Undervisning
Skrivekurs
29. august 2018
0

Kvart år startar vi første semester med eit gruppedelt opplegg for førsteårsstudentane. Eit av elementa i dette opplegget er skrivekurset som eg har hatt ansvaret for dei siste to åra. Kullet vert delt i tre, slik at alle opplegg vert køyrt 3 gongar, i grupper på mellom 30 og 35 studentar.

I skrivekurset har eg tre element:

  • Førelesing på omlag 45 minutt som omhandlar verdien av å skrive i studiet.
  • Bruk av referansefunksjonen i Word
  • Skriving av ein-sidar og samtale om denne med andre studentar.

Førelesinga i er ei tradisjonell førelesing der eg går gjennom ulike aspekt ved verdien av å skrive i høgare utdanning. Poenget mitt er at skriving både er studiekompetanse og yrkeskompetanse, og at om ein ikkje meistrar det så taper ein både i studiesituasjonen og i yrkeslivet. Det gjer at studentar både må skrive og snakke med andre studentar for å aktivere omgrep som vert introdusert i studiet.

Referansefunksjonen i Word introduserer eg ved å setje studentane til å jobbe seg gjennom ein video eg har lagt på Youtube. Studentane sit i klasserommet og ser videoen, jobbar med Word – og eg går rundt og hjelper dei som rettar opp handa. Dei får dermed jobbe i sitt tempo, diskutere seg imellom og eg kan hjelpe dei som har problem som går djupare enn det å ikkje få med seg ein demonstrasjon på lerretet. Til dømes fordi dei har feil versjon av Word, eller at dei ikkje kjem seg inn på nettet. Eg gir dei også lenka til døma eg har på bruk av referanser. Eg meiner dette er ein god måte å tilpasse undervisninga til den einskilde på.

Skrivinga handlar om at dei skal skrive ein ein-sidar om førelesinga. Dette gjer eg for at dei skal kome i gang med skriving. Eg tippar at det er 95% av studentane som skriv ein slik ein-sidar i i løpet av økta. Mange av dei som ikkje skriv har til dømes ikkje med seg datamaskin, eller den er oppteken med ei oppdatering eg har fått dei til å starte medan vi jobba med Word. Det er med andre ord berre nokre svært få som ikkje skriv fordi dei ikkje får det til eller ikkje vågar. Etter nokre og tjue minutt skriving ber eg dei avslutte, røyse seg, finne nokon dei ikkje har snakka med før og bytte datamaskin med dei. Dei skal så lese kvarandre sine tekster og snakke saman om teksten.

I år avslutta eg med ein mentimeter-presentasjon. Av dei 93 studentane som svarte, var det 10 som snakka med 1-2 andre studentar (6 av desse var i eine gruppa, og det var den eg gjennomførte i eit auditorium…). 45 snakka med 3-4 andre studentar og 36 snakka med 5-6 andre studentar. Når eg spurde etter det dei meinte var hovudverdien av økta, fekk eg 87 svar. Som forskar må jo desse kodast, må vite!

Ved hjelp av favoritt CAQDAS-programmet mitt, MaxQDA, koda eg først empirinært med 97 kodar som eg grupperte til 8 kodegrupper om eg igjen kunne finne fire hovudkategriar i. Ut frå dette ser eg dermed at verdien av opplegget går langs fire dimensjonar:

  • Det å gi og få kommentarar: Dette handlar både om det å bryte isen og få og ta imot kommentarar på eigen tekst, og det å kjenne på verdien av prosessen til dømes i form av auka motivasjon
  • Det å lære av og saman med andre: Dette handlar om at studentane opplevde at dei lærte noko av det å diskutere teksten med andre studentar.
  • Det å få innsyn i andre sitt perspektiv: Dette handlar om uttrykk av ei erkjenning av at det å få innsyn i korleis andre tenkjer både om temaet for ein-sidaren og om sjølve ein-sidaren er nytig for eiga forståing. 
  • Det å få erfaring med ei aktiv studentrolle: Dette strekkjer seg frå kunnskapar om krava til å vere student, via verdien av kontakt med andre til det å kome i gang med skriving og det å dele det ein har skrive. 

Alt i alt ser det ut for at eg har lagt eit grunnlag for at studentane skal ha verkty til å gjere noko med kjepphesten min i høve undervisning:

Den som lærer mest i eit klasserom er den som er mest aktiv – og alt for ofte er det læraren….