Ein-sidar

Når du har lese ei kjelde eller vore på ei førelesing, kan det vere ein god ide å skrive ein såkalla «ein-sidar» å ta vare på innhald og refleksjonar. I førebuingsfasen til skriving, er dermed ein-sidar eit nyttig verkty.

I all si enkelheit er ein ein-sidar ei side med tekst om eit tema. Teksten er din respons til det du har høyrt eller lest.

Ein-sidaren har mange gode ting ved seg:

  • I det du skriv den, omformar du tankane frå forfattaren/førelesaren sine til dine eigne.
  • Skrivinga fungerer som repetisjon og dermed lærer du meir.
  • Du kan ta den fram for å få eit enkelt oversyn over innhaldet.
  • Du har byrja prosessen med å forme stoffet til ditt eige, slik at bruk i t.d. oppgåver vert enklare.
  • Den er lett å dele med andre.

Einsidaren kan ha mange ulike former og ha mange ulike element. Frå ein samanhengande tekst til ein multi-modal tekst med video, illustrasjonar, animasjonar og tekstbokser. Bruk det du treng for å strukturere tankane dine.

Det er ofte lurt å ha to hovudtypar element i ein-sidaren: referat og refleksjon. På den måten koplar einsidaren innhaldet til tankane du fekk medan du las/høyrde på.

Inngangar til å skrive ein-sidaren kan til dømes vere:

  • Finn eit sitat eller tre, og skriv tankane dine rundt desse.
  • Finn ein illustrasjon og bygg refleksjonane dine rundt den. Illustrasjonen kan vere alt frå ein figur i teksten/førelesinga til ein video du har fått på Snap.
  • Ta tak i ei kjensle du fekk når du las/høyrde på, og forklar kvifor du fekk denne.
  • Spør eit spørsmål eller tre, og svar på det/dei.

Det du ikkje bør gjere:

  • Lage eit samandrag, for då lærer du lite.
  • Ikkje gi deg etter ei halv side, eller skriv fire. Då lærer du lite. (Om du MÅ skrive meir enn ei side – del opp det du skriv, slik at det vert fleire ein-sidarar. T.d. ein per kapittel el.l.)
  • Ikkje bruk mal (i alle fall ikkje før du har utforma og rutinisert din eigen måte å gjere det på).

Det du bør gjere:

  • Skriv namnet ditt
  • Oppgi referanse til det du har lese eller høyrt på.
  • For kvar av dei to til fire viktigaste elementa i teksten/førelesinga: Skriv eit kort avsnitt som oppsummerer innhaldet.
  • For kvart av avsnitta som oppsummerer innhaldet, skriv ut tankane dine. Det kan vere ting du ikkje forstod, ting du ikkje likte, ting du likte, konsekvensar du såg osb. Det viktige er at du tenkjer og koplar innhaldet til det du kan frå før.
  • Samle ein-sidarane dine ein stad, i ei mappe på datamaskina, i ein perm, eller i notatverkyet ditt på datamaskina. Om du skriv dei for hand, kan det å ta bilete av dei og lagre dei i skya vere ein god ide. Då har du dei på mobilen om du skal dele ei med andre.