Opningshelsing Kunnskap i vekst og Ut i Jobb-messe

www.kunnskapivekst.no

Kjære alle studentar og konferansedeltakarar. Velkomne til Høgskulen i Volda og konferansen Kunnskap i vekst og Ut i jobb messa. Eg er glad og stolt over å få opne dette arrangementet.

Takk til Studenttinget i Volda, og særleg leiar Karoline Strand. Utan dykk hadde dette ikkje skjedd. Takk også til Sparebank1 Søre Sunnmøre for godt partnarskap og støtte i prosjektet. Volda Næringsforum og Sunnmøre Kulturnæringshage er også med på laget.

Kunnskap i vekst og Ut i jobb messa er eitt av høgskulens tiltak for at studentar skal møte arbeidslivet, og arbeidslivet skal få møte høgskulen – både studentane og dei tilsette.

Eg er glad for at vi dag kan ønskje velkomen 26 andre aktørar frå regionen som har tinga standplass på utstillingsgolvet vårt ute i kantineområdet. Delar av dagen foregår det også eit jobbkurs for lærarstudentar – så dei kjem nok til kantineområdet etter kvart.
Vi håper de alle møter minst ein student som kan vere ein interessant kontakt og kanskje tilsett ein gong i framtida. Og som vi veit så vil studentar snakke med andre studentar og venner om si oppleving av dykk som potensiell arbeidsgjevar eller samarbeidspart, og eg håper dette kan bli eit fruktbart møte for alle partar.

Prorektor Jens Standal Groven og eg har som målsetting at Høgskulen skal bli ein endå tydlegare regional aktør, og det som skjer her i dag passar godt inn i dette.
Vi vil ta med oss erfaringane frå årets arrangement for å gjere det endå betre i åra som kjem – og då vil vi gjerne ha hjelp og råd frå dykk.

***

For dei som kjenner høgskulen minst så skal eg seie litt om kven vi her. Og først – kvar vi kjem frå. Høgskulen i Volda reknar 1861 som sitt startår, då Volda høiere Almueskole med annecteret dannelsesanstalt for Almueskolelærere vart etablert. Vi har altså hatt lærarutdanning i Volda sidan 1861 – i over 150 år. Distriktshøgskulen i Volda vart etablert i 1970. Og i 1994 vart dei to høgskulane slått i hop og vi fekk Høgskulen i Volda.

Det mest kjende høgskulebygget på våre kantar er nok det gamle lærarskulehuset frå 1922 – Kaarstad-huset som kallar det. Det vert no pussa opp for heile 65 millionar kroner og vil til studiestart hausten 2016 få eit nytt liv – no endeleg med ventilasjon etter 94 år som høgskulehus.

Eit anna spennande prosjekt som vi har starta er utvikling av høgskuleområdet – eit campusutviklingsprosjekt. Eit nytt hus for mediering – for kultur- og mediefaga – er det største tiltaket i dette prosjektet og vi gler oss til å presentere planane.

***

Då vi tok i mot nye studentar hausten 2015 kunne vi notere rekordmange studentar – vi har nesten 4.000 studentar som har valt å studere hos oss.

Ca 2/3 av studentane våre tek ei av våre lærarutdanningar, eller studerer skulefag. Ca 1/4 studerer sosialfag og sist men ikkje minst har vi nasjonalt kjende medieutdanningar.

Ca 2/3 av studentane våre kjem frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, men 1/3 vel altså å reise til Volda frå andre stader i landet. Alle som kjem er like velkomne. Men det vi også veit er at mange av dei som kjem til Volda og vår region for å studere ofte likar seg så godt at dei blir verande etterpå.

Og mange av utdaningane våre viser seg også å vere allmenne og gjer våre studentar i stand til å gå inn i stillingar som dei kanskje ikkje hadde tenkt seg frå starten av. For å sitere fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde: – Det kryr av tidlegare lærarar på kontora til skipsindustrien i Ulsteinvik.

Dette er viktig, for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er fylke med færre med høgare utdanning enn landsgjennomsnittet. Mange av våre utdanningar er også spesielt attraktive for kvinner, og det er viktig fordi vi ser at mange kvinner i alderen 20-39 år vel å reise bort frå fylket for å studere eller arbeide – og då er det viktig å ha ein høgskule i regionen som kan vere motvekt til dei store byane Oslo, Bergen og Trondheim. Dette vil antakelig fylkesplansjef Ole Helg Haugen seie meir om seinare i dag.

I desse dagar har regjeringa og Kunnskapsdepartementet starta ein strukturprosess som skal handle om å heve kvaliteten på forsking og høgare utdanning i Noreg. Dette er ein prosess som har gjort oss meir merksame på korleis vi ligg an på ei heil rekkje kvalitetskriterier.

Den viktigaste kvaliteten – og kulturtrekket – ved Høgskulen i Volda er at vi har ein open dør politikk med tett og god kontakt mellom studentar og lærar og god fagleg oppfølgjing. Slik har det vore lenge hos oss og slik bør det også vere i framtida.

Kunnskapsdepartementet arbeider også med meir målbare kriterier for kvalitet, og det er kjekt for meg som fagleg leiar for Høgskulen i Volda å notere at vi scorar godt på svært mykje:

Vi har nesten 4.000 studentar – største studiestad mellom Bergen og Trondheim – men langt mindre og mykje meir intim enn eit stort universitet.
Volda har eit godt rykte som studiestad – ikkje berre artistar som Sondre Lerche, men mange andre har ved sjølvsyn opplevd det. Studentkroa Rokken, ei rekkje festivalar og studentveka er arrangement som studentane sjølve arrangerer – lærerikt og sosialt.
Studentane har god framdrift i utdanningane sine – faktisk er voldastudentane blant dei beste i landet når det gjeld å gjennomføre studiet utan forsinking.
TEknologisk sett er vi langt framme når det gjeld undervisning. Vi starta tidleg og har dei siste åra vore blant høgskulane med flest studentar på nett – såkalla fleksible studium.
Vi er også blant høgskulane i landet som er best på internasjonalisering. Det er ein større andel voldastudentar som reiser til utlandet – og studentar frå utlandet som kjem til Volda enn ved andre høgskular.
Dei tilsette har fått stadig høgare kompetanse – vi har aldri hatt så mange professorar og tilsette med doktorgrad som i dag.
Dei tilsette publiserer også meir og meir forsking av høg kvalitet, og i 2014 var vi blant dei beste høgskulane i landet på dette området. Dei siste åra har vi kvart år hatt internasjonale publiseringar på høgste vitskaplege nivå.
Hausten 2015 starta vi opp med vår første doktorgradsstudium i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. Dette er det første doktorgradstilbodet på Sunnmøre og det andre i fylket og vi er svært nøgde med samarbeidet med Molde på dette området.

Eg håper og trur at både studentar og tilsette både trivst i Volda og er stolte av å gå på Høgskulen i Volda. Vi ser i desse dagar på resultat frå ei arbeidsmiljøkartlegging blant tilsette, og forskaren frå NTNU som stod bak denne nasjonale undersøkinga, og oppsummerte det faktisk slik: Høgskulen i Volda har engasjerte tilsette som er stolte av å arbeide ved Høgskulen i Volda. Men vi skal ikkje gløyme at føremålet med undersøkinga er at vi skal bli betre.

Når det gjeld studentar så vil vi om nokre veker få resultat frå ei landsomfattande studentundersøking, og vi er naturlegvis spente på korleis studentane vurderer høgskulens undervisningskvalitet og Volda som studiestad. Eg håper og trur at resultata vil syne at vi står oss godt også på desse områda samanlikna med andre høgskular.

Kva så med samarbeidet med regionen?
Etter at Eiksundsambandet og Kvivsvegen kom på plass så har Høgskulen i Volda fått ca 1.000 fleire studentar. Eg trur mange av desse nye studentane kjem til oss fordi vegane har vorte betre – og dermed kan bu heime og studere i Volda. Dette er verdifullt og heilt i tråd med det høgskulen skal vere. Gode kommunikasjonar tener vi alle på.
Kvart år sender vi hundrevis av studentar ut i praksis på arbeidsplassar – dei fleste av dei i vår region. Vi veit at dei får eit godt innblikk i arbeidslivet og god rettleiing – og for arbeidsgjevarane kan dette vere ein god måte å rekruttere nye tilsette på.
For dei som vurderer å bli studentar hos oss så har vi ei ordning vi kallar Student for ein dag. Til dømes kan elevar i vidaregåande då få kome til oss og få eit innblikk i  undervisninga og studentmiljøet. Dette er naturlegvis lettast tilgjengeleg for eelvar i regionen.
Andre store regionale arrangement er utdanningsdagane for elevar i vidaregåande skule der vi fortel både om vår eigne og andre høgre utdanningstilbod. Vi arrangerer også i samarbeid med blant andre Møre og Romsdal Fylke Karrieredagane der elevar i 10.klasse kjem til oss for å informasjon om utdanningstilbod.

Høgskulen har over 150 års historie i og for regionen. Vi har tenkt å halde fram i 150 år til. Men for at det skal skje er vi avhengig av kvarandre, og vi må snakke med kvarandre – lære kvarandre å kjenne. Og det håper eg denne dagen kan gi eit godt bidrag til.

Lukke til alle aktørar.

Ny FoU-strategi for HVO: Kva vil fagmiljøa?

Kva blir Høgskulen i Voldas Forskings- og utviklingsstrategi for dei komande åra? Dette spørsmålet blir avdelingane ved Høgskulen i Volda no inviterte til å kome med sine svar på. Det er jo i kvardagen på avdelingane, i fagmiljøa, at FoU-resultata blir skapte, at dei nye samanhengane blir oppdaga, at dei små og store gjennombrota kjem. For ein sjølv og for andre.

Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset

Den gjeldande FoU-strategien for Høgskulen i Volda står framleis ved lag – fram til vi får på plass ein ny plan. Sjølv om det rett nok står at den gjeldande planen skulle gjelde fram til 2015. Etter mi meining er det ingen dårleg plan, men det kan vere vanskeleg for fagmiljøa eller den einskilde forskar å sjå kva planen har å seie i kvardagen. Så difor startar vi arbeidet med ny FoU-strategi i avdelingane og fagmiljøa. Dei komande vekene startar arbeidet med møte med leiinga og avdelingane.

Treng vi ein FoU-strategi?

Strukturdebatten dei siste åra gjev nok mange ei kjensle av at det er vanskeleg å tenkje framover når vi eigentleg ikkje veit om Høgskulen i Volda skal halde fram aleine eller i ein eller annan konstellasjon. Men uansett kva endringar som skjer i strukturprosessen så er det viktig at fagmiljøa finn ut kva mål dei ønskjer å nå – og tenkjer over korleis ein i fellesskap skal nå desse måla.

Eit anna syn – som eg ikkje vil avvise – er at det kanskje ikkje trengs nokon detaljert strategiplan. Det kunne vere betre å gå i motsett retning av tidas trendar og seie at ved Høgskulen i Volda skal framleis den einskilde forskaren stå mest muleg fritt til å drive fagleg utvikling og så kan høgskulen stille opp med litt interne midlar for å støtte opp under gode idear. Dette vert gjerne oppfatta som det klassiske universitetsidealet – særleg innanfor humaniora – og ved Høgskulen i Volda er det mange som framleis hovudsakleg arbeider med individuelle prosjekt, i den grad fagmiljøa har økonomisk rom til det. Det varierer, også internt på HVO. Ei utfordring ved dette er om forskinga kan bli «for fri»? Om forskingsprosjekta blir så lausreipa at dei ikkje støttar opp under utdanningane ved høgskulen. Her ligg ansvaret både hos den einskilde og hos avdelingane.

Andre høgskular har ei heilt anna tilnærming med meir detaljert fagleg og/eller økonomisk styring av FoU-tida til forskarane. Somme høgskular gjev lite FoU-tid til forskarane. Forskarane må sjølve eller i samarbeid med andre skaffe ekstern finansiering for å få tid til å forske.

Eit anna verkemiddel både for å styre og utvikle forsking er forskingsgrupper. Det rår mange meiningar om kva forskingsgruppe eller forskagrupper eigentleg tyder, men i alle fall må det vere forskarar som arbeider i lag om forsking. Kunnskapsdepartementet har varsla at det skal kome ei melding til Stortinget om humanistisk forsking, og i ei kartlegging av humanistisk forsking har det blant anna vorte sagt at Kunnskapsdepartementet ønskjer å finne humanistiske forskingsgrupper som kan markere seg internasjonalt. Dette har vekt kritikk då det kan tolkast som at humanioras eigenart med individuelle prosjekt blir nedvurdert. Sjå til dømes artikkel i Universitetsavisa.no 9.11.2015.

Mitt syn på dette er at vi også i framtida må ha rom for individuelle prosjekt. Både på grunn av den humanistiske tradisjonen, men også fordi Høgskulen i Volda som ein fagleg sett breidt orientert profesjonshøgskule har mange fagområde representert, og at einskildforskarar bør knyte seg til eksterne fagmiljø.

Eg er også skeptisk til ei utvikling der all forsking vert vurdert ut frå naturvitskaplege ideal. Statsbudsjettet for 2016 har introdusert kvadratrotteiknet i vekting av tellekantresultat – passande nok for å oppgradere naturvitskaplege arbeidsmåtar der det er vanleg med mange samforfattarar. Dette skal etter planen gjelde frå 2017.

Det har også sine negative sider at forskingsresultat må publiserast på engelsk for å bli rekna med. Det er slett ikkje sikkert at ein slik språkleg monokultur er ein fordel for langsiktig kompetansebygging – eller for norsk språk og kultur. Dette spørsmål har ein også vorte klar over i engelskspråklege land: «Does the rise of English mean losing knowledge?»

Høgskulen i Volda har i mange år premiert formidling, altså faglege resultat som ikkje blir publisert gjennom vitskaplege kanalar. Til dømes har vi intern premiering av lærebøker – som fell utanfor definisjonen av vitskaplege arbeid. Dette er ei ordning som både Forskingsutvalet og styret ved Høgskulen i Volda har gjeve sterk støtte til.

Kunnskapsdepartementet ønskjer forskingsinstitusjonar som er profilerte, og gjennom vårt faglege fokus på samfunnsvitskap og humaniora er Høgskulen i Volda blant landets mest profilerte og fagleg spissa høgskular.

Kanskje kunne vi bli endå meir spissa og profilerte ved å premiere individuell forsking, publisering på norsk og formidling via ikkje-vitskaplege kanalar.

Når dette er sagt så har vi likevel mykje å hente på å utvikle fleire forskingsgrupper. Ofte er det nødvendig å arbeide i lag for å kunne nå felles mål, og løyse våre oppgåver. Vi arbeider jo tverrfagleg og i grupper i utvikling og gjennomføring av undervisning. Det burde vere muleg å få til det same når det gjeld forsking.

Kva kan vi bli betre på?

I strukturprosessen har vi sjølve vore flinke til å framheve kva Høgskulen i Volda er gode på, og innanfor FoU er vi blant dei betre statlege høgskulane. Vi har blant anna høg publiseringsgrad og høg kompetanse i staben der vi i 2015 for første gong kan notere at vi har over 50 prosent førstekompetente i staben. Dei siste åra har HVO fått laga FoU-meldingar med detaljert presentasjon av fakta om FoU ved HVO. Meldinga for 2015 blir lagt fram for Forskingsutvalet og styret ved HVO i slutten av månaden.

Kunnskapsdepartementet er vår eigar og følgjer nøye med på kva som skjer hos oss, og dei kjenner naturlegvis til desse tala. Leiing og styre ved Høgskulen i Volda må også leggje fram planar for kva som kan bli betre. I FoU-samanheng er det kanskje to område der vi har vorte særleg utfordra:

  • Få kvinnelege professorar.
  • For lite FoU-søknader og -prosjekt.

I rektoratet har vi også ønskt å styrkje kontakten med regionen ved å støtte og utvikle etablerte regionale samarbeid og å delta på arenaer som er viktige for oss. Vi ønskjer blant anna å vere ein positiv medspelar i Møre og Romsdal fylkeskommunes arbeid med ein ny FoI-strategi.

Vi bør vurdere å utvikle støtteordningar for førstelektorar og dosentar. Vi har pr i dag mange ordningar som peikar i retning av kompetansebygging gjennom forsking, men få eller ingen ordningar som finansierer førstelktorløp eller dosentløp.

Invitasjon til avdelingane (diskusjonsgrunnlag), sendt til avdelingane 15. januar 2016:

Nokre drøftingspunkt til møte om revidering av FoU-strategien til HVO, våren 2016

Notatet er tenkt som utgangspunkt for drøfting, i og med avdelingane, i samband med FoU-strategimøte med fagmiljøa i veke 3.

Frå Strategiplan for Høgskulen i Volda, vedteken av høgskulestyret 29.10.2014:

PROFIL
HVO er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal, og dei nasjonale satsingsområda våre er:

  • Yrkesretta medieutdanning
  • Nynorsk i utdanning, forsking og formidling
  • Fleksible vidareutdanningstilbod

FORSKING OG UTVIKLINGSARBEID

  • HVO skal stimulere til tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid
  • HVO skal auke internasjonaliseringa av FoU-arbeidet
  • HVO skal gje studentar innsikt i og erfaring med FoU-arbeid ved å involvere dei i aktuelle prosjekt
  • HVO skal organisere forskingsgrupper som støtte for forskarane

Frå strategiplan for Forsking og utvikling (FoU) 2012-2015:

Visjon for HVO: Kunnskap for framtida
«Høgskulen i Volda skal bygge FoU-aktiviteten på ei brei humanistisk og samfunnsfagleg felles plattform. Den regionale og nasjonale forskingsprofilen vår skal utviklast vidare på dette grunnlaget.»

