminar, 8. mars 2021

Kjære alle her i dag, og ei særskilt helsing til alle kvinnelege førstekompetente som har møtt opp her i dag. Gratulerer med kvinnedagen, og gratulerer også til oss sjølve, til HVO, med at vi har eit opprykksseminar her i dag.

Kontor for kommunikasjon har brukt eit fantastisk bilde som illustrasjon for dette arrangementet: Ein kvinneleg skiløpar som har nådd toppen og som står i sola og skodar ut over ei snøkledd tinderekke. Så sjølv om ho har nådd toppen så står det nye spennande utfordringar i kø. Eg håper dette kan vere til inspirasjon for dei som står i eit kompetansebyggings- og karriereløp – anten dei no ser toppen der framme, er midt i løpet eller berre har begynt å planlegge ruta.

Dette med fjell og klatring mot ein topp har vi også brukt som illustrasjon på bygging av toppkompetanse også i andre samanhengar, og eg har sjølv også brukt dette som metafor i eit blogginnlegg og helsing i høve starten av balansehub-prosjektet som dette arrangementet er ein del av.

Metaforar kan vere forklarande, men dei kan også fort bli forelda. Dei krev i alle fall analyse og vidareutvikling. Nett som forsking.

Er det no slik at det berre er sol og spennande tinderekker å nå når ein har klatra opp til ein akademisk topp – eller ein topp i Sunnmørsalpane? Nei det er ikkje nødvendigvis det.

Ulike toppar byr på ulike vegar vidare. Somme kan ein berre snu ned frå med det same. Andre toppar høver best til sommarbruk. Andre toppar når ein berre i lag med andre. Og andre toppar når vi ikkje opp til fordi veret eller utstyret tvingar oss til å avbryte.

Slik er det også i forsking og bygging av ein karriere som forskar. Og det einaste som hjelper er å planlegge best muleg, å lære av dei som har gått rutene før og å tenkje mange steg – og toppar – vidare. Og å unngå farar på vegen.

Karrierebygging og fjellklatring: Balanse er viktig

Helsing på avspark for Balansehub i Volda – som ein del av det nasjonale prosjektet «Nettverksstøtte til å fremme kjønnsbalanse i norsk forsking».

For nokså nøyktig fire år sidan, i februar 2017, hadde Høgskulen i Volda eit seminar om Likestilling og karrierebygging i akademia. Arrangør var Utval for likestilling og mangfald og Forskingsutvalet i fellesskap.

Tittelen på seminaret var: «Korleis kan fleire nå toppen?» og på  seminarplakaten var det eit bilde av ein kvinneleg fjellklatrar i ein nokså bratt motbakke, ein skremmande loddrett fjellvegg. Er det så vanskeleg for kvinner å nå toppen?

Korleis kan fleire nå toppen? Seminar om likestilling og karrierebygging i akademia, 15. februar 2017.

I samband med seminaret i 2017 gjorde eg opp ein status og historikk for høgskulen når det gjeld likestilling og kvinners rolle på Lærarskulen, Distriktshøgskulen og Høgskulen i Volda i eit blogginnlegg.

Status i 2017 var at kvinner var i fleirtal blant studentane, stipendiatane og høgskulelektorane på Høgskulen i Volda. Kvinner var altså framtida for høgskulen. Men blant førstekompetente og toppkompetente var menn i fleirtal.

Kva så med historia?

Høgskulen vart starta først i 1861 og fekk ein ny start i 1895. Og historia fortel at etablerarane, alle rektorane og alle som bestemte noko, det var menn. Men med lærarskulen opna også verda seg mot Volda, og Volda opna seg mot verda.

For å dra ein liten parallell til klatring, så var det nett i desse tiåra på slutten av 1800-talet at verda, eller i alle fall klatrarane, oppdaga oss og fjella på Sunnmøre: Britane William Cecil Slingsby og Charles Watson Patchell klatra på Sunnmøre og gjorde vårt alpine landskap kjent – i dei same åra som lærarskulen blei til. 

Likestilling og karrierebygging: Kvinnelege akademiske pionerar i Volda

Utval for likestilling og mangfald og Forskingsutvalet arrangerte 15. februar 2017 seminaret «Løyper mot toppen: Likestilling og mangfald i akademia». Les program for seminaret.

Korleis kan fleire nå toppen? Seminar om likestilling og karrierebygging i akademia

Nedanfor står mi innleiing på seminaret der eg blant anna løfta fram dei kvinnelege akademiske pionerane i fag og leiing ved Høgskulen i Volda. 

Forskarforbundet ved Høgskulen i Volda held 17. mars 2017 også eit seminar om litt av dei same spørsmåla: «Karrierepolitikk og karriereutvikling for vitenskapelig ansatte i UH-sektoren» – med bidrag frå blant andre Rakel Christina Granaas – tidlegare HVO-tilsett som no arbeider i UHR (Universitets- og høgskulerådet).

Kvifor har vi eit slikt seminar ved Høgskulen i Volda – og kvifor no? Er ikkje akademikarar blant dei aller mest opplyste og progressive? Der likestilling er sjølvsagt – også i karrierebygging? Det kan godt hende, men det er også slik at framsteget kjem ikkje av seg sjølv, men må få litt hjelp – eitt steg om gongen.

Ein observasjon eg gjorde som lærar på avdeling for mediefag for mange år fortel litt om kva mekanismar som fungerer: Kvinnelege og mannlege studentar hadde like gode karakterar for å kome inn på studiet. Men i klasseromet opplevde eg gong på gong at jentene svært ofte starta sine spørmål og svar med ei lite orsaking eller eit lite atterhald. Gutane på si side gjekk rett på svaret, rett eller feil – men inga orsaking eller atterhald å spore. Eg gav beskjed til jentene om at eg ikkje ville høyre slikt utanomsnakk – og håper at dei var samde i at det var rett at dei endra seg og vart litt meir som gutane: Tenk at du er flink og har noko viktig å bidra med – kast deg ut på det! Slik vi ventar at journalistar skal gjere. Eg håper det var rett medisin.
 

Kompetansebygging og karriereplanlegging hos  akademikarar bør normaliserast og gjerast til noko som er naturleg og forventa av fagfolk på Høgskulen i Volda – som for alle andre institusjonar. Det kan ikkje vere slik at det er hemmeleg eller privatisert at ein har planar om å fordjupe seg fagleg og forske for å gjere faget og høgskulen betre. Det vil også studentane tene på.

Fortsett å lese Likestilling og karrierebygging: Kvinnelege akademiske pionerar i Volda