Bør HVO – eller AHL? – få eit eige ph.d. program?

Sett utanfrå kan kanskje høgskulen verke som ein litt treg statleg, akademisk institusjon der dynamikk og endringsvilje kanskje ikkje er dei fremste eigenskapane. Det er både rett og feil. Sett frå min plass vil eg legge vekt på at vi sidan 1994 har hatt i hovudsak dei same fagmiljøa, og alle fagmiljøa har hatt utvikling og vekst, ikkje minst når det gjeld den evige digitaliseringa. Men fagleg sett har vi bygd i høgda – og ikkje i breidda. Vi har ikkje etablert nye utdanningar på heilt nye fagområde, men vi har altså etablert masterutdanningar på toppen av etablerte profesjonsstudium som har gått stega frå å vere toårige, til å bli treårige bachelorgrader til å ha fått masterutdanningar som overbygningar.

Dei neste som har ambisjonar om å gå denne løypa er barnehagelærarutdanninga som har inne akkrediteringssøknad om master i barnehagelærarutdanning. Sosialarbeidarutdanningane har liknande diskusjonar, både lokalt og nasjonalt. Vi snakkar ikkje om å hoppe direkte frå bachelor til master – fagmiljøa har jo alt hatt mastertilbod innan undervisning og læring på AHL og både meistring og myndiggjering og samfunnsplanlegging på ASH.

Når grunnskulelærarutdanningane alt har vorte masterutdanningane kan ein spørje seg om ikkje det snart vil kome krav om at også barnehagelærarutdanning og sosialarbeidarutdanningane bør bli masterutdanningar. Med dei strenge akkrediteringskrava som følgde med dei nye grunnskulelærarutdanningane kan ein berre belage seg på liknande krav også på andre fagområde. Og då er det viktig å vere tidleg ute. Vi klarte det på GLU – om vi held fram med den jamne gode fag- og kompetanseutviklinga kan vi nok klare det på andre område også.

Eg meiner det er heilt rett å spørje oss sjølve om vi no skal satse på å få vårt eige doktorgradsprogram? Svaret på dette spørsmålet er langt frå gitt. Men i 2020 vil det nye høgskulestyret gjennomføre ein strategiprosess – og då bør spørsmålet om ph.d. vere eitt av dei sentrale spørsmåla.

Ei av mange utfordringar i strategiarbeidet er at vi ikkje har mangel på satsingar eller prosjekt som vi ønskjer å gjennomføre. Vi klarer nok ikkje å gjennomføre alt – eller å bruke like store ressursar på alle store og viktige prosjekt som vi skulle ønske oss. Kva er det som ventar rundt neste sving? Her er i alle fall nokre av dei:

  • Nytt ph.d.-program?
  • Master i barnehagelærarutdanning?
  • Master i sosialfag?
  • Master for praktiske og estetiske fag?
  • Bygging av mediehus – inventar og medieteknisk utstyr
  • Ombygging og rehabilitering av Strøm-huset
  • Samarbeid om bygging av kunnskapspark i Ivar Aasen-huset
  • Gjennomføring av utviklingsplan for høgskuleområdet Campusutviklingsplan)
  • …og heilt sikkert andre spørsmål …

Det kan vere greitt å minne oss om at det gjerne kjem ein prislapp på alle desse tiltaka.

Når vi skal vurdere om vi skal starte nye studium har vi pålagt oss sjølve å bruke ein såkalla SEFØ-modell. Store eller små studium. Vi bør tenkje likt. SEFØ er ei forkorting for:

  • Strategi
  • Etterspurnad
  • Fagmiljø
  • Økonomi

Vi skal altså ha ei balansert vurdering og ikkje berre legge vekt på ein av desse fire faktorane. Her vil eg seie korleis eg ser på ei muleg ny ph.d.-utdanning i høve til desse fire faktorane.

Før eg går gjennom det må eg få seie at på eit så tidleg stadium i tenkinga omkring ei såpass stor og tung satsing så veit ingen av oss kva innretning ei eventuell ny ph.d. vil kunne få, og med ulike innretningar vil vurderingane kunne bli ulike. Men kanskje nettopp derfor er det lurt å få på bordet ulike alternativ for å kunne vurdere dei opp mot kvarandre. Det er slik andre institusjonar har arbeidd med sine doktorgradstiltak. Styret har sett doktorgradsutdanningar som strategisk mål, og så har fagmiljøa funne ut kva område og kva innretning doktorgradsprogram bør gå. Med kravet om fire doktorgradsprogram for å kunne kalle seg universitet så har dette vore ein vanleg prosess i mange tidlegare høgskulemiljø.

S = Strategisk

For meg virkar det opplagt at ei eiga doktorgradsutdanning vil kunne bidra til at vi oppfyller mange av dei strategiske måla vi har sett oss – under føresetnad av kva fagleg innretning doktorgraden får.

Vårt strategiske visjon er «Kunnskap for framtida». Det er vidare konkretisert i retning av livslang læring, relevant forsking, kommunikative dugleikar og samskaping, kreativitet og likeverd.

I dagens strategiplan (2017-2020) er ph.d.-utdanninga (fellesgraden) ei av houvdastsingane – og arbeid med ein eventuell ny ph.d.vil vere såpass krevande at det også vil bli ei hovudsatsing. Fellesgraden er også satsingsområde innanfor for FoU.

Eit doktorgradsprogram ville kunne bidra til at vi får auka kompetanse, at vi klarer også i framtida å vere ein sentral kunnskapsleverandør og interessant partner for aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Ei eiga doktorgradsutdanning ville vere ein styrke og eit viktig bidrag til å kunne løyse andre utfordringar.

Eitt døme på dette er at vi ville bli sjølvakkrediterande på område innanfor doktorgraden. Vi ville få ein lettare veg for førsteamanuensar på veg mot professorkompetanse til å kunne rettleie lokale doktorgradskandidatar. Det er ikkje alltid så lett å få innpass eller å bli prioritert av andre doktorgradsgivande institusjonar.

E = Etterspurnad

Stipendiatane på høgskulen har dei siste åra utført 20-24 årsverk. Det er noko fleire årsverk enn vi har heimlar for, blant anna på grunn av at somme forlengar stipendiatperioden til fire år, men i tillegg kjem forsinkingar og permisjonar.

Etter samarbeidsavtalen med Høgskolen i Molde har vi øyremerka tre stipendiatstillingar til fellesgraden i Helse- og sosial – og det har vi gjennomført og det er kjekt at det har meldt seg kvalifiserte søkjarar kvart år. Om vi skal ha nok ph.d.-studentar til å kunne få eit program av fornuftig storeik bør nok dei fleste stipendiatane – kanskje alle – vere tilknytt våre eigne ph.d.-program. Er det nok? Det vil kunne vere nok sidan vi i tillegg til dei heiltidsforskande stipendiatane også har 10-15 tilsette som er inne i såkalla 50/50 program. Dei vil etter individuelle avtalar med sine dekanar få tildelt 50 prosent forskingstid fordelt over 4 år, altså 50/50 forsking og andre oppgåver. I tillegg får dei 50 to FoU-stipend som gir to semester med forsking og i sum blir dette 3 forskingsårsverk over fem år.

Eigne tilsette er ein viktig marknad for å rekruttere kandidatar til eit ph.d.program – og dette er i seg sjølv ei viktig grunngjeving for at eit eige doktorgradsprogram kan gjere det lettare å drive kompetansebygging ved Høgskulen i Volda. Vi har ca 100 høgskulelektorar som alle burde vere potensielle kandidatar for eit doktogradsprogram – og når programmet er tilgjengeleg i Volda burde det vere attraktivt for mange.

Men etterspurnad handlar også om arbeidsmarknaden utanfor Høgskulen i Volda. Tidlegare universitetsrektor Gunnar Bovim ved NTNU meinte det burde finnast ein ph.d. på alle lærarrom. Litt av bakgrunnen for det hårete målet er at studentar på grunnskulelærautdanningane kjem ut i praksis og vil vere nær ein fullført master. Då vil krava til rettleiarar ute i skulen auke tilsvarande – og det betyr i praksis at rettleiarane også bør ha doktorgradsutdanning.

Møre og Romsdal er eit fylke som ligg i lågaste tredelen når det gjeld utdanning på høgskulenivå, og vi er på botn i landet når det gjeld andel av lærarar i vidaregåande skule har fullgod utdanning på sine fagområde – eller sagt på ein annan måte: Vi har flest lærarar med dispensasjon. Det er ikkje bra, og i dette bildet må Høgskulen i Volda som den einaste lærarutdanningsinstitusjonen i fylket ta ansvar og vere eit utdanningspolitisk lokomotiv og dra kommunar og skular med seg – eller helst løfte i lag med dei. Men om skuleeigarar og andre potensielle arbeidsgjevarar deler denne vurderinga veit vi eigentleg lite om.

Eit anna spørsmål som gjeld etterspurnad er at det for fagfolk som vurderer å søke seg jobb på Høgskulen i Volda så vil høve til å kunne arbeide på ei doktorgradsutdanning kunne telje positivt. Det gir utsikter til fagleg utvikling på aller høgste nivå.

Ut frå desse vurderingane trur eg at ei doktorgradsutdanning vil kunne ha god etterspurnad både hos mulege stipendiatar, i arbeidslivet og blant framtidige fagfolk. Men om dette viser seg å stemme også i praksis trengst å bli nærare undersøkt og vurdert.

F = Fagmiljø

Den mest kritiske faktoren inn i eit doktorgradsprogram er om fagmiljøet er sterkt nok til å kunne bere ein doktorgrad. Det er ikkje lenger slik at dette berre handlar om ei enkel opptelling av talet på professorar – sjølv om det er eit kritisk punkt i vurderinga. Men dei aktuelle professorane og andre fagfolka skal også ha forska på dei tema og spørsmål som doktorgradsprogrammet skal handle om. Og dette blir faktisk nøye vurdert av den faglege komiteen som NOKUT peikar ut. Dette punktet kan kanskje bety at ein må sette i gang fagleg aktivitet på område som ein ser manglar i eit eventuelt framtidig doktorgradsprogram.

Ei anna side ved dette er at om ein bygg opp eit fagmiljø kring eit doktorgradsprogram, så risikerer ein å utarme fagmiljøet på bachelor- og masterutdanningar. Spørsmålet ein må stille er faktisk om det finst nok høgt kompetente fagfolk til å kunne gje gode utdanningar på alle nivå.

Dette er ei djup fagleg vurdering som eg ikkje trur nokon på Høgskulen i Volda i dag er i stand til å svare på. Det er jo også avhengig av kva innretning ein eventuell ph.d. vil få. Men ein overordna måte å vurdere dette på er at vi dei siste åra har hatt ca 20 professorar. Og 3 av desse har vore tilknytte fellesgraden. Og då trengst det kanskje ca 6 professorar til å drive ein heil grad aleine? Om ein riggar seg slik at den nye graden dekker andre område enn fellesgraden så vil ein kunne kople på professorar på fagområde som ligg utanfor fellesgraden – så potensialet ligg der. Men på den andre sida ville vi då ha berre 10-11 professorar som skal vere faglege toppfolk på 10 masterutdanningar og bachelorutdanningane. Har vi mange nok med høg kompetanse til å makte det?

Så eg er usikker på om vi har mange nok toppkompetente – eller med rett kompetanse – til å kunne løfte in doktorgrad.

Ø = Økonomi

Økonomi er kanskje det enklaste punktet i denne vurderinga: Det er ikkje i seg sjølv lønsamt å starte eit doktorgradsprogram. Styret hadde forventningar til at fellesgraden skulle få ekstern finansiering. Det har ikkje lukkast og det er i dag vanskeleg å vite om det er råd å få slik finansiering på ein eventuell annan doktorgrad.

Utteljinga eit doktorgradsprogram får i kandidatproduksjonen dekker antakelig ikkje ein gong dei administrative kostnadene. Ein kan håpe på at eit doktorgradsprogram fører til styrking av eit interessant fagmiljø med kapasitet og breidde til å skaffe forskingsmidlar frå andre kjelder – som også er eit strategisk mål. Men forskingsprosjekt skal jo vere sjølvfinansierande og vil neppe bidra til å finansiere sjølve doktorgradsprogrammet.

Ein lokal doktorgrad vil gje stipendiatane lokal rettleiing og forskingsnettverk og det kan føre til raskare gjennomstrøyming, altså fleire disputasar. Men det vil neppe vere ein økonomisk fordel som vert synleg for fagmiljøet kring ein doktorgrad slik vi i dag er organisert.

I dag er det andre doktorgradsgjevande institusjonar som tek kostnadene med opptak, rettleiing og disputas for HVO-tilsette som doktorerer. Ut frå økonomiske vurderingar så er det jo fint at andre tek kostnader for oss – men det spørs naturlegvis om vi tapar på andre måtar.

Eit doktorgradsprogram føreset tilføring av vesentlege ressursar, og for Høgskulen i Volda betyr det i praksis overføring av ressursar frå grunnutdanningane til topputdanninga. Det er ingen tvil om at høgskulen har lov til å gjere ei slik omprioritering. Spørsmålet er om det er klokt, og om det er vilje til det.

Konklusjon

Konklusjonen er altså at eit doktorgradsprogam vil verte kostesamt, og ut frå økonomiske vurderingar aleine er det eit underskotsprosjekt. Eit doktorgradsprogram må difor vere viktig ut frå strategiske vurderingar, føre til styrking av fagmiljøet og vere etterspurt for at ein skal kunne forsvare å prioritere ei slik satsing.

Dette er vanskelege og viktige vurderingar så det er viktig at vi tek oss tida som trengst for å gjere grundige vurderingar av desse spørsmåla – og strategidiskusjonen i 2020 er ein opplagt arena for slike spørsmål.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar