FoU-prisvinnar 2017: Tor Arne Haugen. Les takketalen.

Professor Tor Arne Haugen (til høgre) vart tildelt Høgskulen i Voldas FoU-pris for 2017 frå rektor Johann Roppen. Foto: Tone Solhaug

FoU-prisen for 2017 vart 22. september 2017 tildelt professor Tor Arne Haugen ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Tor Arne Haugens takketale og rektors tale til prisvinnaren.

Takketale:

Takk for FoU-prisen 2017

Tusen takk, det er veldig gjevt å få denne prisen. Eg har elles aldri hatt så mange forvirrande samtaler som etter at dette blei offentleggjort i vår. Dette var nemleg omtrent samtidig med at det blei kjent at mi kjære kone er gravid, og det var ei periode der eg fekk svært mange gratulasjonar i gangane på Berte Kanutte. Av dei samtalene eg etter kvart forsto kva handla om, trur eg omtrent 50 % handla om graviditeten, mens 50 % handla om FoU-prisen. Men i mange tilfelle var eg framleis usikker etter at samtalen var slutt. Og det er klart at det slit på ein introvert å vera i så mange samtalar på kort tid som du ikkje heilt veit kva dreiar seg om, men det hjelper sjølvsagt når ein i alle fall veit at det er noko veldig hyggeleg. Ja, dette var jo eigentleg tidenes luksusproblem. Det er ei ære å få stå her i dag.

Eg har ikkje noka veldig lang karriere å sjå tilbake på, men forsking har vore ein ganske stor del av livet mitt sidan eg byrja på doktorgraden, og denne prisen gjev definitivt inspirasjon til å gyve laus på nye prosjekt. Forsking, og kanskje særleg humanistisk forsking, har jo den eigenskapen at vi gjerne sit igjen med fleire spørsmål enn vi hadde då vi begynte. Ny, kvalitetssikra kunnskap skapar alltid nye perspektiv. Vegen er dermed på mange måtar målet, og målet kjem vi aldri til å nå. Vi kjem aldri til å vite alt, men vi kan heilt klart bli klokare på vegen. Om ikkje anna blir vi alle fall meir og meir klar over kor lite vi veit, noko som kan gjera oss litt meir audmjuke. Audmjukheit er heilt klart ikkje den mest framståande verdien i samfunnet vårt i dag, og forsking kan og bør bidra til kunnskap og perspektiv som kan gjera oss meir audmjuke. Det er i alle fall med audmjukheit at eg tek imot denne prisen.

Og så må eg få seia litt om språk og grammatikk. Språkvitskapen og grammatikken, som eg har brukt ein del tid på å forstå, er kanskje ikkje den disiplinen som er mest plaga med fake news. For mange er nok ikkje sterke verb og konjunktiv dei mest sexy emna som finst. Etter mitt syn er grammatikken likevel ein disiplin med eit ufortjent dårleg rykte. Ja, eg vil seia at det er mange som har ei fake oppfatning av grammatikk. Det er nemleg ikkje bøyingsmønster og setningslære som er grammatikens vesen. Grammatikken er vår teori om verda rundt oss. Saman med ordforrådet vårt viser han oss korleis vi deler inn verda rundt oss i meir eller mindre presise kategoriar, i kategoriar som kan vera ulike frå språk til språk, og til og med frå person til person. Dessverre kan grammatikken også brukast til å konstruere falske nyheiter. Men viss vi forstår betre korleis språklege bodskap blir skapt, kan vi forhåpentleg også bli betre til å avsløre dei budskapa som er falske og som er konstruerte for å overtyde oss om noko som er usant. Kanskje er ikkje koplinga mellom fake news og grammatikk så søkt likevel.

I valkampen var det ein del diskusjon om retorikk, og ikkje minst om retorikken til ein statsråd frå Møre og Romsdal. Men det er sjølvsagt ikkje berre Sylvi Listhaug som prøver å overtyde oss om at hennes bilde av verkelegheita er det rette. Dette gjeld sjølvsagt alle politikarar. Skal du vinne eit val, så må du skape eit bilde av verkelegheita som veljarane trur på, og som dei ønskjer for framtida. Og det er mange disiplinar som kan seia noko om desse verkelegheitsbilda. Men det er kanskje grammatikken som mest presis kan beskrive og gje oss innsikt i korleis bilda av verkelegheita blir konstruert. Grammatikk handlar om forholdet mellom språket og verda.

