Induktiv analyse av data

Analyse av kvalitative data handlar om å finne mønster i det som vert sagt. Desse mønstra er i praksis tema som svarar på forskingsspørsmåla. Det er fleire strategiar i dette arbeidet, der ulike verkty kan bidra i prosessen på ulike måtar. I MaxQDA er strategien å først kode tematisk, og deretter skrive samandrag av innhaldet.

Arbeidsflyten er dermed:

  • Koding for å merke tekstelement med innhaldskategoriar
  • Skrive samandrag av tekstelementa
  • Skrive samandrag av samandraga
  • Nytte samandraga som grunnlag for tekstbearbeiding i rapporten

Videoar om bruk av MaxQDA finn du her

Koding for å merke tekstelement med innhaldskategoriar

Prosessen er at ein merkar tekstelement med tema som er i samsvar med problemstilling og/eller forskingsspørsmål. Om ein har ein gjennomtenkt intervjuguide, er dei sentrale temaa gjerne gitt i denne. I tillegg kan de kome andre tema som er relevante, sjølv om ein ikkje tenkte på dei når ein laga intervjuguiden.

Koding gjer ein ved å merke tekstensom inneheld det som er relevant for koden. Deretter klikkar ein på ein av dei tre kode-knappane som viser under (Sirkelen med ein strek opp og ein strek ned). Den til venstre kodar med innhaldet i nedtrekksboksen, den i midten lagar ny kode og den til høgra lagar ei ny kode med utgangspunkt i starten av den teksten som er merka.

Når ein klikkar på ein av desse, viser koden til venstre for den teksten som er merka.

Skrive samandrag av tekstelementa

Når ein skal skrive samandrag av tekstelementa, nyttar ein verktyet «summary grid». Dette ligg under fanen «Analysis». 

Det som kjem opp i «Summary Grid», er dei dokumenta og kodane som er aktiverte (Er raude). I dette tilfellet kjem det opp ein tabell som inneheld ein kode og to dokument. I dette dømet, er det berre koden «stolt» som vert nytta. Dette skuldast at det er berre dette elementet som er tatt ut av intervju på omlag ein time.

Tabellen som kjem opp, ser då slik ut:

Under «Summary» til høgre skriv du samandraget ditt. T.d.: «Alle (brukarar og personale) vert involvert og respektert på lik linje.»

Når der er samandrag vert ruta til vestre grøn, slik:

Skrive samandrag av samandraga

Du skriv samandrag av samandraga ved hjelp av verkyet «summary table».

Dette er litt fleire steg, så her kan det vere nyttig med denne videoen.

Nytte samandraga som grunnlag for tekstbearbeiding i rapporten

Kopier teksten frå tabellane med samandrag. Start med eit utval av samandraga du skreiv i «Summary Grid», legg til nokre sitat frå teksten som du nytta som grunnlag for samandraga for å illustrere poenga dine, og avslutt med oppsummeringa du skreiv som samandrag av samandraga.