Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr fyller 70 år

 

Omtale i Sunnmørsposten 29. juli.

70-års helsing i Sunnmørsposten 29. juli 2017.

Jacob Kjøde jr er fødd og oppvaksen i Bergen. Som ein forstår av namnet har han slektsrøter blant anna frå Nordfjord.

Som mange andre bergensgutar gjorde Jacob si teneste i buekorps, som trommeslagar. I ungdommen var han ein aktiv idrettsmann og var på skulelaget både i fotball og handball, og han var også flink til å gå på ski. Han studerte til hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen og vart i studietida gift med Anne-Sofie Egset frå Volda. I 1976 flytta familien på fire til Volda der dei har budd sidan.

Kjøde har det meste av sitt yrkesliv vore tilsett ved Høgskulen i Volda og var i starten tilsett som lærar på det som i dag heiter avdeling for samfunnsfag og historie. Han var ute frå høgskulen i åra 1994 til 2001 då han var tilsett først som direktør for Volda sjukehus og seinare for sjukehusa både i Ålesund og Volda. Etter at han slutta som direktør i helseføretaket vart han utpeika som styreleiar for Helse Sunnmøre.

I 2001 vart Kjøde tilsett som direktør for høgskulen i Volda. I hans tid som høgskuledirektør har Høgskulen i Volda auka talet både på studentar og tilsette med 50 prosent og har vore ein veldriven institusjon som er blant dei mest effektive høgskular i landet. Det er ikkje tvil om at Kjøde har ein stor del av æra for dette.

Jubilanten sluttar som direktør ved Høgskulen i Volda ved fylte 70 år, men skal vere konsulent for den nye direktøren i ein overgangsperiode og vil då særleg bidra i planlegginga av eit nybygg på høgskuleområdet der blant anna mediefaga skal få plass.

Jacob er glad i å sykle og gå på fjellet både sommar og vinter. Han er også glad i musikk og har vore ei drivkraft i Sunnmøre kammermusikkfestival, blant anna som styreleiar.

Blant vener og kolleger går det gjetord om hans interesse for god mat og vin, og dei som har vore i gjestebod i heimen til Jacob og Anne-Sofie gløymer det aldri. Passande nok for ein høgskuledirektør har heimen til Jacob og Anne-Sofie sidan 1979 vore huset der Volda kommune i 1861 starta lærarutdanning.

70-års dagen blir markert med familie og venner i Bergen.

Av Johann Roppen.

Helsing til Jacob Kjøde jr på samling for leiarar ved Høgskulen i Volda, 22. juni 2017.

Kjære direktør!

Her kjem ei helsing til deg frå høgskulestyret. På vegne av noverande og alle tidlegare høgskulestyre som du har samarbeidd med vil vi takke deg for innsatsen gjennom 16 år. Eg trur vi kan seie det slik at det har ikkje akkurat vore 16 keisame år. Eller 16 år prega av stagnasjon.

Kva har skjedd på desse åra?

  • I 2001 hadde Høgskulen i Volda 2.500 studentar. I 2016 var talet nesten 3.900. Ein auke på over 50 prosent.
  • I 2001 utførte Høgskulen i Voldas tilsette 211 årsverk. I 2016 utførte vi 320 årsverk. Ein auke på over 50 prosent.
  • Publikasjonspoeng? Dobling.
  • Bachelorgrader: I 2001 uteksaminerte vi ca 280. I 2016 signerte eg 457 bachelor-vitnemål. Ein auke på godt over 50 prosent.
  • I 2003 uteksaminerte vi ein – 1 – masterkandidat. I 2016 uteksaminerte vi 50.
  • Førstestillingar: I 2001 ca 34 prosent. I 2016 over 52 prosent. Ein auke på over 50 prosent.

Det er bra sikkert at utan ein stødig direktør hadde ikkje høgskulen fått denne sterke og gode utviklinga. Og det er over heile fjøla.

Frå venstre: Jacob Kjøde jr, Anne Sofie Egset og Jens Standal Groven.

Det er veldig fristande å gjere FoU-rektor ved NTNU, Kari Melby, sine ord til mine: Ho seier at det tek tid å bygge opp FoU-miljø og at miljø som har kome inn under ordninga for Senter for framifrå forsking (SFU) må få lov til å halde fram med det. Ja nettopp. Eg er så samd.

Og eg håper den langvarige og positive utviklinga som Høgskulen i Volda har hatt dei 16 åra du har vore direktør kan halde fram også i åra som kjem.

***

Vi som har arbeidd i lag med Jackie veit at han har nokre faste uttrykk som han dreg fram når det passar i situasjonen, og det gjer det ofte.

Ein av dei Jackie siterer er Johan P. Olsen, professor ved institutt for administrasjons og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen, og ein av Jackies lærarar. Og eitt av sitata Jackie likar å hente fram er:

Det er hybridene som fungerer.

I ein analyse av universitet og høgskular har også Hallgeir Gammelsæter i Molde konludert med: «Styringssystemet i høgre utdanning med delt leiing mellom fagleg rektorat og direktør burde ikkje fungere. Men det gjer det».

Og med styrevedtaket om fortstatt valgt rektor veit vi at denne ordninga skal halde fram også i åra som kjem. Eg trur også at prosessen med tilsetting av ny direktør har vore eit viktig lærestykke og realitetsorientering for styret og der styrken ved delt leiing har kome fram.

Med skiftande rektorat har ein direktør som både representerer kontinuitet og respekt nettopp for den blanda, delte, leiinga vore ein ubetinga styrke for organisasjonen.

Vi bør antakelig bli flinkare til å fortelje om dette. Og eg vil her sitere frå ein erfaringsbasert master:

«Det er viktig at de hybride organisasjonene er åpen på at de er komplekse og sammensatte organisasjoner og at man ikke forsøker å skjule dette. (…) hybride organisasjonen er velegnet for å håndtere store, komplekse og sammensatte problemstillinger på en helhetlig og samfunnsgagnlig måte. Dette er med andre ord ikke organisasjoner som er skapt for små hverdagslige utfordringer, men som er dimensjonert for større løft.»

No var rett nok dette ein master som handla om Norges råfisklag, men pytt pytt!

Ein autoritet som Ivar Bleiklie slår berre fast: Universitet er hybride organisasjonar.

Det er tre store F-ar i organisasjonsteori. Organisasjonar kan klassifiserast etter sitt formål:

  • Forretning.
  • Forvaltning.
  • Forening.

Og her får vi faktisk litt hjelp av vegkartet: I Bergen, nærare bestemt på Paradis. Der finn vi Jacob Kjødes veg. Det er ikkje VÅR Jacob Kjøde som har fått ein veg oppkalla etter seg, men ein skipsredar-slektning av han. Og skipsredarar er det næraste vi kjem adel i Noreg – og defintivit Forretning. Jacob Kjødes veg heng i hop med Statsministere Michelsens veg. Altså har vi forvaltning. Og den heng også i hop med Nordahl Griegs veg. Altså kunsten, det frivillige. Forening.

Jacob Kjødes veg, Paradis, Bergen. Foto: Google Streetview.

Så på same måte som desse tre vegane bind saman representantar for ulike samfunnsområde, så har også Jacob Kjøde i sitt daglege arbeid bunde saman Forretning, forvaltning og forening og både haldt i gang og vidareutvikle Hybridhøgskulen i Volda.

Men då er det kanskje ikkje så rart at Jacob sjølv er litt av ein hybrid! Og eg skal legge fram uhøgtidlege trekk:

  • Hybrid nr 1: Han vokste opp i Hansastaden Bergens finaste strøk – men har slått veldig godt rot i bygdehovudstaden Volda. Kanskje bur han også på Voldas finaste tomt – og definitivt det mest tradisjonsrike huset.
  • Hybrid 2: Han snakkar fin bergensdialekt. Men har retta på nynorsken til opptil fleire av oss. Så det er kanskje ei falsk motsetning her som handlar meir om våre fordommar. Og eit godt døme på at nynorsk kan vere eit glimrande riksmål!
  • Hybrid nr 3: Er det noko Kunnskapsdepartementet har vore nøgd med i alle desse åra så er det økonomistyringa ved Høgskulen, og det har Jackie ein stor del av æra for.

Men kva er det Jackie sjølv er kanskje aller mest kjend for blant den menige HVO-ar, og som vart gjentatt av Gunnar Stave i helsinga på styremøtet 1.juni? Jau, det er jo vin! Somme av oss hugsar vel framleis ein julefilm frå tredje etasje der det var nokre gjennomgangstema: Og kvar gong direktøren var inne i bildet så var det kritisk vinsmaking som utgjorde ein vesentleg del av kvardagen. Og god vin kan vere eit luksusprodukt. Men han framstår vel for dei fleste som nøktern.

No skal det leggast til at Jackie også er glad i kunst. – og han har personleg valt ut kva bilde som skal tildelast nyslåtte doktorandar. Det er difor berre rett og rimeleg at også du får eit Opdahl-bilde når du no takkar av som direktør.

Av Johann Roppen


Høgskulestyret hadde også ei eiga markering av at Kjøde sluttar på styremøtet 1. juni 2017.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar