Læring og bruk av teknologi

Å vere student, handlar om å byggje sin eigen kunnskap. Det å definere kva det vil seie, er ei krevjande øving. Eg skal difor ta utgangspunkt i ein svært enkel definisjon av kunnskap: Det å vere i stand til å løyse ei oppgåve.

Nokre oppgåver er enkle for dei fleste, til dømes å leggje saman to og to og få fire. Eg har utført dette reknestykket så mange gongar, at eg veit det. Eit barn må kanskje telje på fingrane for å få det same svaret. Barnet er såleis i stand til å løyse den same oppgåva som meg, men metodane er ulike. Det syner ikkje att på resultatet, men det får konsekvensar.

Då eg jobba som barneskulelærar, møtte eg elevar som gjorde det godt i matte på småskulen (1.-4. trinn), men som sleit når dei kom på mellomtrinnet (5.-7. trinn). Eg er overtydd om at mykje av problema skuldast at dei hadde lært seg ein løysingsstrategi som fungerte veldig godt på små tal, men som vart håplaus når tala vart større. Det å telje på fingrane fungerer godt det, når tala er under 100. Det er mykje verre når tala har fem siffer.

Når ein som student får ei oppgåve, er det såleis ikkje likegyldig korleis den vert løyst. Som student på ei profesjonsutdanning skal ein lære å tenkje som profesjonen. Ein må tilegne seg språket og tenkjemåtane som høyrer til. Det er såleis ikkje nok å lære pensum. Ein må klare å bruke pensum til å byggje opp ein kunnskapsbase som ein kan bruke når ein møter problem som skal løysast. Men det er eit viktigare aspekt ved dette.

Det er ein skilnad mellom barnet si hjerne og mi hjerne. Eg har andre strukturar enn han/ho, fordi eg har trena meir på å leggje saman to og to. På same måte er hjerna mi dårlegare utvikla innan matematikk enn hjerna til ein med PhD i matematikk, fordi ho/han har trena meir på å tenkje i matematiske termar og på matematiske måtar.

Når ein som student får ei oppgåve, er det difor viktig å ha fokus på det å byggje sin eigen kunnskap, ikkje på det å løyse ei oppgåve. Det gjer språk viktig. Det å vere kunnskaprik og dyktig og det å kunne uttrykkje seg er i profesjonssamanheng det same. I dette arbeidet er teknologi særs viktig.

Teknologi er ei velsigning. Bilen gjer at eg kjem meg fortare fram. Eg kan lagre ting på telefonen, slik at eg slepp eg å hugse detaljar. Alt i alt gjer teknologien at eg har eit meir komfortabelt og enkelt liv, der eg kan nytte kreftene mine på det som eg finn viktig eller kjekt. Men det har konsekvensar. Fordi det påverkar hjerna mi.

Når vi skal ein stad, kan vi enten bruke GPS, eller vi kan lære oss vegen. Om vi nyttar GPS, slepp vi å bruke krefter på det å finne fram. Då kan vi nytte kreftene på det å køyre, eller slappe av. Dette påverkar hjerna vår. Kvar gong vi lærer noko, aktiviserer vi ein del av hjerna vår. Dess meir denne delen vert aktivisert, dess lettare lærer vi fordi denne delen av hjerna veks.

Taxisjåførar i London må gjennom ein eksamen. Den sentrale delen av denne eksamenen handlar om å kjenne byen; kva som ligg kvar i forhold til kva. Når ein undersøkjer hjerna deira, ser ein at hippocampus (som er staden der ein lagrar stadsinformasjon) er større enn hjå andre. Som student er det difor viktig å trene opp dei delane av hjerna som er viktig.

Det som vert belønna i høgare utdanning er sjølvstende og vurderingevne. Om ein som student er på jakt etter svara, framfor det å trene på vurderingevne og sjølvstende, då utviklar ein feil del av hjernen. Dette er det same som med bilen og telefonen. Når eg nyttar bilen for å kome meg fortare fram, kan den hjelpe meg til å bli lat og sjukeleg overvektig. Når eg lagrar ting på telefonen, kan den hjelpe meg til å bli glømsk.

