Sjekklister ved oppgåveskriving

Sjekkliste tre veker før levering

På dette tidspunktet må du stole på deg sjølv i svaret på desse spørsmåla:

  • Veit du kva konklusjonen skal bli?
  • Tilfører den noko til fagfeltet du skriv om? Vil den li eit bidrag?
  • Har du funn og teori som til saman dannar svar på forskingsspørsmål som støttar konklusjonen?
  • Har du empiri som støttar funna?

I så fall: Skriv!

Om ikkje: Gå deg ein tur og tenk ut ein ny konklusjon og gjenta øvinga.

Sjekkliste to dagar for levering:

  • Veit du kva klokka fristen er?
  • Har du allereie levert ein versjon? Alt kan gå galt. Då er det fint å ha levert ein nest siste versjon. (Det er den nyaste vi sensurerer. Dei tidlegare versjonane vert sletta.)
  • Har du svart på problemstillinga?
  • Har du eit bidrag? Utan eit bidrag er det vanskeleg å snakke om kva de har funne ut på eksamen.
  • Heng grunnen til at du skriv oppgåva (dette står i innleiinga framfor problemstillinga) saman med konsekvensane av at du har skrive den (dette står i konklusjonen med sus trøkk og schwung, plassert etter svaret på problemstillinga)
  • Er informantar som skal vere anonyme, anonyme? Ingen namn? Ingen indirekte identifisering?
  • Har du fått nokon til å lese gjennom oppgåva? Idiotiske feil kan av og til vere sjarmerande. Som oftast er dei irriterande.
  • Er framsida rett? Levere på namn? Kun oppgåver med namn vert publisert. Oppgåver med vesentlege manglar vert ikkje publisert, så det slepp du å vere redd for.
  • Sjekka vurderingskriteria? Sjekka formalkrava?
  • Same tittel på oppgåva som i Studentweb?
  • Er innhaldslista og kjeldelista oppdatert? Er forord, abstract og abstrakt på plass?
  • Vent med å feire innleveringa til du har levert. Feir slik du vil – 48 timar i senga, topptur, jobbehelg, kjærastebesøk eller på bordet med helane i taket og tenna i i tapeten.