Biblioteksamarbeidet innanfor UH Nett Vest har vore godt – og vart lenge. 28. september kom representantar frå HVL (Sogndal, Bergen og Haugesund), UiB og Universitetet i Agder til Volda omvising på høgskulebiblioteket – og utfordringane er nokså like alle stader kan det sjå ut til. I tillegg deltok representant frå UiS på skype i møtedelen.
FoU-prisen for 2017 vart 22. september 2017 tildelt professor Tor Arne Haugen ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.
Tor Arne Haugens takketale og rektors tale til prisvinnaren.
Takketale:
Takk for FoU-prisen 2017
Tusen takk, det er veldig gjevt å få denne prisen. Eg har elles aldri hatt så mange forvirrande samtaler som etter at dette blei offentleggjort i vår. Dette var nemleg omtrent samtidig med at det blei kjent at mi kjære kone er gravid, og det var ei periode der eg fekk svært mange gratulasjonar i gangane på Berte Kanutte. Av dei samtalene eg etter kvart forsto kva handla om, trur eg omtrent 50 % handla om graviditeten, mens 50 % handla om FoU-prisen. Men i mange tilfelle var eg framleis usikker etter at samtalen var slutt. Og det er klart at det slit på ein introvert å vera i så mange samtalar på kort tid som du ikkje heilt veit kva dreiar seg om, men det hjelper sjølvsagt når ein i alle fall veit at det er noko veldig hyggeleg. Ja, dette var jo eigentleg tidenes luksusproblem. Det er ei ære å få stå her i dag.
I eit samfunn der fleire og fleire tvilar på fakta og kunnskap er det viktigare enn nokon gong at forskarsamfunnet strekkjer seg ut til resten av samfunnet for å ope og ærleg fortelje om korleis forsking foregår – og å gå i dialog med både brukarar og kritikarar av forsking.
Forskingsdagane er ein nasjonal og årleg forskingsfestival som kvart år blir arrangert i slutten av september. I løpet av eit par veker vert det arrangert ca 1.000 arrangement landet rundt, og ved Høgskulen i Volda er vi stolte over at vi i 2017 med heile 27 arrangement har fleire forskarar enn nokon gong før i sving for å drive forskingsformidling, eller som det heiter i den overordna målsettinga for forskingsdagane: Å skape begeistring og forståing for forsking. Fortsett å lese Forsking i postfakta-samfunnet
Kunnskapsdepartementet har invitert oss til å kome med innspel til Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.
Eg valde å fokusere på eitt tema som eg meiner manglar i langtidsplanen, og det er forskingsformidling. I ei tid då kunnskap, fakta og nyhende ofte får «fake» framfor seg og der somme snakkar om at vi har kome over i «post-fakta» samfunnet, er det viktigare enn nokon gong at forsking og fagleg arbeid gjer seg synleg i samfunnet.
Kanskje er eit for sterkt fokus på og prioritering av internasjonal toppforsking med på å skape unødvendig avstand mellom forskarar og folk flest – inkludert profesjonsutøvarar?
Høgskulen i Voldas bidrag til dette er intern prioritering og premiering av formidling – blant anna gjennom sterk satsing på Forskingsdagane og gjennom intern premiering av formidling gjennom vårt eige interne tellekantsystem.
Ved Høgskulen i Volda vil fagmiljøet til ein forskar som får publisert ei lærebok kunne bli løna med ca kr 50.000 gjennom vår interne ordning. I dei nasjonale forskingsorienterte tellekantane får ei lærebok ikkje økonomisk premiering.
Mangfaldige Møre og Romsdal med sine mange studiestader har nærare 10.000 studentar på sine fire studiestader. I førre veke ønska Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU Ålesund nye studentar velkomne, og gjorde det på tradisjonelt vis med opningshøgtider – som var veldig ulike. Eg var så heldig å få vere med på alle tre og har naturlegvis gjort mine tankar om korleis dei tre studiebyane har valt å presentere seg for nye studentar og for samfunnet elles.
Jacob Kjøde jr er fødd og oppvaksen i Bergen. Som ein forstår av namnet har han slektsrøter blant anna frå Nordfjord.
Som mange andre bergensgutar gjorde Jacob si teneste i buekorps, som trommeslagar. I ungdommen var han ein aktiv idrettsmann og var på skulelaget både i fotball og handball, og han var også flink til å gå på ski. Han studerte til hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen og vart i studietida gift med Anne-Sofie Egset frå Volda. I 1976 flytta familien på fire til Volda der dei har budd sidan.
I 2017 har høgskulen hatt 15. mai som frist for å publisere pensumlister for hausten 2017. Inntil i fjor var fristen 1. juli. Den nye og tidlegare fristen har litt enkelt sagt både studentar, biblioteket, bokhandlarar og studieadministrasjon ønskja seg – men somme i fagmiljøa har nok lurt på kor viktig eller nødvendig det har vore med ein tidlegare frist.
Eg trur vi får betre samla kvalitet på undervisninga vår om vi gjer ferdig pensumlistene tidlegare enn før. Det handlar om studentar som ønskjer å orientere seg i eller å lese pensum i sommarferien, både studentar og bokhandlarane ønskjer å selje og kjøpe bøker og å unngå bomkjøp på grunn av seine endringar i pensum. Det handlar om at biblioteket også skal ha på plass pensum i hyllene og dei vil også kunne gjere ein betre jobb i kvalitetssikring av pensum om dei kan gjere det i juni. I juli er det vanskeleg å få til. Det handlar også om fleksibilitet i høve til lang bestillingstid og å ha rom for endringar utanfor vår kontroll – slik som at bøker ikkje lenger er råd å få tak i eller at det vert vedtekne nye lover eller retningsliner som nødvendigvis må føre til pensumendringar. Slike ting bør vi ha betre tid til å rette opp når pensumlistene er på plass så tidleg som 15. mai.
Direktøren er sekretær for Høgskulestyret, og det betyr både å førebu styresakene og syte for at vedtaka vert sette ut i livet. I åra 2001-2017 har Høgskulen i Volda hatt over 100 styremøte og handsama over 1.000 saker. Kjøde har hatt med alle å gjere.
Kjødes siste styremøte vart halde 1. juni 2017 og i lunsjpausen heldt styret ei lita markering for Kjøde i form av ei helsing frå tidlegare rektor Gunnar Stave som representant for dei fire rektorane Kjøde har samarbeidd med.
Det var difor passande at Jacob Kjøde også fekk ei musikalsk gåve der Louise Engeseth og Marie Austrheim Riise framførte to klassiske Grieg-songar: «Våren» og «Solveigs sang».
16 år er lang tid i ein yrkeskarriere. I det daglege kan vi synest det går i same tralten og det er lite forandring. 16-årsperspektivet viser noko anna.
Fleire tilsette ved Avdeling for mediefag har i ein artikkel teke opp ei rekkje spørsmål om Høgskulen i Volda i høve til strategiprosessen – og mange andre spørsmål. Det viktigaste er vel at dei aktuelle fagtilsette konkluderer med at Høgskulen i Volda bør søkje fusjon med NTNU. Dette er etter mi meining ikkje spesielt godt gjennomtenkt, utspelet er ikkje drøfta på dei aktuelle avdelingane og kan oppfattast som eit heilt unødvendig initiativ til omkamp.
Høgskulen i Volda har hatt ein brei og open diskusjon omkring framtidig samarbeid i fleire år. Det var også tema i strategiarbeidet som engasjerte fleire enn 100 tilsette på høgskulen i fjor haust. Vi hadde ei rekkje møte i strategiarbeidet. Kvifor vart ikkje ideen om fusjon med NTNU fremja då? Det kan seiast veldig mykje bra om NTNU, og vi har og har hatt ei rekkje samarbeid med NTNU og andre høgskular og universitet i inn- og utland. Men det er ikkje ein god ide at NTNU skal overta Høgskulen i Volda.