Video i undervisninga

Eg har nytta video i undervisninga i lang tid. Her er eit oppsett over ein del av videoane der eg gir eit oversyn over grunn og teknikkar brukt.


Sosiale aspekt

Profesjonsmarkering 12/6 2020

Bakgrunn: Grunna korona-nedstenginga fekk vi ikkje gjennomført profesjonsmarkeringa på vanleg vis. Den vart erstatta av eit Zoom-møte. I ei normal profesjonsmarkering er det at tilsette helser på og snakkar med dei ferdig utdanna studentane ein viktig del ut over talar og liknande.
Pedagogisk grunn: Skape ei felles helsing frå miljøet
Verkty: Opptak på mobiltelefon (iPhone), Redigering i iMovie
Utvikling: Utnytte videoformatet til noko som ikkje kan gjerast i ei ordinær profesjonsmarkering
Tidsbruk: Ca 4 timar


Videoførelesingar

Innleiing til leiing 16/4 2020

Bakgrunn: Grunna korona-nedstenginga måtte førelesingar flyttast online. Eg valde stort sett ein modell der videoar og video-møte vart kombinert. I Zoom møta var der i regelen ein fellesdel, ein gruppediskusjon og ei oppsumering.
Pedagogisk grunn: Bakgrunn til videomøte
Verkty: Skjermopptak med Quictime, eige bilete henta frå Zoom og redigering i iMovie
Utvikling: Legge inn bilete i bilete i opptaket
Tidsbruk: Ca 3 timar


Studenthjelp

Modell-film 17/4 2020

Bakgrunn: Grunna korona-nedstenginga måtte ein presentasjon flyttast frå klasserom til nett. Studentane laga difor ein video i staden for å framføre ein presentasjon. Ein del studentar ba om hjelp til korleis dei skulle løyse det.
Pedagogisk grunn: Modellæring
Verkty: Opptak på mobiltelefon (iPhone), Redigering i iMovie
Utvikling: Legge på kommentatorspor i iMovie
Tidsbruk: Ca 4 timar