Eg skal ikkje nødvendigvis halde ei flammande forsvarstale for den einsame forskaren på cellekontoret høgt oppe i elfenbeinstårnet sitt, men det er mange akademiske verdiar det er verdt å ta vare på. Humanistisk forsking har tradisjonelt vore kjenneteikna av stor friheit for den enkelte forskaren. Friheit til ut frå eiga innsikt å gå vidare med dei spørsmåla ein meiner er interessante og viktige. Det har vore ein situasjon der ein har hatt tillit til at forskarane sjølve er dei som best veit kva ein bør forske på for å auke kunnskapsgrunnlaget vårt på ulike område. I dag opplever vi at denne tilliten er under press. I aukande grad skal det forskast på det nokon andre har bestemt er strategisk viktige område, i alle fall om ein vil ha pengar til arbeidet. Forskingsbasert kunnskap er og skal vera ei motgift mot fake news og påstandar som strir mot fakta. Difor er det, for å oppretthalde tilliten til forskinga, viktig at ho er så fri og uavhengig som mogleg. Vi må formidle både positive og negative funn og sikre og usikre resultat. Ja, vi må kanskje bli flinkare til å formidle kva forsking er.

Ved Høgskulen i Volda er det framleis rom for den enkelte forskaren til å velja sine eigne problemstillingar. Dette rommet må vi ta vare på. Vi skal vera flinke til å formidle forskingsbasert kunnskap, men vi må heller ikkje gløyme at forsking er det nødvendige grunnlaget for at vi skal ha noko å formidle. Så hald fram å satse på fri og uavhengig forsking.

For meg er den store styrken til vår høgskule at vi har både profesjonsretta fagmiljø og akademisk retta fagmiljø, og gjerne innafor same fag. Dette gjev oss ein styrke og ein dynamikk som ikkje alle andre høgskular har. Teoretisk orienterte forskarar har utvilsomt godt av å tenkje over om og korleis teoretisk kunnskap kan brukast i praksis, og profesjonsstudentar har kanskje også godt av å bli minna om at kunnskap har ein verdi i seg sjølv.

Eg vil takke Høgskulen i Volda for gode forskingsvilkår. Takk til dei som foreslo og som bestemte at denne gjeve prisen skulle gå til meg, og takk til den flotte gjengen på Institutt for språk og litteratur. Eit betre arbeidsmiljø trur eg ein skal leite lenge etter i den akademiske verda.

Tusen takk!

Tale til prisvinnaren frå rektor Johann Roppen:

Høgskulen i Volda har i 2017 nærare 30 arrangement under forskingsdagane.

Norskmiljøet har markert seg sterkt. I går vart boka «Norsk som reiskaps- og danningsfag» lansert. Gratulerer til redaktørane Birgitte Fondevik og Pål Hamre. Boka er tilgjengeleg innfor døra til biblioteket.

Seinare i dag er det barnelittaratur som står i fokus. Kl 13 her i biblioteket er det høgtlesing i samarbeid med Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum. Og søndag kveld er det litteraturkveld i Aasentunet.

Og så har vi då ikkje minst det som skal skje her i biblioteket. No. Nemleg utdeling av den årlege FoU-prisen ved Høgskulen i Volda. FoU står jo for forsking og utvikling, men i år kan vi nok seie at det defintivt er ein F – ein forskingspris.

Styret ved HVO tildeler ut Forskingsprisen for å heidre framifrå forsking og utviklingsarbeid, FoU, etter framlegg frå Forskingsutvalet ved høgskulen, som igjen får framlegg frå fagmiljøa.