Internett, klipping og liming er fantastiske verkty. Men berre om ein har fokus på eiga læring og kunnskapsutvikling. Grunnen til at eg skriv denne teksten, er for å strukturere tankane mine, og eg brukar datamaskina fordi den hjelper meg å strukturere tankane mine betre enn om eg gjorde det på papir. Når det er noko eg lurer på, søkjer eg opp litteratur på Internett i staden for å bla i hyllene på biblioteket, fordi det går fortare. Teknologien gjer at eg vert meir effektiv, og lærer meir på kortare tid. MEN det er fordi eg har fokus på mi eiga læring.

Det å vere student på ei profesjonsutdanning, handlar som eg skreiv over om å lære å tenkje, snakke og skrive som profesjonen. Ein må tilegne seg omgrepa som høyrer til, og teoriane som ligg bak. Det gjer at denne delen av hjerna må utviklast. Når det er vanskeleg å skrive eller snakke om eit tema, skuldast det ofte enten at ein ikkje veit nok, eller at ein er for kritisk til eigne tankar.

Denne teksten er ikkje spesielt god. Men den ligg ute på Internett. Det gjer at eg må skrive den på ein annan måte enn om den var berre til meg. Eg må yte litt meir, noko som gjer at eg lærer meir. Også her vert teknologien viktig. Teknologien gjer deling lettare. Når ein deler tankane sine med andre gjer det to ting. Det eine er at ein gir dei som les eller høyrer på dei nye tankar, og det gir grunnlag for at ein kan få tilbakemeldingar og utvikle tankane sine.

Teknologien er altså fantastisk, om ein er medviten at målet er læring. Og ein kjempestor fare om målet er sjølve oppgåva. Løyser ein oppgåva ved hjelp av feil metode, endar ein fort opp som elevane på barneskulen, som har funne seg effektive strategiar for å løyse enkle oppgåver, medan dei vanskelege vert håplause.

Slik er det på profesjonsstudia. Det ein møter i løpet av studiet er dei enkle oppgåvene. Dei kan synast kompliserte og vanskelege, men dei er enkle, fordi dei ikkje handlar om ekte menneske. Høgskulen er berre eit treningsstudio – for hjernen. men om ein har trent godt, er det mykje lettare å lukkast i jobben.

Video som tilpassing

Vi krev at studentane skal nytte APA når dei skriv oppgåver. Dette vert monaleg enklare om ein nyttar referanseverktyet i Word. Men det å gi 130 studentar opplæring i bruk av referanser i Word er krevande.

Ei sentral utfordring i all undervisning er tilpassing. Når det er stort spenn i gruppa, er tilpassing krevjande, men konsekvensen av dårleg tilpassing er ikkje alltid like godt synleg. Når ein skal undervise ei gruppe i verktybruk, vert det ofte slik at dei raskaste vert sitjande og vente, medan dei seinaste ikkje klarer å henge med. Nokre kan mykje frå før, er trygge og lærer fort. Andre kan lite frå før, er utrygge og treng meir tid på å lære.

Når det er tale om verktybruk, er den enklaste forma for tilpassing, tilpassing av tid. Det er ei krevjande øving – med mindre ein flyttar dei generelle forklaringane over på video, og nyttar tida ein har saman med dei lærande til å svare på spørsmåla deira.

Eg har difor spelt inn ein kort introduksjon til refranser i Word som eg legg i e-læringsverktyet vårt. Undervisningsøkta vert då ikkje at studentane skal gjere som eg seier og viser. I staden sit studentane med videoforklaringa på skjermen sin, og gjer det same – i ulikt tempo. Då har eg frigjort mykje tid, slik at eg kan bruke tida på å hjelpe dei som har noko å spørje om.

Videoen er her: