Innleggsside

Poster-sesjon

I emnet «Prosjekt i praksis» skal studentane i praksis gjennomføre eit enkelt forskingsprosjekt i praksisfeltet. Dette gjer dei i grupper på 5. Tema spenner frå inkludering av funksjonshemma, via rehabilitering etter fengsel og mental helse hos flyktningar til spiseforstyrringar og psykisk helse hos barn og unge.

Som del av opplegget skal studentane både gjennomføre ein poster-sesjon og ein munnleg presentasjon etter mal av vitskapleg forskingskonferanse. Før kvar av desse ligg der ei undervisningsøkt om korleis ein utformar og gjennomfører desse to typane formidling. I tillegg til dei generelle måla i emne- og studieplan som er knytt til kompetanseutvikling knytt til formidling, er grunnane til poster-sesjonen:

Som del av undervisningsopplegget fekk studentane «krav til innhald» på posteren og den tilhøyrande presentasjonen:

Vidare fekk dei «krav til utforming» og døme på posterar.

Sjølve sesjonen vart gjennomført i tre omgangar. I første omgang stod gruppe 1-7 framfor sine posterar, medan gruppe 8-20 gjekk frå poster til poster. Gruppene som gjekk rundt gjekk vidare kvart 5. minutt, Kvar gruppe presenterte dermed opplegget sitt 7 gongar og fekk innspel frå 13 grupper. Det var altså to og to grupper som gjekk saman rundt i lokalet. I neste omgang stod gruppe 8-14 framfor sine posterane medan gruppe 1-7 og 15-20 gjekk rundt. I siste omgang stod gruppe 15-20, medan dei andre gjekk rundt.

Posterane hadde samla sett god kvalitet, men det var også ein viss skilnad i kvalitet der det var tydeleg at nokre grupper hadde jobba betre med teksten enn andre.

Eit lite utval som viser variasjonen i design og tema:

  

Diskusjonen studentane imellom såg for meg ut til å vere veldig god. Dei stod stort sett i ein ring der gruppa som presenterte først prata i 1-2 minutt, og der resten av tida vart nytta på spørsmål frå dei andre studentane.

På slutten av økta la eg ut ei enkel spørjeundersøking på 5 spørsmål i SurveyXact. Der var 101 studentar, og det var 99 som svarte.

Spørsmåla var:

  • Kor nyttig var det?
  • Kor intenst/travelt var det?
  • Kor kjekt var det?
  • Kor skummelt var det?
  • Denne hendinga kom a) for tidleg, b) passeleg c) for seint

Svara viser under. Eg er såleis ikkje i tvil om at dette var ei positiv hending for studentane. Eg er heller ikkje i tvil om at det var ei hending som stetta alle måla eg hadde med den.

 

 

Det som gjeld ein, gjeld ofte fleire

Eg får ofte spørsmål om korleis ein løyser ulike oppgåver i ulike dataprogram. For meg er det ofte enklare å spele inn ein video enn å skrive ned ei forklaring eller ta den over telefon. Eg trur også at det er lettare for den som skal utføre oppgåva å sjå prosessen føre seg enn å få ei skriftleg eller munnleg forklaring. Den største verdien er likevel at forklaringa som eg lagar til ein spesiell er tilgjengeleg for mange til ulike tider.

Eg tek opp video på to måtar: Enten i sjølvkøyringsstudioet vårt eller ved hjelp av skjemopptak i quicktime. Kva eg vel avheng i praksis av kor komplisert oppgåva er. Videoane lastar eg opp på Youtube.

Når det er enkelt, vel eg quicktime. To døme er det å stille om Canvas til norsk og det å gjenopprette sletta filer i Canvas. Når det er meir komplisert går eg i studio. Dette gjeld til dømes korleis ein skriv samandrag av samandrag i MaxQDA.

Eg får aldri mange visningar av slike videoar – men det er ikkje poenget mitt. Ei visning som hjelper ein som har eit problem er meir enn nok for meg…

Skrivekurs

Kvart år startar vi første semester med eit gruppedelt opplegg for førsteårsstudentane. Eit av elementa i dette opplegget er skrivekurset som eg har hatt ansvaret for dei siste to åra. Kullet vert delt i tre, slik at alle opplegg vert køyrt 3 gongar, i grupper på mellom 30 og 35 studentar.

I skrivekurset har eg tre element:

  • Førelesing på omlag 45 minutt som omhandlar verdien av å skrive i studiet.
  • Bruk av referansefunksjonen i Word
  • Skriving av ein-sidar og samtale om denne med andre studentar.

Førelesinga i er ei tradisjonell førelesing der eg går gjennom ulike aspekt ved verdien av å skrive i høgare utdanning. Poenget mitt er at skriving både er studiekompetanse og yrkeskompetanse, og at om ein ikkje meistrar det så taper ein både i studiesituasjonen og i yrkeslivet. Det gjer at studentar både må skrive og snakke med andre studentar for å aktivere omgrep som vert introdusert i studiet.

Referansefunksjonen i Word introduserer eg ved å setje studentane til å jobbe seg gjennom ein video eg har lagt på Youtube. Studentane sit i klasserommet og ser videoen, jobbar med Word – og eg går rundt og hjelper dei som rettar opp handa. Dei får dermed jobbe i sitt tempo, diskutere seg imellom og eg kan hjelpe dei som har problem som går djupare enn det å ikkje få med seg ein demonstrasjon på lerretet. Til dømes fordi dei har feil versjon av Word, eller at dei ikkje kjem seg inn på nettet. Eg gir dei også lenka til døma eg har på bruk av referanser. Eg meiner dette er ein god måte å tilpasse undervisninga til den einskilde på.

Skrivinga handlar om at dei skal skrive ein ein-sidar om førelesinga. Dette gjer eg for at dei skal kome i gang med skriving. Eg tippar at det er 95% av studentane som skriv ein slik ein-sidar i i løpet av økta. Mange av dei som ikkje skriv har til dømes ikkje med seg datamaskin, eller den er oppteken med ei oppdatering eg har fått dei til å starte medan vi jobba med Word. Det er med andre ord berre nokre svært få som ikkje skriv fordi dei ikkje får det til eller ikkje vågar. Etter nokre og tjue minutt skriving ber eg dei avslutte, røyse seg, finne nokon dei ikkje har snakka med før og bytte datamaskin med dei. Dei skal så lese kvarandre sine tekster og snakke saman om teksten.

I år avslutta eg med ein mentimeter-presentasjon. Av dei 93 studentane som svarte, var det 10 som snakka med 1-2 andre studentar (6 av desse var i eine gruppa, og det var den eg gjennomførte i eit auditorium…). 45 snakka med 3-4 andre studentar og 36 snakka med 5-6 andre studentar. Når eg spurde etter det dei meinte var hovudverdien av økta, fekk eg 87 svar. Som forskar må jo desse kodast, må vite!

Ved hjelp av favoritt CAQDAS-programmet mitt, MaxQDA, koda eg først empirinært med 97 kodar som eg grupperte til 8 kodegrupper om eg igjen kunne finne fire hovudkategriar i. Ut frå dette ser eg dermed at verdien av opplegget går langs fire dimensjonar:

  • Det å gi og få kommentarar: Dette handlar både om det å bryte isen og få og ta imot kommentarar på eigen tekst, og det å kjenne på verdien av prosessen til dømes i form av auka motivasjon
  • Det å lære av og saman med andre: Dette handlar om at studentane opplevde at dei lærte noko av det å diskutere teksten med andre studentar.
  • Det å få innsyn i andre sitt perspektiv: Dette handlar om uttrykk av ei erkjenning av at det å få innsyn i korleis andre tenkjer både om temaet for ein-sidaren og om sjølve ein-sidaren er nytig for eiga forståing. 
  • Det å få erfaring med ei aktiv studentrolle: Dette strekkjer seg frå kunnskapar om krava til å vere student, via verdien av kontakt med andre til det å kome i gang med skriving og det å dele det ein har skrive. 

Alt i alt ser det ut for at eg har lagt eit grunnlag for at studentane skal ha verkty til å gjere noko med kjepphesten min i høve undervisning:

Den som lærer mest i eit klasserom er den som er mest aktiv – og alt for ofte er det læraren….

Rettar ved konferansedeltaking

Eg er invitert til å seie noko om korleis vi nyttar Canvas på ein konferanse etter påske.

Eg fekk tilsendt ein «Concent form» der det stod:

Instructure will solely own the Materials and all rights related to the Materials, in whole or in part, and have the exclusive, worldwide, perpetual and royalty-free right and license to use the Materials in any manner or media without notifying me,

Eg forstår utan vidare behovet som Instrucure (firmaet bak Canvas) har til å kunne nytte mitt arbeid i deira arbeid. Det er fint med omsyn til forskingsformidling og deling og alt det der. Det er ikkje kan akseptere er “exclusive […]  right and license to use the Materials”.  

Det å gir frå meg offentleg finansiert arbeid til eit kommersielt foretak, er etter mitt vit feil. I tillegg kan eg i prinsippet ikkje nytte den same ppt-fila eller modellane t.d. undervisning. Eg svara dei:

Since my work is publicly funded, I cannot sign the consent form. To give away publicly funded work to commercial interests in this way is extremely problematic in many ways. What I can do, is to release it as CC BY-SA. I certainly hope that is sufficient for your purposes.

…og det var det. Eg skreiv om «concent form» til den som er lagt ved, og Instructure sitt «legal department» godtok den utan vidare.

CC BY-SA er ein lisens som er utvikla av Creative Commons. Dei har fleire ulike lisensar. Dette er den lisensen som eg trur passar best i denne samanhengen. Eit oversyn ulike lisensar er å finne her: https://creativecommons.org/licenses/

Oppmodinga mi er dermed:

Bruk så langt det er råd Creative Commons lisensar når de må signere concent-forms i staden for å gi frå deg eksklusive rettar.

(Denne teksten gjekk som e-post til alle ved HVO)

Hacking og governmentality

NUPI vart hacka i 2017.

Mistenkelege IP-adresser får tilgang til NUPI sin web-server i januar 2017. Fram til oktober skjer det berre sporadisk tilgang, men i oktober vart angrepet gjennomført ved at det vart lagt inn i bakdør i serveren. NorCERT, PST og NUPI hadde eit godt samarbeid i dette og fekk kartlagt at angriparen var interessert i nyheitsbrev og rapportar. Det store spørsmålet er kvifor dei er interessert i dette.

Foucault nyttar omgrepet governmentality til å poengtere at vi har eit samfunn der det å styre andre sine handlingar er den ultimate styringa. Sentralt i dette ligg omgrepet praksisregimer, som produserer sanning og viten. Ved å kunne styre den sanninga og vitenen som praksisregima produserer, vil ein dermed kunne påverke samfunnet.

I dette tilfellet kan vi tenkje oss at angrepet kan ønskje å forme sanninga ved å enten redusere legitimiteten til NUPI eller ved å endre innhaldet slik at hackerane sine synspunkt vert sanninga. Kort sagt svekke motstandaren. Åsmund Weltzien, kommunikasjonssjef i NUPI, antar at dette kan handle om tilgang til forsking, forgifte ein brønn av kunnskap, forfalske resultat, forfalske avsendar eller undergrave tilliten deira.

Dette er med andre ord påverknad, og om ein antar at gruppa ikkje er ein gjeng med ungdommar som først og fremst er ute etter å teste teknologi, er det rimeleg at det heile handlar om å påverke samfunnet vårt. Det å påverke forskingsinstitusjonar vert dermed ein del av ein strategi som øydelegg den tilliten vi har til samfunnet rundt oss.

Når vi då vender tilbake til Foucault, governmentality og praksisregimer, er det viktig å sjå at dette ikkje berre handlar om destabilisering av samfunnet, men om at vi har grupper som spelar ei rolle i governmentalityprosessen i samfunnet. Ein av dei viktige konsekvensane er at staten må overvake hackergruppene sin aktivitet – noko dei berre kan gjere ved å overvake det som skjer i vårt eige samfunn. Det medfører også at staten får meir innsyn i det relativt frie institusjonar held på med – og dermed vert ein ikkje så fri like vel.

Summaries of summaries in MAXQDA

Eg var på konferanse om bruk av MAXQDA i Berlin førre veke.

Det å kode kvalitative data er sentralt i nesten all kvalitativ forsking. Det gjer ein for å merke av tekstdelar som ein vil hente utatt og samanstille med andre tekstblokker. Når ein hentar ut til dømes tre tekstblokker om eit tema frå ein person, er det ofte naturleg å skrive oppsummeringar av desse tekstblokkene. Ein av funksjonane i MAXQDA er nettopp dette. Problemet er at eg ofte ønskjer å kunne oppsummere desse oppsummeringane. Dette støttar ikkje MAXQDA direkte, og det var ingen som kunne fortelje meg ein god måte å gjere det på. Etter litt kreativ tenking, kom eg på ein måte å gjere det på, som ingen av folka eg snakka med på konferansen hadde tenkt på. Dette inkluderte erfarne kurshaldarar og dei som er hovudarkitektane bak programmet. Dei dei derimot kunne formidle, var at dei likte ideen.

Då eg kom heim, laga eg ein instruksjonsvideo på dette og posta den på youtube.

Kommentaren frå systemutviklarane var:

Hi Roar, that’s a great idea! And you’re probably the very first person in the world to use the Summary feature like that.

Videoen er her:

Oppgåveveke

På andre semester har vi i utgangspunktet ein struktur, der to veker med undervisning vert etterfølgt av ei oppgåveveke. Ideen at at studentane skal ha høve til å aktivere og utvide kunnskapen som dei har jobba med i dei føregåande vekene, aktivere omgrep frå teorien, opparbeide erfaring med tenkemåten i undersøkingsfasen av saker og opparbeide erfaring med faglege samtalar og skjønnsutøving.

Veka har tre delar:

  1. Introduksjon der studentane i tillegg til orienteringa om oppgåva fekk høyre Kyrre Gimstad, som er teamleiar for undersøkingsteamet for barnevernstenesta i Volda, Ørsta, Hornindal, Ulstein og Hareid fortalde om korleis dei jobba.
  2. Gruppearbeid i der studentane skulle spesifisere kasuset nærare, identifisere relevante informantar, skrive ut tenkte referat frå samtalar med informantar, og skrive ut ein tiltaksplan.
  3. Seminar der vi slår saman fire grupper. Her presenterer studentane kasusa sine, får ny informasjon om koplinga mellom kasusa, og dermed skal sjå kva innverknad denne nye informasjonen har for kasuset.

Kasusa var veldig opne. Grunnen til det, var at studentane skulle ha høve til å utvikle kasusa og dermed aktivere kunnskap i ein kreativ prosess. Eg har stor tru på at dette aktiverer kunnskapen på ein betre måte, enn om dei er på jakt etter det som dei trur vi definerer som det «rette» svaret.

Den nye informasjonen vart gitt i form av ein video, som kopla alle kasusa til kvarandre på ein eller annan måte. (Og for dei som har grunnlag for å tolke konteksten i videoen, opnar det også for å tolke leiaren av barnevernstenesta i eitt nytt lys….) Poenget med desse koplingane var at diskusjonen ikkje skulle bli at medstudentar eller rettleiar utførte ei vurderinga av det studentane hadde prestert, men at dei kunne ta tankane eitt steg vidare inn i ein ny kreativ prosess der dei kunne leite etter nye tolkingar. I kva grad studentane opplevde dette avheng av om dei hadde godt gjennomarbeidde kasus, om dei er trygge nok i gruppa til å vere kreative saman, og ikkje minst om rettleiaren klarer å legge til rette for denne typen prosessar.

For å setje oppgåveveka inn i eit større læringsperspektiv, spelte Gerd Skjong og eg inn ein ny video som vi la ut til studentane på slutten av dagen.

Kalendar i Canvas

I måten vi brukar Canvas på, har vi valt å legge det som har med innhald å gjere i «modular» og det som ha med undervisning å gjere i kalendaren.

Hausten 2017 la vi inn i kalendaren manuelt, og studentane likte det veldig godt. Då kunne vi legge inn det som hadde med nå studentane skulle møte, kvar dei skulle møte og kva som var innhaldet i kalendaren, medan innhaldet var organisert etter tema og ikkje tid.

Dette var ein rimeleg omfattande jobb – men det verste var at om det skjedde endringar i rom-booking – så kom ikkje dette inn i Canvas. Vi har difor kjøpt ein integrasjon mellom rombookingssystemet til høgskulen i Canvas. Dette fjernar mange arbeidstimar, men enno viktigare er det at endringar i rombookinga vert synleg for studentane.

Denne integrasjonen vert rulla ut i løpet av februar. For å førebu dei tilsette på endringa, har vi laga denne videoen.

Oppmøte og kalendar i Beta-versjon

Dagen har gått med til å gjere klart til semesterstart på to område: Oppmøteregistrering og semesterplan.

Oppmøteregistrering

Hausten 2017 gjekk vi over til digitalt sjølvregistrert oppmøte. Før det var løysinga papirlister. Vi har eit håp om at vi skal få til ei skikkeleg digital løysing etter kvart, men fram til då må vi ha noko anna.

I haustsemesteret nytta vi rekneark som studentane fylde ut. Det var mykje tull og mykje ball, både for studentane og tilsette. Vårsemesteret prøvar vi noko anna: Web-basert registrering. Programmeringsjobben er gjort av IT-avdelinga på oppdrag frå oss. I morgon vert det spanande å sjå om det fungerer…

Semesterplan

Ei anna utfordring vi har hatt, er knytt til det å gi studentane oppdatert informasjon om førelesingstidspunkt og stadar. Vi har trykt opp hefte til dei, som omlag har vore utdaterte før dei har blitt delt ut. Med Canvas har vi høve til å lage ei kopling til timeplanprogrammet til hvo, og dermed kunne fase ut hefta. I løpet av våren håpar vi på ei betre integrering mot Canvas, slik at førelesingane kjem inn som hendingar i kalendaren.