Ny FoU-strategi for HVO: Kva vil fagmiljøa?

Kva blir Høgskulen i Voldas Forskings- og utviklingsstrategi for dei komande åra? Dette spørsmålet blir avdelingane ved Høgskulen i Volda no inviterte til å kome med sine svar på. Det er jo i kvardagen på avdelingane, i fagmiljøa, at FoU-resultata blir skapte, at dei nye samanhengane blir oppdaga, at dei små og store gjennombrota kjem. For ein sjølv og for andre.

Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset

Den gjeldande FoU-strategien for Høgskulen i Volda står framleis ved lag – fram til vi får på plass ein ny plan. Sjølv om det rett nok står at den gjeldande planen skulle gjelde fram til 2015. Etter mi meining er det ingen dårleg plan, men det kan vere vanskeleg for fagmiljøa eller den einskilde forskar å sjå kva planen har å seie i kvardagen. Så difor startar vi arbeidet med ny FoU-strategi i avdelingane og fagmiljøa. Dei komande vekene startar arbeidet med møte med leiinga og avdelingane.

Treng vi ein FoU-strategi?

Strukturdebatten dei siste åra gjev nok mange ei kjensle av at det er vanskeleg å tenkje framover når vi eigentleg ikkje veit om Høgskulen i Volda skal halde fram aleine eller i ein eller annan konstellasjon. Men uansett kva endringar som skjer i strukturprosessen så er det viktig at fagmiljøa finn ut kva mål dei ønskjer å nå – og tenkjer over korleis ein i fellesskap skal nå desse måla.

Eit anna syn – som eg ikkje vil avvise – er at det kanskje ikkje trengs nokon detaljert strategiplan. Det kunne vere betre å gå i motsett retning av tidas trendar og seie at ved Høgskulen i Volda skal framleis den einskilde forskaren stå mest muleg fritt til å drive fagleg utvikling og så kan høgskulen stille opp med litt interne midlar for å støtte opp under gode idear. Dette vert gjerne oppfatta som det klassiske universitetsidealet – særleg innanfor humaniora – og ved Høgskulen i Volda er det mange som framleis hovudsakleg arbeider med individuelle prosjekt, i den grad fagmiljøa har økonomisk rom til det. Det varierer, også internt på HVO. Ei utfordring ved dette er om forskinga kan bli «for fri»? Om forskingsprosjekta blir så lausreipa at dei ikkje støttar opp under utdanningane ved høgskulen. Her ligg ansvaret både hos den einskilde og hos avdelingane.

Andre høgskular har ei heilt anna tilnærming med meir detaljert fagleg og/eller økonomisk styring av FoU-tida til forskarane. Somme høgskular gjev lite FoU-tid til forskarane. Forskarane må sjølve eller i samarbeid med andre skaffe ekstern finansiering for å få tid til å forske.

Eit anna verkemiddel både for å styre og utvikle forsking er forskingsgrupper. Det rår mange meiningar om kva forskingsgruppe eller forskagrupper eigentleg tyder, men i alle fall må det vere forskarar som arbeider i lag om forsking. Kunnskapsdepartementet har varsla at det skal kome ei melding til Stortinget om humanistisk forsking, og i ei kartlegging av humanistisk forsking har det blant anna vorte sagt at Kunnskapsdepartementet ønskjer å finne humanistiske forskingsgrupper som kan markere seg internasjonalt. Dette har vekt kritikk då det kan tolkast som at humanioras eigenart med individuelle prosjekt blir nedvurdert. Sjå til dømes artikkel i Universitetsavisa.no 9.11.2015.

Mitt syn på dette er at vi også i framtida må ha rom for individuelle prosjekt. Både på grunn av den humanistiske tradisjonen, men også fordi Høgskulen i Volda som ein fagleg sett breidt orientert profesjonshøgskule har mange fagområde representert, og at einskildforskarar bør knyte seg til eksterne fagmiljø.

Eg er også skeptisk til ei utvikling der all forsking vert vurdert ut frå naturvitskaplege ideal. Statsbudsjettet for 2016 har introdusert kvadratrotteiknet i vekting av tellekantresultat – passande nok for å oppgradere naturvitskaplege arbeidsmåtar der det er vanleg med mange samforfattarar. Dette skal etter planen gjelde frå 2017.

Det har også sine negative sider at forskingsresultat må publiserast på engelsk for å bli rekna med. Det er slett ikkje sikkert at ein slik språkleg monokultur er ein fordel for langsiktig kompetansebygging – eller for norsk språk og kultur. Dette spørsmål har ein også vorte klar over i engelskspråklege land: «Does the rise of English mean losing knowledge?»

Høgskulen i Volda har i mange år premiert formidling, altså faglege resultat som ikkje blir publisert gjennom vitskaplege kanalar. Til dømes har vi intern premiering av lærebøker – som fell utanfor definisjonen av vitskaplege arbeid. Dette er ei ordning som både Forskingsutvalet og styret ved Høgskulen i Volda har gjeve sterk støtte til.

Kunnskapsdepartementet ønskjer forskingsinstitusjonar som er profilerte, og gjennom vårt faglege fokus på samfunnsvitskap og humaniora er Høgskulen i Volda blant landets mest profilerte og fagleg spissa høgskular.

Kanskje kunne vi bli endå meir spissa og profilerte ved å premiere individuell forsking, publisering på norsk og formidling via ikkje-vitskaplege kanalar.

Når dette er sagt så har vi likevel mykje å hente på å utvikle fleire forskingsgrupper. Ofte er det nødvendig å arbeide i lag for å kunne nå felles mål, og løyse våre oppgåver. Vi arbeider jo tverrfagleg og i grupper i utvikling og gjennomføring av undervisning. Det burde vere muleg å få til det same når det gjeld forsking.

Kva kan vi bli betre på?

I strukturprosessen har vi sjølve vore flinke til å framheve kva Høgskulen i Volda er gode på, og innanfor FoU er vi blant dei betre statlege høgskulane. Vi har blant anna høg publiseringsgrad og høg kompetanse i staben der vi i 2015 for første gong kan notere at vi har over 50 prosent førstekompetente i staben. Dei siste åra har HVO fått laga FoU-meldingar med detaljert presentasjon av fakta om FoU ved HVO. Meldinga for 2015 blir lagt fram for Forskingsutvalet og styret ved HVO i slutten av månaden.

Kunnskapsdepartementet er vår eigar og følgjer nøye med på kva som skjer hos oss, og dei kjenner naturlegvis til desse tala. Leiing og styre ved Høgskulen i Volda må også leggje fram planar for kva som kan bli betre. I FoU-samanheng er det kanskje to område der vi har vorte særleg utfordra:

  • Få kvinnelege professorar.
  • For lite FoU-søknader og -prosjekt.

I rektoratet har vi også ønskt å styrkje kontakten med regionen ved å støtte og utvikle etablerte regionale samarbeid og å delta på arenaer som er viktige for oss. Vi ønskjer blant anna å vere ein positiv medspelar i Møre og Romsdal fylkeskommunes arbeid med ein ny FoI-strategi.

Vi bør vurdere å utvikle støtteordningar for førstelektorar og dosentar. Vi har pr i dag mange ordningar som peikar i retning av kompetansebygging gjennom forsking, men få eller ingen ordningar som finansierer førstelktorløp eller dosentløp.

Invitasjon til avdelingane (diskusjonsgrunnlag), sendt til avdelingane 15. januar 2016:

Nokre drøftingspunkt til møte om revidering av FoU-strategien til HVO, våren 2016

Notatet er tenkt som utgangspunkt for drøfting, i og med avdelingane, i samband med FoU-strategimøte med fagmiljøa i veke 3.

Frå Strategiplan for Høgskulen i Volda, vedteken av høgskulestyret 29.10.2014:

PROFIL
HVO er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal, og dei nasjonale satsingsområda våre er:

  • Yrkesretta medieutdanning
  • Nynorsk i utdanning, forsking og formidling
  • Fleksible vidareutdanningstilbod

FORSKING OG UTVIKLINGSARBEID

  • HVO skal stimulere til tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid
  • HVO skal auke internasjonaliseringa av FoU-arbeidet
  • HVO skal gje studentar innsikt i og erfaring med FoU-arbeid ved å involvere dei i aktuelle prosjekt
  • HVO skal organisere forskingsgrupper som støtte for forskarane

Frå strategiplan for Forsking og utvikling (FoU) 2012-2015:

Visjon for HVO: Kunnskap for framtida
«Høgskulen i Volda skal bygge FoU-aktiviteten på ei brei humanistisk og samfunnsfagleg felles plattform. Den regionale og nasjonale forskingsprofilen vår skal utviklast vidare på dette grunnlaget.»

Overordna mål
«Forsking og utviklingsarbeid ved høgskulen har som overordna mål å bidra til kunnskapsutvikling innanfor alle høgskulens utdanningsområde.»

Overordna spørsmål til drøfting om FoU-strategien til HVO (januar 2016):

  1. Kva må gjerast med FoU-strategien for at det skal bli lettare for avdelinga å nå sine mål?
  2. Korleis halde oppe og utvikle høg kompetanse på fag og område som er sentrale for HVO?
  3. Korleis fungerer organiseringa av forskingsgrupper som støtte for forskarane ved HVO?
  4. Korleis styrkje det forskingsbaserte kunnskapsgrunnlaget og den forskingsbaserte undervisinga på bachelor- og særlig masterutdanningane?
  5. Korleis få meir eksternt finansiert forsking?
  6. Korleis auke graden av internasjonalt engasjement?
  7. Andre spørsmål?

Dei overordna spørsmåla kan med fordel sjåast i samband med fylgjande sentrale verkemiddel for FoU ved HVO:

  • FoU-ressurs/tid
  • FoU-stipend («vikarstipend»)
  • 5-årig doktorgradsordning
  • Doktorgradsutdanning/forskarskular/stipendiatstillinger
  • Stipendiatprogram og avhandlingsforum
  • Førstelektorkurs
  • Professorstipend
  • Små driftsmidlar
  • Satsingsmidlar (Interne forskingsprogram og såkornmidlar)
  • Strategiske midlar (rektor/direktør)
  • Eksterne midlar
  • FoU-administrasjon: Kvalitetssikring og etisk vurdering av HVOs forsking, publiseringsutval (trykkjestøtte, midlar til Fri tilgang (open access))

 

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.