Historia til FoU-prisen er ikkje så veldig lang, den går tilbake til eit styrevedtak hausten 2005 om å opprette ein slik pris. Prisen vart første gong utdelt i 2006. Dagens tildeling er den tolvte prisen i rekka. Prisen har eit synleg uttrykk av eit diplom som er utforma av vår eigen Thomas Lewe. Målt i kroneverdi er prisen på kr 30.000. Men eg håper at både for prisvinnar og andre så har andre sider ved prisen verdiar av ein annan type der kanskje det viktigaste er: Høgskulen er glad for at du har gjeve viktige bidrag til FoU-arbeidet ved Høgskulen i Volda og denne prisen er ei synleg anerkjenning av det. Og det er kanskje den  største verdien.

Prispengane skal brukast til ‘tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, til dømes studiereiser, konferansar, miljø og nettverksbygging eller utstyr’.

For å få prisen må ein ha utmerka seg på eitt eller fleire område: Levere FoU-arbeid med høg kvalitet, ein må ha publisert på høgt nivå, ein må ta del i nasjonalt og internasjonalt samarbeid, ein må vere miljøbyggar, og ein må formidle FoU til samfunnet rundt.

Om årets vinnar  vil eg fortelje følgjande:

Han disputerte 7. juni 2013 ved Universitetet i Oslo med avhandlinga:  «Polyvalent Adjectives in Norwegian. Aspects of their Semantics and Complementation Patterns.»

Hjernen vår produserer ikkje berre språk gjennom å kombinere ordtilfanget med grammatiske reglar, men vår fantastiske hjerne hugsar – og brukar – setningar. Metaforisk – om vi tenkjer på hjernen som ein datamaskin så er harddisken og minnet minst like viktig som prosessoren.

Kort tid etter disputas vart prisvinnaren tilsett som førsteamanuensis i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda. Det var i 1.8.2013. Og kva skjer? Knapt to år etterpå – som 35-åring blir han altså tilkjent professorkompetanse.

«Han vart professor før han var førti» er ei setning som eg har henta ut av min harddisk – og eg trur den ofte blir framført med ei blanding av litt … ovundsjuke – men mest ovundring vonar eg! Så at han vart professor som 35-åring er noko prisvinnaren vil bli hugsa for – resten av livet.

I grunngjevinga til den sakkunnige komitéen blei det lagt vekt på den omfattande vitskaplege publiseringa som prisvinnaren allereie då hadde utført. Både i nasjonale og internasjonale tidsskrift på høgt nivå. I dei to åra som har gått etter at han fekk professoropprykket, har prisvinnaren halde fram med ein omfattande vitskapleg produksjon, og han er tvillaust mellom dei mest produktive forskarane på HVO.

Blant tidsskrifta han har publisert i dei siste åra er Maal og Minne, Norsk Lingvistisk Tidsskrift, Lingua, Arbeitstagung der Skandinavistik, International Journal of Cognitive Linguistics, Cognitive Linguistic Studies  og i Norsk Lingvistisk Tidsskrift.

Han er dessutan leiar for Norsk forening for kognitiv lingvistikk (NORKOG).

I tillegg til denne omfattande og breie vitskaplege produksjonen, har prisvinnaren gjort ein stor innsats for å stimulere og rettleie kollegaer i deira forskingsarbeid. Mellom anna starta han allereie som nytilsett førsteamanuensis ei forskingsgruppe for grammatikk ved det dåverande Ivar Aaseninstituttet som har bore frukter i form av vitskaplege publiseringar også for andre forskarar ved instituttet.

Dessutan har han vore ein leiande aktør når det gjeld samarbeidet med Universitetet i Bergen om forvaltninga av Språksamlingane, og vidare tilrettelegging for forsking med desse som grunnlag, noko som er ei strategisk viktig satsing for AHL og HVO. Han har også vore prosjektkoordinator for arbeidet med brukarrettleiinga for Norsk Ordbok.

Alt dette er gjennomført i full undervisningsstilling, utan vikarstipend eller frikjøp, og medan har tatt sin meir enn fulle del av det administrative ansvaret på seksjon og institutt, blant anna som leiar for Seksjon for fagstudiet i nordisk.

Eg trur alle som har høyrt dette må vere samde i at alt dette er meir enn nok til å seie at ein FoU-pris er svært, svært fortent.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar