Studentane sine tilbakemeldingar på bruk av surveyverkty i undervisninga

Eg har skrive om at eg har nytta Twitter og Surveyverkty i undervisninga for å legge til rette for studentaktiv læring. Etter at eg hadde gjennomført eit undervisningsopplegg om organisasjon og leiing i offentleg sektor (2t + 2 t +3t) der eg i stort monn hadde nytta surveyverkty for studentaktiv læring, køyrde eg ut ein survey til studentane.

Eg sende den til e-postadressene til studentane, 102 studentar, og fekk 42 svar.

Studentane var overveldande positive, og over 90% av studentane rapporterte at dei vart 1) meir motiverte, 2) meir aktive, 3) trivdes betre  og 4) lærte meir gjennom denne undervisningsforma enn elles. Dette var for meg overbevisande!

I form av eit fritekstfelt, ba eg studentane skrive kvifor dei var fornøgde. Svara handla i grove trekk om at variasjon i undervisninga er ein bra ting og at anonym skriftleggjering ga god læring. Nokre døme:

  • Jeg er fornøyd med undervisningen fordi den er variert og studentene får være deltakende.Vi får litt teori og får satt det i tankeprosses med en gang gjennom spørreskjema og felles gjennomgang.
  • Det å bruke spørreskjema gjorde at fleire blei deltakande, og at ein faktisk må følge med i timen. Det gjore det lettare og kjekkare å følge med.
  • Dette skaper en aktiv læringsprosess som skapte et godt engasjement i undervisningen.
  • Det som gjer meg fornøgd er ditt engasjement for temaet og din iver for formidling av temaet. Du trekk inn uvante og interessante læringsformer som klassa aldri har vore borti og som trekk mykje av oppmerksomheita mot temaet. Fortsett med det!
  • Kreativ undervisning som gjer det litt fengande for oss som ikkje er så glad i organisasjonsteori.
  • Lærte mye ved å se hva andre mener om samme tema/spm. Få litt inspirasjon.

Når eg spurde meir spesifikt om kva som var bra med å bruke spørjeskjema, fekk eg ein del overlappande svar, men også nokre svar som var meir utfyllande på kva som var bra. Det var tydeleg at studentane sette mest pris på, var knytt til at dei fekk svare anonymt, fleire fekk delta, og svara vart brukte i den vidare undervisninga i emnet. Nokre døme:

  • Man trenger ikke rekke opp hånden for å svare, noe som få liker å gjøre når vi er så mange i klassen.
  • Man får se resultatet av mine egne tanker vs andres tanker.
  • Her får vi på en måte bruke teorien i praksis. Jeg liker også at vi går gjennom spørreskjemaene sammen etterpå – da får jeg sett hvor jeg har svart riktig og feil, og lærer _myyyye_ mer av det.
    I tillegg får jeg en god mestringsfølelse når du leser høyt noen av svarene, og det er noen av mine svar somblir sagt høyt. Da blir jeg stolt, haha.
  • Reflekterende læring ved å bruke egne erfaringer og tanker.

Når eg spurte kva som var dumt med å bruke spørjeskjema kom der også nokre svar. Mange færre enn dei som var positive, og mange av dei skreiv «ingenting». Flesteparten av dei som då stod att handla om at eg hadde laga eit skjema som var for stort (eg hadde sett av 40 minutt til det). Mange av dei andre var opptekne av at det vart dødtid for dei som var raskast til å svare. Den som kom med den mest interessante kommentaren var denne:

Er ikkje kvar dag vi er like pratesalige, men når klassa først har blitt aktivisert på måten du no har gjort, trur eg at folk hadde deltatt enda meir aktivt med open diskusjon og spørsmål muntleg. Ein større kombinasjon mellom desse hadde vore ypperleg!

Dette skal eg ta med meg!

Helsetenestekonferanse Trondheim, mars 2017

Konferanseprogram

Utfordringar når ein skal yte gode og rette tenester

Roar Stokken1, Knut Hunnes2

  • Førsteamanuensis, Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag
  • Førstelektor, Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag

Helse- og sosialtenestene opplever eit auka krav til spesialisering, profesjonalisering og koordinering. Dette fører lett til både større skilnader og meir avstand mellom dei som må samarbeide for å yte tenester. På jakt etter utfordringar i tverrprofesjonelt samarbeid, har vi fått nokre historier.

Ei historie kan forteljast slik: Rusteamet hadde vore heime hjå ein brukar. Der hadde dei funne rekningar som burde vore betalte. Dei bad brukaren om å ta med seg rekningane og kome på kontoret deira dagen etter. Då kunne rusteamet hjelpe til, slik at dei vart betalt. Dagen etter stod sjukepleiaren frå heimebasert omsorg i kontordøra til rusteamet. Ho hadde tatt med rekningane; ho skulle jo same vegen og ville berre hjelpe til…

Ingen av historiene gir grunn til å tru at dei involverte har dårlege intensjonar. Dei har berre ulike prioriteringar og ulike måtar å hjelpe på. Dermed, trass i gode intensjonar, påverkar nokre involverte sine handlingar og strategiar, andre involverte sine handlingar og strategiar på ein negativ måte. Det oppstår med andre ord ein slags konflikt om behandlingsstrategi.

Strategikonfliktar er ikkje uvanleg i tverrprofesjonelt samarbeid, og løysinga er gjerne meir samarbeid og mindre tid til brukarkontakt. Dette prosjektet studerer grunnlaget for behandlingsstrategikonfliktar og korleis dei vert handtert. Vi fokuserer difor på korleis sosial- og helsearbeidarar handterer behandlingsutfordringar som er skapt av andre sosial- og/eller helsearbeidarar. Målet er å bidra til meir effektive samarbeidsmåtar og dermed meir effektive tenester.

Survey-verkty i undervisninga

Det å legge til rette for at studentane reflekterer under undervisningsøkta er viktig for meg. Eg har skrive om grunnen til dette, og eg har skrive om korleis eg har nytta Twitter i undervisninga. Twitter har fungert greitt, men eg er ikkje heilt nøgd. Eg veit eigentleg ikkje kvifor, men det gir meg (heldigvis) ein grunn for å leite etter andre måtar å legge til rette for at mange får reflektert og mange vert høyrde.

Høgskulen i Volda har kjøpt tilgang til surveyXact. Eg har nytta dette verktyet, og det er i prinsippet likt alle andre digitale surveyverkty. Ein lagar eit spørjeskjema, distribuerer det, og får ut rapportar. For meg er det viktig at det skal vere enkelt for studentane å ta del. Terskelen skal i prinsippet ikkje vere der. Difor gir eg studentane ei lenke og ei QR-kode dei kan nytte. QR-koden kan lesast på mobilen, t.d. i Snapchat, og lenka kan skrivast inn på både berbare og på telefonen.

Når surveyXact lagar lenker, vert dei ganske lange. Dømet under får til dømes lenka: https://svar.hivolda.no/LinkCollector?key=E1VU359Z3N9P. For å få den kortare, nyttar eg ein URLforkortar. Her har eg nytta http://goo.gl.

I undervisningsøkta ber eg studentane diskutere eit spørsmål i grupper på to til fire, for deretter å sende inn svaret. Medan studentane jobbar, tek eg fram undersøkinga og ser kva dei skriv. Når eit passeleg tal studentar har skrive noko meiningsfullt, byttar eg frå PowerPoint til rapporten eg har laga på førehand. Eg går då gjennom svara og peikar på dei elementa eg meiner er viktige for det vi skal jobbe vidare med. Eg nyttar den berbare maskina mi til å vise plansjane og den stasjonære i undervisningslokalet til å leite fram og klargjere det studentane skriv. Eg byttar mellom desse ved hjelp av kontrollpanelet på kateteret. Svara som studentane gav på dei fire oppgåvenem, lasta eg opp i læringsplattformen saman med plansjane mine.

Tekstsvar

Eg likar å legge inn ein refleksjon tidleg i undervisningsøkta. I dette tilfellet var temaet «Offentlege organisasjonar». Etter å ha gått gjennom den vanlege introduksjonen av tema og mål for dagen, slo eg fast at: «Ingen har sett ein organisasjon». Etter det gjekk vi rett på første refleksjonsøkt. Eg introduserer økta ved hjelp av følgjande plansje:

Både QR-koden og URLen fører til eit skjema som ser slik ut:

Sjemaet fungerer både på mobil og berbar. Studentane fyller inn kva dei meiner ein organisasjon er, og sender svaret. På dette spørsmålet fekk eg heile 53 svar frå omlag 100 studentar. Dei fleste svara var knytt til at menneske jobba saman mot mål. Her er eit lite utval av svara, der mange som var knytt til samarbeid mot mål er fjerna:

  • Mennesker som jobber sammen mot et bestemt mål
  • Organisme
  • En tjenesteyter
  • Det er en organisert virksomhet. Består av mennesker og et mål
  • En gruppe mennesker som jobber sammen om et felles mål
  • Er to eller flere mennesker som arbeider sammen for å utføre oppgaver der en skal oppnå et mer eller mindre klart definert mål. Altså, det er et bevisst, stabilt og målretter samarbeid mellom mennesker
  • Gruppe personer med satt struktur og regelverk som har et gitt formål.
  • En organisasjon er en gruppe mennesker som jobber mot et felles mål. Det skal være årsmøter, vedtekter,
    retningslinjer, et eller flere styrer (et nasjonalt, og eventuelt noen lokale styrer), og en skal være registrer i
    Brønnøysundregisteret (?).
  • Fleire mennesker som arbeider sammen og utfører en oppgave
  • Når en gruppe mennesker er sammen om et eller flere mål eller har like rammer

Eg viste svara som ein Word-rapport. På den måten kunne eg justere skriftstorleiken til noko som var lett lesbart for studentane.

Dei neste tre plansjane mine gjekk på kjenneteikn på organisasjonar ut frå pensumlitteraturen. Når eg gjekk gjennom dei, kunne eg vise til at svara deira hadde lite fokus på identitet og hierarki, men i stor grad på rasjonalitet.

Svare gjennom val av alternativ

Eit alternativ til det å hente inn tekst, er å køyre «meiningsmålingar» knytt til faste svar. I pensum er der ein forskingsrapport knytt til leiarar i offentleg og privat sektor. Eg laga eit spørjeskjema i surveyXact som såg slik ut:

Der var tilsvarande spørsmål for rektorar og bedriftsleiarar. I tillegg var der spørsmål om beslutningsstil og motivasjonsprofil. Resultata var slik:

«Fasiten» ut frå forskingsrapporten er at dei offentlege leiarane er mest forandringsorientert og bedriftsleiarane er i hovudsak personalorienterte.

Skillet mellom det studentane trur og det forskinga viser, gjer at eg kan justere fokuset mot der eg ser at det er grunn til å forklare og justere oppfatningane deia.

I sum

Eg fekk fleire svar gjennom bruk av surveyXact enn eg fekk gjennom Twitter. Det er tale om ei anna gruppe enn den gruppa der eg brukte Twitter. Det kan vere grunnen, men eg opplevde at bruken av surveyXact hadde ein lågare brukarterskel. Vidare er studentane anonyme i surveyXact, noko som gjer at det vert mindre farleg å skrive noko som er feil. Det eg ikkje fekk med surveyXact, var at studentane såg svara som dei andre gav etter kvart. Det har både positive og negative sider, men eg trur kanskje det er ei vinning for deira refleksjon sin del. Ein annan fordel med surveyXact i høve til Twitter, er at ein ikkje går inn i ein kommunikativ sjanger som ikkje oppfordrar til refleksjon. surveyXact gir også høve til å setje saman fleire spørsmål, slik at ein kan få ei lenger refleksjonsøkt.

I sum vil eg mest truleg ha surveyXact som førsteval neste gong eg treng eit verkty for studentaktivitet.