Pensumlister og fristar

Status på emne og pensumlister, pinsehelga 2017

I 2017 har høgskulen hatt 15. mai som frist for å publisere pensumlister for hausten 2017. Inntil i fjor var fristen 1. juli. Den nye og tidlegare fristen har litt enkelt sagt både studentar, biblioteket, bokhandlarar og studieadministrasjon ønskja seg – men somme i fagmiljøa har nok lurt på kor viktig eller nødvendig det har vore med ein tidlegare frist.

Sjå studieadministrativ kalender for dei viktigaste fristane i løpet av studieåret (Innsida, krev innlogging).

Eg trur vi får betre samla kvalitet på undervisninga vår om vi gjer ferdig pensumlistene tidlegare enn før. Det handlar om studentar som ønskjer å orientere seg i eller å lese pensum i sommarferien, både studentar og bokhandlarane ønskjer å selje og kjøpe bøker og å unngå bomkjøp på grunn av seine endringar i pensum. Det handlar om at biblioteket også skal ha på plass pensum i hyllene og dei vil også kunne gjere ein betre jobb i kvalitetssikring av pensum om dei kan gjere det i juni. I juli er det vanskeleg å få til. Det handlar også om fleksibilitet i høve til lang bestillingstid og å ha rom for endringar utanfor vår kontroll – slik som at bøker ikkje lenger er råd å få tak i eller at det vert vedtekne nye lover eller retningsliner som nødvendigvis må føre til pensumendringar. Slike ting bør vi ha betre tid til å rette opp når pensumlistene er på plass så tidleg som 15. mai.

Så er det naturlegvis rett at det blir seks veker kortare tid til å diskutere pensum, at juni er ei tid på året då det kan passe godt å vurdere blant anna pensum – og at ein kan gå glipp av ny litteratur som vert utgjevne i tida 15.5.-1.7.

Men eg har også høyrt fagtilsette som seier at den viktigaste tida for evaluering av undervisning og pensum burde vere like etter at undervisninga er ferdig og erfaringane er ferske. Så kanskje er januar-februar ei betre tid til å vurdere pensum for komande haust enn mai-juni?

No er det eit heilt år fram til 1.5.2018 så eg håper det med god planlegging at det går greitt å forholde seg til den nye fristen neste år.

Den nye fristen for pensumlister vart annonsert seinhausten 2016, altså for eit halvt år sidan. På denne nettsida ser du oversyn over emne vi tilbyr hausten 2017 og om dei har fått på plass pensumlister:

Emne og pensumlister hausten 2017.

Pensumlistene vert lagt ut fortløpande etterkvart som dei kjem inn til studieadministrasjonen. Etter ein gjennomgang i pinsehelga ser det ut til at ca 3/4 av ca 250 pensumlister er på plass. Det store fleirtalet har klart å halde den nye fristen, men det er for mange etternølarar. Eg reknar med at avdelingane tek tak i emna det gjeld for å finne ut kva forsinkingane handlar om.

Ser ein på avdelingane og kva pensumlister som manglar så ser tala slik ut:

AMF: Ca 10
AKF: Ca 10
AHL: Ca 30
ASH: 5

Det er altså ikkje særleg tvil om at særleg ASH har gjort ein framifrå jobb med å halde fristen. Det fortener dei ros for! Og så får dei andre avdelingane gjere sine vurderingar.

Fristen for pensumlister for våren 2018 vert 1. november 2017 – ein månad tidlegare enn før. Det er same dag som det vert opna for opptak.

PS:

Rundt neste sving kjem det til å skje store ting med måten vi arbeider med pensumlister på. I løpet av eit år eller to vil vi få pensumlistesystem som har ambisjonar om å knyte saman biblioteksressursar, læringsplattform og kvalifikasjonsrammeverket – med koplingar til bokhandlarane og kompendieplattformene. Om desse kjempehøge ambisjonane verkeleg vil slå til blir spennande å sjå.

Men uansett er det viktigaste arbeidet vurderingane som skjer i fagmiljøa, og vi må håpe og tru at dei nye systema vil gjere det lettare å vere fagperson.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit,
rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *