Bør HVO – eller AHL? – få eit eige ph.d. program?

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) ved Høgskulen i Volda hadde avdelingsseminar i Loen, 26. november 2019 og på dagsorden stod også spørsmålet om ein eigen ph.d. Her er Per Halses innleiing og dei tre førebudde innlegga på denne delen av seminaret.

Gruppediskusjon i Loen. Frå venstre Hildegunn Valen Kleive, Kari Leikanger Buset, Anne Randi Fagerlid Festøy, Eivind Patrick Hanevik og Leif Bjørn Skorpen. Foto: Johann Roppen

Ph.d. – strategiske perspektiv

Av Johann Roppen

Høgskulen i Volda har lange tradisjonar frå lærarskulane i 1861 og 1895 via DH-skulen i 1969. Mange av oss vil gjerne sjå bakover, men når vi tenkjer strategi så er overskrifta i strategiplanen: Kunnskap for framtida. Kva det betyr må vi tenkje over heile tida. Kva slags kunnskap er det som trengst i framtida?

Høgskulen har sidan 1994 utvikla seg mykje i kvantitative termar. Vi har hatt ein sterk auke både i talet på studentar og tal tilsette. Vi har fått ein sterk auke på etter- og vidareutdanning og ikkje minst har vi fått mange internasjonale studentar.

Om vi avgrensar utviklinga til fagleg utvikling så er den mest framståande endringa auken i talet på mastergrader og tilsette i fagmiljøet som har oppnådd professor, dosentkompetanse eller førstekompetanse – eller som arbeider med det som stipendiat eller på andre måtar. Med litt store tal kan vi seie at Høgskulen i Volda i 1994 hadde ca 130 fagleg tilsette – og ca 30 med doktorgrad og/eller professorkompetanse. No 25 år etterpå har vi auka til over 130 med professor/dosent, førstekompetanse og stipendiatar som arbeider med doktorgrad på fulltid. Det samla tal tilsette til ca 240.

Det er i alle fall ein ting som er sikkert når vi arbeider med kompetanseheving og kvalitetsutvikling: Ting tek tid. Men vi har kome langt på desse åra, og den kompetansen dei tilsette har bygd opp har vore viktig for institusjonen: I 1994 hadde vi ingen mastergrader, og doktorgradsutdanning verka nok litt utopisk. I 2019 har vi 10 mastergrader og har hatt eit doktorgradsprogram i 4-5 år. Som kjent er ph.d.-utdanninga ein fellesgrad i samarbeid med Høgskolen i Molde: «Ph.d. i helse- og sosial: Vilkår for profesjonsutøving».

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar