Adventskonserten 2019: Ei gåve til bygda

Kvart år held studentane – og lærarane – i fagmiljøet på musikk på Avdeling for kulturfag ein adventskonsert i Volda kyrkja. Kor lenge har konserten vorte halden? Eg veit ikkje sikkert, men det har vorte ein tradisjon. Ein god tradisjon. Adventskonserten er gratis og er ei gåve til bygda frå studentar og lærarar. Og ja – lærarane deltek også som utøvarar – og ikkje berre som rettleiarar, instruktørarar eller bakspelarar. Det er kjempeflott at fagtilsette byr på seg sjølv og gjer det same som dei forventar av sine studentar. I 2019 vart konserten halden torsdag 28.november og her er helsinga eg gav i høve konserten:

Høgskulekoret under Adventskonserten 2019.

Kjære studentar – og alle andre meir fastboande sambygdingar som har bidrege musikalsk eller vore tilhøyrar. 

Det er ei stor glede for meg som rektor på Høgskulen i Volda å ha fått vere med på å dele denne musikalske julegåva i lag med alle andre som har møtt opp her i dag. Dei gode kreftene på musikkmiljøet ved Høgskulen i Volda har nok ein gong gjeve oss gode opplevingar. Takk så mykje!

Heilt frå starten av konserten kjende eg kor det krisla langs ryggrada, og for meg var det eit avgjerande kvalitetskriterium – dette ville bli bra!

Adventskonserten er altså ei gåve. Det er viktig. Julemånaden er for mange ein travel månad der blant anna handling av julegåver tek mykje tid, pengar og merksemd. Men denne konsertgåva, denne timen, har vore ei gratis oppleving. Kanskje bør vi også elles i året bli flinkare til å gje kvarandre små opplevingar framfor store gåver. Somme opplevingar kan vare livet ut. Kanskje kan det for somme studentar i seg sjølv bli eit minne for livet å ha vore med på denne konserten?

Adventskonserten kjem no like før vi går inn i adventstida, ventetida. For mange av dykk studentar vert dette også ventetida på eksamen, eksamensresultat og karakterar, og kanskje også ventetid før vidare studium eller praksisopphald i inn- eller utland. 
Men husk då på at ventetid i seg sjølv ei gåve. Ei tid ein kanskje ikkje visste ein ville få i ein travel kvardag. Ei tid då ein ventar på noko som vil kome – kanskje av seg sjølv – same kva ein gjer. Så sett pris på ventetida – bruk den best muleg – kanskje til noko du hadde gløymt at du likte.

Eg er glad for at vi har fått dele nok ein fin adventskonsert, ei markering av året som snart er slutt, eksamenstida som også snart er slutt, og at vi no står ved starten på adventstida. Mange studentar reiser snart frå høgskulen og bygda. For dei som skal reise heim til jul om nokre dagar ønskjer eg god jul, og velkomen attende til Studiebygda i 2020.

Og så eg håper alle får ei fin ferd heim til jul. Kvar til si bygd. Eller kvar til sin by.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.