Overordna mål
«Forsking og utviklingsarbeid ved høgskulen har som overordna mål å bidra til kunnskapsutvikling innanfor alle høgskulens utdanningsområde.»

Overordna spørsmål til drøfting om FoU-strategien til HVO (januar 2016):

  1. Kva må gjerast med FoU-strategien for at det skal bli lettare for avdelinga å nå sine mål?
  2. Korleis halde oppe og utvikle høg kompetanse på fag og område som er sentrale for HVO?
  3. Korleis fungerer organiseringa av forskingsgrupper som støtte for forskarane ved HVO?
  4. Korleis styrkje det forskingsbaserte kunnskapsgrunnlaget og den forskingsbaserte undervisinga på bachelor- og særlig masterutdanningane?
  5. Korleis få meir eksternt finansiert forsking?
  6. Korleis auke graden av internasjonalt engasjement?
  7. Andre spørsmål?

Dei overordna spørsmåla kan med fordel sjåast i samband med fylgjande sentrale verkemiddel for FoU ved HVO:

  • FoU-ressurs/tid
  • FoU-stipend («vikarstipend»)
  • 5-årig doktorgradsordning
  • Doktorgradsutdanning/forskarskular/stipendiatstillinger
  • Stipendiatprogram og avhandlingsforum
  • Førstelektorkurs
  • Professorstipend
  • Små driftsmidlar
  • Satsingsmidlar (Interne forskingsprogram og såkornmidlar)
  • Strategiske midlar (rektor/direktør)
  • Eksterne midlar
  • FoU-administrasjon: Kvalitetssikring og etisk vurdering av HVOs forsking, publiseringsutval (trykkjestøtte, midlar til Fri tilgang (open access))

 

 

Høgskulane og regional utvikling

Kronikk i Sunnmørsposten 13.01.2016

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider med ny Forskings- og innovasjonsstrategi for fylket, noko som vart presentert av Anna Marie Hatlestad i ein kronikk i Sunnmørsposten 29. desember der ho meinte det var «perfekt timing» for å kome med ein ny FoI-plan for fylket.

Det er kanskje aldri noko godt eller dårleg tidspunkt for framtidsplanlegging i eit fylke som vårt: Dagleg les vi om problem hos verft og supplyreiarlag. Men samtidig ser vi rekordresultat i oppdrett og anna fiskeri.

Vi les om arbeid med kommunesamanslåingar på lokalt nivå. Men Møre og Romsdal fylkeskommune skal bestå.

Mangfald

Også i høgare utdanning i fylket har vi eit mangfaldig bilde:

Høgskolen i Ålesund blir ein del av NTNU, medan høgskulane i Volda og Molde ønskjer å halde fram som sjølvstendige høgskular.

Dei tre høgskulane er då også ulik fagprofil og orientering.

Eg trur at eit mangfald av løysingar gjev eit meir robust fylke, og håper det også kan bli gjenspegla i ein framtidig plan for forsking og innovasjon.

Men dei statlege høgskulane i Møre og Romsdal har i grunnen kome litt i bakgrunnen i framtidsplanlegginga for fylket. I den gjeldande fylkesplanen står det at eit styrka høgskuletilbod i Møre og Romsdal vil vere viktig for å møte regionale behov for rekruttering, utdanning, forsking og innovasjon. Dette blir ikkje mindre viktig i framtida.

Når Møre og Romsdal fylkeskommune no har oppretta eit høgskulefond så er det eit veldig konkret og godt tiltak for å styrke samarbeid og dialog mellom høgskulane og fylket, og dette er noko høgskulane har merka seg.

Sjølvstende

Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer meiner at vi blir betre regionale aktørar av å halde fram som sjølvstendige høgskular og ha gode samarbeid med andre forskingsmiljø.

Dei tre høgskulane skal denne veka i møte med Kunnskapsdepartementet for å diskutere alliansemodellen – eit unikt innovativt tiltak for samarbeid mellom sjølvstendige høgskular som har ei klar regional forankring. Eg trur at Høgskulen i Volda best kan tene regionen ved å levere høgt utdanna arbeidskraft også i framtida ved at vi held fram som ein lokalt styrt høgskule.

Sagt på ein annan måte: Studentar frå Volda, Molde og Ålesund har lyst til å arbeide i vår region når dei er ferdige med utdanninga si.

Forskingsmiljø

Igjen ser vi at mangfald er viktig. NAV fortel om mange ledige lærarstillingar, noko som er viktig i desse tider då oljebaserte næringar slit.

For Høgskulen i Volda somhar drive med lærarutdanning i nesten 150 år er det viktig å formidle til studentane at dei kan rekne med å finne arbeid i regionen med eksamenspapir frå Høgskulen i Volda.

Med ca 200 forskarar er Høgskulen i Volda blant dei større forskingsmiljøa mellom Bergen og Trondheim. Vi har fleire tilsette med professorkompetanse enn dei fleste statlege høgskular og i fjor leverte forskarane fleire artiklar og bøker enn alle andre høgskular på Vestlandet.

Vi er altså eit levande forskingsmiljø med høg kompetanse, men vi kan nok bli endå betre til å kome i dialog med regionen vår.

Det er likevel tankevekkande at høgskulane ikkje er blant eigarane av den nye FoI-planen. Fylket har valgt Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd, LO, NHO, SIVA, KS, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NAV som partar i dette arbeidet.

Helseføretaket er heller ikkje med blant eigarane. I sum står høgskulane og helseføretaket for FoU i fleire hundre millionars klassen i form av FoU-tid for hundrevis av forskarar ved høgskulane og i helseføretaket.

Samarbeid

Vonleg kan vi finne arbeidsmåtar der vi kan arbeide i lag – også for å nå regionale mål.

Ein slik arena for utvikling av felles strategiar er Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA), der høgskulane i Volda og Molde og NTNU Ålesund no har teke initiativ til ein ny start for samarbeidet.

Det er mykje av dei same aktørane som står bak FoI-planen som også er med i Rådet for samarbeid med arbeidslivet, så vonleg kan det bli ein god arena for regional utvikling.

Det er antakelig rett at det er rett tid å kome med ein ny Forskings- og innovasjonsplan for Møre og Romsdal, og eg håper og trur at dei regionale aktørane kan dra i lag både i arbeidet med planen – men ikkje minst når planen skal settast ut i livet.

Sjå også kronikk i Romsdals Budstikke (08.01.2016) av Hallgeir Gammelsæter, rektor ved Høgskolen i Molde: «Hva blir det til med Høgskolen i Molde?».

 

Isaksen: Høgskulane som kvalitetsideal?

På kontaktkonferansen mellom Kunnskaspsdepartementet og høgskular og universitet har Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen reflektert vidare omkring den komande kvalitetsmeldinga. Han la blant anna fram ei fempunktsliste, som eg oppfattar som viktige kvalitetstrekk ved høgare utdanning. Med vekt på utdanning.

Dei fem punkta Isaksen drøfta trur eg mange høgskulefolk vil nikke gjenkjennande til. Så kanskje dette er litt «velkomen etter»? Er det høgskulanes innarbeidde arbeidsmåtar som no har vorte også statsrådens ideal. I så fall – veldig kjekt!

Isaksen fem punkt:

1) Høgskulane må ha høge ambisjonar på vegne av studentane. Institusjonane må vise at dei forventar mykje av studentane.

2) Aktiviserande og varierte læringsformer. Ta i bruk ny teknologi, gi gode tilbakemeldingar og bruk varierte formidlingsformer.

3) Dyrk fram ein kvalitetskultur, også på undervisning. Det bør vere like fint å drive undervisning som forsking. Og det er bra å ta ein del av utdanninga i utlandet

4) Inkluder studentane meir i det akademiske fellesskapet, også i forskinga.

5) Styrk samspelet med arbeidslivet. Her er i grunnen akademia vorte gode.

Det er litt uklart for meg korleis desse fem nye punkta skal forståast i høve til dei tidlegare listene over kvalitetskriterier.

Men Isaksen varsla også at sektoren no vil bli invitert til å kome med innspel til den komande stortingsmeldinga som skal leggast fram i 2017.

Samarbeidet med Universitetet i Bergen utviklar seg vidare

HVO-rektor Johann Roppen (til venstre) og UiB-rektor Dag Rune Olsen.
HVO-rektor Johann Roppen (til venstre) og UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Dei siste månadene har Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda diskutert fagleg samarbeid, og det siste brevet så langt kom frå Universitet i Bergen 5. januar 2016.

Kort sagt seier rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen seg samd i Høgskulen i Voldas framlegg til aktuelle samarbeidsområde og samarbeidsmåtar og gjer framlegg om at det blir oppretta felles arbeidsgrupper for å utvikle samarbeidet vidare.

Brevbyte mellom institusjonane:

UiB: Fremtidig samarbeid mellom Høgskolen i Volda og Universitetet i Bergen (05.01.2016)

HVO: Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid (03.12.2015)

HVO: Respons på «Intensjonsnotat om eit framtidig og tettare samarbeid mellom HVO og UiB» (15.10.2015)

UiB: Intensjonsnotat om eit framtidig og tettare samarbeid mellom HVO og UiB (29.09.2015).

UiB: Samarbeidsavtale lagt fram for universitetsstyret (15.08.2016)

Medieomtalar av samarbeidet: 

På Høyden: Volda seier ja til fagleg samarbeid med UiB (11. desember 2015)

HiVolda: Positive til invitasjonen frå Bergen (8.desember 2015)

HiVolda: Universitetet i Bergen frir til Høgskulen i Volda (15.oktober 2015)

Så er alliansedokumenta klare – Isaksen neste!

Høgskolen i Lillehammer sende 8. januar 2016 på vegne av dei tre høgskulane Volda, Molde og Lillehammer eit felles alliansedokument til Kunnskapsdepartementet:

Torsdag 14. januar skal dei tre høgskulane ha møte med Kunnskapsdepartementet om alliansen. Men det er uvisst om KD vil kome med si vurdering av alliansedokumentet på møtet – eller om det kjem seinare. Vonleg kjem det i god tid før Høgskulen i Voldas styremøte 28. januar.

Bakgrunnen for at Kunnskapsdepartementet har invitert høgskulane til å kome med eit slikt innspel er at Stortinget (KUF-komiteen) i behandlinga av stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet oppmoda Kunnskapsdepartementet om følgjande:

Komiteen ber regjeringen ikke utelukke muligheten for at institusjonene kan legge opp til å øke kvaliteten gjennom forpliktende samarbeid (4. juni 2015).

Torbjørn Røe Isaksen har på ulike tidspunkt lagt for dagen lita tru på alliansemodellen:

13. juli 2015 (Panorama):

alle konstellasjoner som ikke fører til at institusjonene blir spissere og større er ikke aktuelle.

8. januar 2016 (Dagens Næringsliv):

– Et ekstra administrativt ledd som skal styre en løs allianse eller ha noen felles møter, er ikke et svar på oppgaven vi har gitt. Vi ønsker færre institusjoner, og det betyr at man slår seg sammen

Dei tre høgskulane har hatt styremøte 7. januar og gjort sine eigne vurderingar av alliansen og alternativ.

Voldas vurdering

På møte i Høgskulestyret i Volda 7. januar vart det gjort følgjande vedtak om strukturprosessen:

  1. Styret ved Høgskulen i Volda godkjenner det felles alliansedokumentet frå Høgskolen i Lillehammer, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda som grunnlag for vidare arbeid.
  2. Styret ved Høgskulen i Volda tek til orientering den førebelse vurderinga av mulege alternativ til alliansemodellen slik det er formulert i notatet Vurdering av allianse og alternativ. Styret ber administrasjonen ta med synspunkta som kom fram i styremøtet i det vidare arbeidet.
  3. Styret ber om at saka vert teken opp att på nytt etter møtet med Kunnskapsdepartementet 14. januar 2016.

Høgskuleleiinga hadde fredag 8. januar 2016 møte med dekanane for å legge siste hand på HVOs vurdering av allianse og alternativ ut frå det som kom fram på styremøtet. Resultat av dette er her:

Svar frå HVO til Kunnskapsdepartementet om oppfølging av møtet 23.10.2015 – invitasjon til vidare dialog 14.01

Lillehammer:

Høgskolen i Lillehammer har også framheva samarbeid med Høgskolen i Hedmark som eit interessant alternativ som dei ønskjer å arbeide parallelt med alliansen:

Molde:

Høgskolen i Moldes vurdering av alliansen og alternativ:

Omtalar av alliansen i nettaviser:

Nettavisene PåHøyden (UiB) og Khrono (HIOA) har også omtalt alliansearbeidet:

http://khrono.no/samfunn-struktur/2016/01/alliansesvar-til-isaksen

http://pahoyden.no/2016/01/vil-fore-roe-isaksen-med-allianse-kamel

Innovasjon og internasjonalisering i barnehagelærarutdanninga

Eg hadde 6. januar 2016 gleda av å få vere litt med på opninga av eit splitter nytt studium ved Høgskulen i Volda: BLUFMM – Barnehagelærar, fordjuping i mangfald og meistring.

Nye studentar på det nye studiet: BLUFMM. Foto: Per Straume, Høgskulen i Volda.
Nye studentar på det nye studiet: BLUFMM. Foto: Per Straume, Høgskulen i Volda.

Les omtale av opninga på våre nettsider. 

Mi helsing til dei nye studentane – og lærarane deira:

For meg som rektor ved Høgskulen i Volda er det med stor glede eg har fått i oppdrag å kome med ei helsing i høve opninga av det nye studiet BLUFMM – Barnehagelærar, fordjuping i mangfald og meistring. Dette er eit framtidsretta, innovativt og spennande studium, og heilt i tråd med det som har vore Høgskulen i Voldas sterke tradisjonar, men også framtidsretta, forskingsbasert studium som syner at høgskulen tek på alvor endringar som skjer lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Høgskulen Volda har som overordna mål: «Kompetanse for framtida».
Det betyr at både gjennom forsking og undervisning skal vi legge vekt på kompetanse og kompetansebygging og at dette skal vere framtidsretta. Framtidsretta, kva betyr det? For dykk som studentar skal det bety at utdanninga de no tek skal sette dykk i stand til å møte utfordringane i eit framtidig arbeids- og samfunnsliv.
For oss som høgskule stiller målet om «Kompetanse for framtida» store krav. Ein måte å byggje kompetanse på er å drive eiga forsking – både for å nå fram til nye innsikter for den einskilde forskaren og miljøet ho er ein del av. Men forskinga må også styrke undervisninga. Forskinga må få betydning for andre enn forskarsamfunnet. Og på dette studiet har eg fått vite at innsikt frå mange av våre nyaste doktorgradsprosjekt vil bli formidla til studentane. De bør forvente både resultat frå forskarane sjølve – men like viktig: Kunnskap om kva andre forskarar har funne ut – kvar forskingsfronten ligg.
Frå dei involverte har eg fått vite at over halvparten av studentane på barnehagelærarutdanninga har valgt  denne fordjupinga, og at eit utanlandsopphald er ein viktig del av studiet. I tillegg har nokre av dykkar medstudentar også valgt å reise til utlandet for å ta si fordjuping der. Eg tykkjer dette er svært lovande og syner at barnehagelærarutdanninga tenkjer internasjonalt og verkeleg i praksis oppfyller høgskulens overordna mål: Kompetanse for framtida.
Lukke til med studiet!

Oppdatert 8.1.2016: Alliansen og profesjonshøgskulen for Vestlandet – nye utgreiingar og vurderingar.

Nye dokument har kome på bordet i strukturprosessen på Vestlandet, og dei viktige vegvala nærmar seg.

Oppdatering, 8. januar 2016:
NIFU-rapporten (fusjonsutgreiinga for Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund) har vorte revidert.

Høgskulealliansen (Volda, Molde, Lillehammer):

Høgskulen i Volda har omframt (ekstraordinære) styremøte 7. januar med høgskulealliansen og alternativa som einaste sak på dagsorden. Dei to andre alliansehøgskulane har også styremøte omlag på same tid. Det blir møte med fagforeningane på dei tre høgskulane 6. januar.

Kunnskapsdepartementet har gjeve dei tre høgskulane frist til å sende eit felles alliansedokument til Kunnskapsdepartementet 8. januar. Ei snau veke etter, 14. januar, vil Kunnskapsdepartementet ha møte med dei tre høgskulane for å diskutere alliansen vidare.

Kunnskapsdepartementets invitasjon til møte med alliansehøgskulane 14. januar 2016.

Leiinga ved Høgskulen i Volda tilrår at styret ved Høgskulen i Volda sluttar seg til dei tre høgskulanes felles alliansenotat, altså at alliansearbeidet skal halde fram.

I tillegg har leiinga ved høgskulen gjort ei eiga vurdering av alliansen og alternativa, og denne vert også lagt fram på styremøtet. Kort sagt går den ut på at alliansen framstår som det sikraste alternativet for at Høgskulen i Volda skal nå sine strategiske mål.

Du finn alliansenotatet og HVO-leiinga si vurdering av alliansen og alternative på nettsidene til Høgskulen i Volda:

http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/styre-og-leiing/hogskulestyret/saksdokument

Her er Høgskulen i Voldas strategiplan:
http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/styre-og-leiing/styringsdokument

Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer har også styremøte 7. januar med alliansen på dagsorden, og styresakene er offentleggjort.

Styrepapir Høgskolen i Molde.
Styrepapir Høgskolen i Lillehammer.

Profesjonshøgskulen for Vestlandet (Sogn og Fjordane, Bergen, Stord / Haugesund): 

Forskingsinstituttet NIFU leverte like før jul ei fusjonsutgreiing på oppdrag frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Kunnskapsdepartementet betalte for utgreiinga.

NIFU-rapporten tilrår dei tre høgskulane å halde fram med fusjonsarbeidet:
http://pahoyden.no/2015/12/tilrar-storfusjon-pa-vestlandet

Av oppdraget gjekk det fram at også Høgskulen i Volda skulle takast med i vurderingane av Profesjonshøgskulen for Vestlanet (PHVest), men i denne versjonen er ikkje Volda omtala.

NIFU ser fordelar og ulemper med ein fusjon mellom dei tre høgskulane, og seier blant anna at ein fusjon i seg sjølv ikkje vil styrke dei tre høgskulane på dei fleste av dei 12 kvalitetskriteria frå Kunnskapsdepartementet og Stortinget.

For meg se det ut til at fusjonshøgskulane må konsentrere ressursane for å oppretthalde og byggje ut masterutdanningar og ph.d.-utdanningar – og det kan bety færre masterutdanningar utanfor Bergen. Utgreiinga kan også lesast som at det er naudsynt å flytte ressursar frå forsking og undervisning til administrasjon for å ta ut fusjonspotensialet når det gjeld oppdrag, samspel med regionen og å skaffe internasjonale forskingsmidlar.

Les heile NIFU-utgreiinga på dei tre høgskulanes felles nettstad, fusjonsinfo:
http://fusjonsinfo.no/sentrale-dokument/andre-dokument/

Dei tre fusjonshøgskulane skal ha felles styremøte 2. februar og vil då bestemme seg for om dei skal gå inn i fusjonsforhandlingar eller ikkje.

Debatten går nok på dei tre høgskulane om vegen vidare. På bloggen Krohnargument ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har Gunnar Yttri skrive eit innlegg med ei grundig vurdering av NIFU-utgreiinga. Han etterlyser blant anna manglande vurdering av samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Vegen framover i strukturprosessen?

På julelunsjen til Forskarforbundet drodla eg litt omkring kva som skulle bli vegen framover i strukturprosessen for Høgskulen i Volda. Drodlinga vart til ei teikning – eit flytdiagram (kanskje?) som var eit forsøk på å synleggjere vegvala som Høgskulen i Volda står overfor. Og som dei andre høgskular og universitet som vi har ein relasjon til også driv og tenkjer på samtidig som oss.

Johann Roppen
Voldarektor Johann Roppen: Kva skjer vidare i strukturprosessen? Foto: Per Straume.

Ein ny versjon av teikninga la eg fram for dekanmøtet onsdag 9. desember og på styremøtet torsdag 10. desember la eg så teikninga på bordet for styret undervegs i diskusjonen om strukturdebatten. Teikninga er eit forsøk på å synleggjere det som pr i dag framstår som dei mulege alternativa i strukturprosessen for Høgskulen i Volda.

Her er teikninga: Strukturprosess-skisse-JR-2015-12-09

Som det vart kommentert på styremøtet så vil ein sjeldan fange alle mulege alternativ i ei slik teikning – og prosessen vil til ein viss grad leve sitt eige liv. Det vil overraske meg om røynda blir så rettlinja som i teikninga.

Men det viktigaste er at Høgskulen i Volda uansett må og skal og bør samarbeid med andre institusjonar i strukturprosessen. Men eg er rimeleg sikker på at sjølvstendet vert best teke i vare gjennom ein alliansemodell, så det må vere plan A for Høgskulen i Volda.

Men eg er også sikker på at alliansen blir betre om Høgskulen i Sogn og Fjordane også blir med.

Styret ved Høgskulen gjorde vedtak om å ta til etterretning utgreiinga frå administrasjonen, men la til at leiinga må vere merksam på kvalitetskriteria som er stilt frå Kunnskapsdepartementet. Så alliansearbeidet held fram.

Dei tre alliansehøgskulane vil levere plan A(llianse) til Kunnskapsdepartementet 8. januar – og så får vi svar frå departementet – kanskje alt 13. januar – om korleis Allianseplanen blir vurdert av vår eigar. Etter dette bør det bli klart om og når Høgskulen i Sogn og Fjordane kan og ønskjer å bli med i alliansen.

Har vi så ein plan B, C og D om alliansen ikkje blir «godkjent»?

Nettavisa Khrono skreiv 10. desember ein fyldig artikkel om status blant anna for Høgskulen i Volda i strukturprosessen. Artikkelen er vel verd å lese og handlar litt om alternativa framover:

«Allianse slit med plan C, D og …» (Khrono, 10. desember).

Det er nok heilt rett som det står i Khronos overskrift, at Høgskulen i Volda vil slite om alliansestrevet er til inkjes. Det må presiserast at det ikkje er noko dårleg alternativ med fortsatt sjølvstende – utanfor alliansar og fusjonar. Det er ikkje slik at Høgskulen i Volda MÅ inngå i alliansar eller fusjonar.

Men som eit tankeeksperiment kan det vere nyttig å gå inn i teikninga (flytdiagrammet) og prøver å følgje trådane vidare i retning av fusjon, så opnar det seg ei rekkje alternativ – teoretisk sett. Det er spørsmål vi vil møte – og måtte svare på.

Men dei fleste pilane (på teikninga) peikar i retning av fortsatt sjølvstende for Høgskulen i Volda.

Tida går … 

Kva skjer vidare i strukturprosessen? Tida er svært viktig – også her. Her er nokre viktige datoar:

  • 18. desember 2015: NIFU-utgreiing om profesjonshøgskulen for Vestlandet.
  • 8. januar 2016: Alliansehøgskulane leverer alliansedokument til Kunnskapsdepartementet.
  • 13. januar 2016: Alliansehøgskulane møter Kunnskapsdepartementet.
  • 28. januar 2016: Styremøte ved Høgskulen i Volda.
  • 2. februar 2016:  Felles styremøte for høgskulane i profesjonshøgskulen for Vestlandet (HiSF, HiB, HSH).
  • 10. mars 2016: Ordinært styremøte ved Høgskulen i Volda. Det kan bli omframt styremøte i februar om det trengst.

Det går ikkje så godt fram av teikninga (flytskjemaet), men etter som tida går vil blir det færre alternativ for Høgskulen i Volda – det er ikkje berre vi som tenkjer og grunnar på desse spørsmåla. Ting skjer rundt oss. Kven hadde trudd for litt over eitt år sidan at Høgskolen i Ålesund 1. januar 2016 blir overtatt av NTNU?

Ein nærliggande prosess som vil avgrense alternativa for Høgskulen i Volda er om andre høgskular startar fusjonsforhandlingar. Det vil vere naturleg å starte fusjonsforhandlingar med å slå frå seg andre alternativ. Mitt generelle inntrykk av slike forhandlingar er at bordet fangar. Det kan kjennast verre ut å avbryte forhandlingane enn å godta eit dårleg eller usikkert resultat.  Tida vil vise kva som skjer.

Korleis står dei andre høgskulane rundt oss i desse diskusjonane?

Høgskulen i Molde har styremøte 16. desember og av styrepapira går det fram at vår potensielle alliansepartnar eigentleg ikkje har ein plan B om alliansen av ein eller annan grunn ikkje let seg gjennomføre.

Styrepapir for Høgskulen i Molde (16. desember 2015)

Nettavisa Panorama har ein brei omtale av styremøtet i Molde:
http://panorama.himolde.no/2015/12/17/vil-sta-alene-med-allianse-eller-samarbeidsavtaler/

Styrevedtaket gjeldande allianse i Molde blei slik:

Etter debatten sluttet et enstemmig styre seg til følgende vedtak om alternativ til UH-allianse: «HiM alene, men med økt fokus på samarbeidsavtaler.»

Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde styremøte 17. desember. Rektor Rasmus Stokke skreiv i møteinnkallinga følgjande om alliansen:

«Rektor ser framleis på dette [alliansen] som eit alternativ viss vi vel å ikkje gå vidare i forhandlingar sørover.»

I styrepapira er det også presentert resultat av ei spørjeundersøking blant dei tilsette på Høgskulen i Sogn og Fjordane med vurderingar av kva profesjonshøgskulen kan få å seie for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I undersøkinga vart dei tilsette også spurt om kva dei tenkte om samanslåing med Høgskulen i Volda. Det virkar ikkje som det er stor entusiasme for samanslåing berre med Volda – skepsisen er kanskje særleg stor blant einingsleiarane:

Resultat frå spørjeundersøking blant tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
Eitt av resultata frå spørjeundersøking blant tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

På sjølve styremøtet vil også NIFUs utgreiing av Profesjonshøgskulen for Vestlandet bli presentert.

Styrepapir for Høgskulen i Sogn og Fjordane (17. desember 2015).

Høgskolen i Lillehammer har styremøte 15. desember og får nytt styre i 2016. På møtet vil leiinga legge fram ein munnleg presentasjon av status i strukturprosessen.

Styrepapir for Høgskolen i Lilehammer (15. desember 2015).

Det blir nokre spennande veker i januar-februar. Men vonleg vil styret ved Høgskulen i Volda på møtet 10. mars sjå ein tydeleg veg framover.

Eller som statssekretær Bjørn Haugstad sa på eit møte med alliansehøgskulane i september 2015:

– Vi kan ikkje halde på i det uendelege med strukturprosessen.

Kvalitet – som eit svart hol?

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen heldt innleiing om kvalitet i høgare utdanning på representantskapsmøtet i Universitet- og Høgskulerådet (UHR) på BI 19. november. Isaksen innførte der det astronomiske fenomenet svarte hol som ein ny metafor for kvalitetsarbeid i høgare utdanning. Det handlar om at kvaliteten ved universitet- og høgskular kan vere vanskeleg å analysere utanfrå, men syner seg gjennom sterk påverknad på omgjevnadene. På same måten som svarte hol er uråd å observere direkte, men syner seg gjennom effektar på andre fenomen.

Isaksen kunne nok også lagt til at svarte hol inneheld enorme mengder med energi og har sterk tiltrekningskraft. Men det finst visstnok både store og små, og dei største er resultat av slokna stjerner som i sluttfasen forbrenner enormt med energi og veks voldsomt før dei kollapsar inn i seg sjølv og altså blir eit svart hol. Metaforen er vonleg ikkje heilt parallell til strukturdebatten.

Mindre attraktive sider ved svarte hol vart påpeika av rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen som blant anna meinte at det var ganske få som verkeleg hadde lyst til å ha sin arbeidsplass i eit svart hol.

Ei anna side ved svarte hol er at det foregår intens forsking på svarte hol – og dei store endringane som skjer med fusjonar og alliansar i høgskule- og universitetssektoren hadde definitivt fortent eit forskingsprosjekt. Det ville nok vere etterspurt forsking både innanlands og utanlands – det er jo eit fullskala-eksperiment som no blir gjennomført, og som Isaksen seier: Vi må kanskje vente i 10 år før vi kan seie korleis dette gjekk. Men vonleg kan god forsking på området gje svar på kva og kvifor i prosessen.

Rektor ved Universitetet i Tromsø Anne Husebekk tok også til orde for følgjeforsking i løpet av paneldebatten, og også i kaffepausen fekk eg inntrykk av at forsking på endringar i forskingsinstitusjonar ikkje var så dumt. Isaksen virka ikkje avvisande. Bra!

Isaksens mål med den komande stortingsmeldinga om høgare utdanning er at det ikkje skal vere overraskande for sektoren kva som blir kvalitetskrava. Han ønskjer seg ein god og brei debatt om desse krava. Det er eit godt mål å sikte mot. Meldinga skal kome i 2017.

Men då er altså strukturprosessen fullført.