Vekerevyen 2021: Dette trengte vi! For ein feiande flott revy!

Fleire bilde frå revyen.

Vekerevyen 2021 har tittelen «Kvifor skal alt være så forbanna vanskelig hele tiden». Men med så dyktige skodespelarar, musikarar, instruktørar – og ja alle involverte – så kunne revyen like godt hatt tittelen: «Korleis får dei det til å sjå så veldig lett ut»?

For la det vere sagt med ein gong: Vekerevyen 2021 er veldig bra. Og ordet må ha gått, for alle dei fem framsyningane vart utselde nesten med det same. Fantastisk!

Sjølv var eg så heldig å få representere Høgskulen på den tradisjonelle før-framsyninga og fekk oppleve ein enorm energi – både frå skodespelarane og musikarane – men også frå publikum som var så levande med på timane revyen varte! Skodespelarar, musikarar, regisørrar, tekstforfattarar, kostyme, lyd/lys – ja alle må ha hatt det utruleg kjekt i lag! Ja i år har revyen til og med eigen songpedagog! Revysjef Trond Odin Johansen kunne nesten ikkje tru at det berre var vel eit halvt år sidan at revyen starta nesten på null – men jammen har resultatet blitt bra!

Kva er så innhaldet i Vekerevyen 2021? Som ein kan vente og håpe på – ei salig og herleg blanding av snåle og gale og nevrotiske og sjølvopptatte og forelska og sjølvhøgtidlege karakterar inspirert av kvardagen rundt oss. Ein trist Rotsethorn-rap – ein publikumsfavoritt – ein knallbra duett med norsk tekst til «Rolling in the deep», ein nokså lite samarbeidsvillig støvsugar, ein stakkar som hadde gått over i permanent zoom-modus og eit par skrullete karar med relasjonsproblem, dans på lokalet, eit singlet-kledd boyband. Ja og så var dei gode å synge og danse og hadde gummitryne og mimikk så det heldt – også til å berge i land sketsjane med dei tynnaste poenga!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar