Empirisk oppgåve

Å skrive oppgåve handlar om å overtyde lesaren om at du kan det oppgåva handlar om. Når du skal skrive ei oppgåve der du samlar empiri og analyserer denne i lys av teori, må du også overtyde lesaren om at denne prosessen er gjort på rett måte. Men før du kjem så langt, er det ei enno viktigare oppgåve: Du må overtyde lesaren om at det du gjer er viktig. Det gjer innleiinga til dei viktigaste sidene i oppgåva di, for den skal gjere at lesaren (tenk sensor) skal forstå *kva* du skal finne ut, *kvifor” du skal finne det ut og *korleis* du skal finne det ut.

Før du byrjar å skrive

Før du kan skrive innleiinga, må du altså finne ut kva du skal undersøkje. Bachelor- og mastergradsoppgåver er forskingsprosjekt. Det tyder at du skal skape ny kunnskap. Det tyder at det ikkje skal vere mogeleg å finne ut det same ved å lese ei anna oppgåve, ei anna bok eller ein forskingsartikkel. MEN det tyder ikkje at du må skape noko heilt nytt og revolusjonerande. Du kan godt ta ei problemstilling frå ein kontekst, og teste den i ein annan. Om vi tenkjer oss at du les ein forskingsartikkel som seier at korttidsfråværet gjekk ned når firma “A” innførte forbod mot alkohol på firmasamlingar, så kan de teste det same i firma “B” – så lenge firma “B” enten har innført same forbodet, eller de får dei til å gjere det. Å gjennomføre noko som har vore gjort før, men ein annan stad, kan altså vere ei god løysing.

Denne nye kunnskapen kan ha mange former og vere basert på mange sortar datamateriale, frå ei stor spørjeundersøking med 10 000 respondentar, via undersøkingar av ulike typar skriftlege kjelder, til intervju eller observasjonar. Det einaste kravet som er absolutt, er at du bidreg til kunnskapsdanninga i verda med ein bitte liten, kanskje nesten umerkeleg del.

Det første du må finne ut av, er med andre ord kva du skal skrive om. Dette skal fangast i problemstillinga. Den skal vere så liten og konkret, at de skal kunne svare på den med ei setning eller to, utan at lesaren (igjen: tenk sensor) skal kunne seie at den ikkje alltid gjeld. Altfor vage problemstillingar er til dømes:

  • Kva skal til for å bli ein god leiar?
  • Kvifor vert barn mobba?
  • Korleis kan ein skape gode relasjonar mellom barn og barnevernspedagogar?

Mykje betre problemstillingar er til dømes:

  • Kva meiner dei tilsette i Bedrift AS er viktige verkemiddel for å redusere sjukefråveret?
  • Kva meiner barn ved Plage skule er grunnen til at nokre born vert mobba?
  • Kva kjenneteiknar det som barn ved Godeåsen barneheim oppfattar som gode relasjonar mellom dei sjølve og tilsette?

Problemstillinga skal altså vere så konkret og liten at den a) omhandlar berre ein ting og b) avgrensar det til ei gruppe ein skal hente data/informasjon/kunnskap ifrå.

Strukturen

Struktur er viktig i oppgåva, for det gjer det lettare å få fram bodskapen. Det er ikkje alltid den strukturen eg her set opp let seg gjere i praksis, men det er ofte lurt å tenkje i desse banene.

Innleiinga inneheld ei problemstilling, som leier ut i forskingsspørsmål. Det er ein god ide om kvart forskingsspørsmål har ein teoretisk basis. Då må kvart av dei teoretiske perspektiva ha sin del i teorikapitlet. Ut frå kombinasjonen av teori og forskingsspørsmål, lagar ein intervjuspørsmål. Dei svara ein får på desse spørsmåla, skriv ein saman i funndelen, aller helst med utgangspunkt i omgrep frå teorien. Desse funna leier fram til oppsummeringar. Oppsummeringane tek ein med seg inn i diskusjonenen og drøftar desse med utgangspunkt i teorien. Drøftinga fører fram til delkonklusjonar, som ein set saman for å finne svaret på problemstillinga.

 

Dømet under illustrerer korleis dette kan tenkjast. Det er utarbeida i samarbeid med Mats Mulstrand, og er basert på skissa han leverte til mastergradsprosjekt.

 

 

Innleiinga

Når problemstillinga er på plass, er det klart for å skrive innleiinga. Den skal forklare for lesaren (..og du tenkjer kven?…) kvifor forskingsspørsmålet er så viktig at du vel å bruke veldig mykje tid på å finne svar på det. Om du skriv mastergradsoppgåve er det tale om 1000 timar om du er åleine, eller 2000 timar om det er to. Deretter skal de gi ei kort skisse over heile prosjektet. Det gjer at når innleiinga er på plass, så er det nesten berre arbeid att.

Den skal på første halve sida skal difor innehalde: 1) Eit tema. 2) Vise til litteratur som belyser temaet. 3) Slå fast noko som litteraturen ikkje gir svar på (dette er grunen til at ein skal gidde å lese teksten din). 4) Forklare at dette er viktig for feltet du forskar i. 5) Fortelje at og korleis du vil skape klarheit i dette, og så 6) slå fast målet med forskinga (Nesten problemstillinga).

Deretter brukar du 3-4 sider på: 7) Kvar du/de skal samle data og litt om konteksten. 8) Litt litteratur som forklarar kvifor du/de fokuserer som du/de gjer. 9) Litt om metode, altså type datainnsamling og kva type analyse du gjer. 10) Litt om nytteverdien, gjerne både teoretisk og praktisk, og så 11) avsluttar du med å slå fast problemstilling og forskingsspørsmål.

Forskingsspørsmåla skal utdjupe problemstillinga, og må ha same subjekt. Eit døme er om vi tek utgangspunkt i problemstillinga: ”Korleis oppfattar leiarane ved Bedrift AS prestasjonsmålingssystemet som er i bruk?”. Forskingsspørsmåla må dermed alle saman ha fokus på leiarane si oppfatning. Relevante forskingsspørsmål kan då vere t.d. ”Korleis opplever leiarane ved Bedrift AS at prestasjonsmålingssystemet verkar inn på XXX”, det XXX kan vere 1) kvaliteten på arbeidet som vert utført, 2) dialogen med medarbeidarar, 3) dei tilsette sitt samarbeid, eller 4) kunnskapsdelinga mellom dei tilsette.

Det er langt frå sikkert at denne strukturen passar 100%. I så fall må du vere kreativ, men hugs at innleiinga skal synleggjere at du tek føre deg noko som er relevant for kunnskapssamfunnet – og at du er i stand til å finne svar på spørsmålet du stiller på ein måte som er akseptert som forsking.

Teori

I dette kapitlet får vi vite kva perspektiv du skal nytte for å løyse problemet som problemstillinga set opp. Vil de sjå på dette i økonomisk, psykologisk, sosialfagleg, sosiologisk, organisatorisk og/eller juridisk perspektiv? Dette kapitlet legg altså ut alle verkya du skal nytte til å forstå eit fenomen. Til saman dannar teorikapitlet det analytiske rammeverket du skal bruke i funn- og diskusjonsdelen.

Nokre element kan passe både i innleiing og i teorikapittelet. Det som avgjer kvar det skal stå, er analysekapitlet. Det du treng til å analysere funna dine skal stå i teorikapitlet. Det du treng til å gjere undersøkinga di relevant, det skal stå i innleiinga.

Det kan vere ein fordel om du tenkjer at teorikapitlet skal innehalde ein del som belyser problemstillinga og ein del som belyser kvar av forskingsspørsmåla. Den første delen, som omhandlar problemstillinga MÅ forklare kvifor du har valt å fokusere på dei områda som forskingsspørsmåla viser.

Om vi tek utgangspunkt i problemstillinga med prestasjonsmåling, kan det vere naturleg at ein har ein teoridel om prestasjonsmåling som belyser problemstillinga ”Korleis oppfattar leiarane ved Bedrift AS prestasjonsmålingssystemet som er i bruk?”. Denne må vise at kvalitet, dialog, samarbeid og læring enten er relevant for prestasjonsmåling, eller for å skape effektive organisasjonar. Deretter kjem det ein del for kvar av forskingsspørsmåla. I dømet startar desse med ”Korleis opplever leiarane ved Bedrift AS at prestasjonsmålingssystemet verkar inn på XXX”. Kvalitetsteori vil vere relevant for det som handlar om ”1) kvaliteten på arbeidet som vert utført”. Kommunikasjonsteori som kan kaste lys over ”2) dialogen med medarbeidarar”, team eller samarbeidsteori som kan informere ”3) dei tilsette sitt samarbeid” og læringsteori som kan bidra til ein analyser av ”4) kunnskapsdelinga mellom dei tilsette.”

Du bør avslutte kvar teoridel med eit avsnitt som gjer teorien relevant for det du studerer – altså feltet. Om du skriv om prestasjonsmåling, og har eit delkapittel om motivasjon, så bør du avslutt med noko som koplar motivasjon til prestasjonsmåling – MEN aller helst bør teorien koplast til akkurat det du studerer – altså til det prestasjonsmålingssystemet du ser på i den bedrifta du hentar data frå.

Metode

Metodekapitlet skal formidle korleis du har henta inn all den informasjonen (altså data) du brukar til å vurdere problemstillinga. Dette kapitlet bør vere så detaljert, at ein ikkje opplever at ein treng å undersøke vedlegg. Målet med kapitlet er såleis å skape tillit til at funna dine er valide, reliable og generaliserbare. Det vil seie at funna svarar på det dei seier at dei skal svare på, at dei er til å stole på, og til ei viss grad er gyldige ut over nett det du har undersøkt. Regelen er at du skal skrive om det du har gjort, ikkje om alle dei tinga du ikkje har gjort. Om du gjer eit kvalitativt prosjekt, då skriv du om kvifor du har valt det og *ikkje* om kvifor du ikkje har valt eit kvantitativt prosjekt. Du skal heller ikkje skrive sidevis om vitskapsteori, men det kan vere gode grunnar for å skrive litt om vitskapsteori her og der.

Relevante delkapittel er: Val av metode, forskingdesign, kontekst, datainnsamling, databehandling, kvalitet og etikk.

Innanfor temaet kvalitet, er det viktig å synleggjere:

  • Kva som gjer at forskinga er gyldig (validitet)
  • Kva som gjer forskinga påliteleg (reliabilitet).
  • Korleis de har tenkt i høve generalisering av forskinga (naturalistisk, moderat, konseptuell generalisering)
  • Transparens
  • Refleksivitet
  • Integritet

Sjå Tjora 2017, Kvalitative forskningsmetoder i praksis, kapittel 8 for meir utfyllande forklaringar på omgrepa.

Funn

I denne delen skriv du eit samandrag av den informasjonen du har samla inn. I mange tilfelle vil det handle om at de slår saman funn for mindre grupper av informasjon til større grupper. Det er ofte naturleg å ha ein del for kvart av forskingsspørsmåla. I eksempelet om prestasjonsmåling, kan det vere fornuftig å ha t.d. overskriftene ”Kvalitet”, ”Dialog”, ”Samarbeid” og ”Kunnskapsdeling”. Det er ofte ein god ide å bruke ein variant av dei same overskriftene som grunnlag for å strukturere diskusjonen.

Her skal det ikkje vere 300 sitat eller 700 tabellar. Dette kapitlet er eit utval av informasjonen du har samla inn. Kvart tema i denne delen vert etterfølgt av eit lite samandrag. Dette samandraget kan med fordel omskrivast lett til å bli innleiing til kvar av dei same delane i diskusjonsdelen.

Diskusjon

Denne delen koplar hovedfunna til teori. Er funna i samsvar med teori? I motsetning til teori? Korleis kan ein forstå funna i form av teori? osb. Når diskusjonskapitlet er ferdig, har du fått samla relativt spreidde funn til nokre få punkt som de tek vidare inn i konklusjonen. Koplinga til teori er spesielt viktig i kvalitative undersøkingar, sidan ein på denne måten kan legitimere generalisering.

I dømet om prestasjonsmåling vil du ha ein del-konklusjon for ”Kvalitet”, ein del-konklusjon for ”Dialog”, ein annan for ”Samarbeid” og endå ein annan for ”Kunnskapsdeling”.

Skrivestilmessig er dette ei drøfting. Alle drøftingar har tre element: 1) Ei innleiing som har form som ei utgreiing (redegjørelse), 2) hovuddelen som er drøftande og 3) avslutninga som er konkluderande. Kvart tema du er innom i drøftinga bør ha denne strukturen.

Innleiinga er ei utgreiinga som tek utgangspunkt i funna. Deretter kjem ei vurdering av funna opp mot teorien i hovuddelen. I denne vurderinga er det ikkje behov for noko for/mot vurdering, men der må inn tydelege markørar som viser at du drøftar. Slike markørar er t.d. «om vi ser desse funna opp mot kvarandre/teorien…», «viss vi tenkjer oss at», «eit anna argument kan vere», «imidlertid er det også slik at» o.l. Slike drøftingsmarkørar er veldig viktige, fordi dei viser tydeleg at du gjer ei vurdering. I den siste delen av kvar drøfting, er det viktig at der er ein oppsummering. Altså at du snørar dette saman til ein slags konklusjon. Slike konklusjonar kan til dømes starte med: «det er dermed tydeelg at…», «vi ser her at…» eller «samla sett er det dermed slik at….»

Konklusjon

Konklusjonen samlar trådane frå diskusjonen til noko lite og konkret. Dette vesle er det ein kallar bidraget. Bidraget er det som dine arbeidstimar med oppgåva tilfører menneska si globale kunnskapsbase. Bidraget bør kunne formulerast i ei einaste setning.

I konklusjonen er det naturleg at du brukar teorien frå den første delen av teorikapitlet, og set del-konklusjonane frå diskusjonen inn på dei områda som du nytta til å lage forskingsspørsmåla. Om vi tenkjer oss dette inn i dømet, kan det vere at leiarane opplever at prestasjonsmåling aukar kvaliteten men reduserer dialog, samarbeid og kunnskapsdeling. I så fall må du vurdere dette opp mot teorien og vurdere korleis dette verkar inn på noko vesentleg for bedrifta.

Eg treng sjølvsagt ikkje nemne at konklusjonen skal svare på problemstillinga?

Om de gjer handverket ditt godt, så er oppgåva som ein liten krim-roman. Mordet er problemstillinga og mordaren er konklusjonen – dvs. svaret på problemstillinga. Teori, metode, funn og diskusjon er kapitla som gjer at lesaren tenkjer ”Sjølvsagt!!” når han/ho les konklusjonen. Diskusjonen og konklusjonen skal leie lesaren, i løpet av 1 time, dit som du har brukt 1000 timar (eller 2000 om de er to) på å kome om du skriv ei mastergradsoppgåve.

MEN

Det kan vere svært gode grunnar til å avvike frå denne malen, men i dei aller fleste tilfelle løner det seg å halde seg til den, fordi det er slik lesaren (og dermed sensoren din) i utgangspunktet forventar at den skal vere bygd opp. Det tyder i praksis at det ikkje er nok med svært gode grunnar, men at du også har evne til å gjere desse tydelege og forståelege for lesaren.