Abstrakt/Samandrag

Eit abstrakt er eit samandrag av eit stykke vitskapleg arbeid. Det kan til dømes vere av ein artikkel, ein rapport, eit forskingsprosjekt eller ei bachelor-/mastergradsoppgåve.

Abstrakt vert nytta både som innleiing til ein lenger tekst og som «inngangsportal» til vitskaplege foredrag og publiseringar. Når det er tale om konferansar og skriveprosjekt, er det ikkje uvanleg at ein først må sende inn eit abstrakt. Dette vert vurdert av redaktør(ane), og ein får så vite om bidraget passar inn i det dei har tenkt seg eller ei. Ein får deretter lov til å sende inn heile teksten. Nokre konferansar krev berre abstrakt.

Abstraktet skal skildre innhaldet i prosjektet i løpet av nokre få ord. Om abstraktet skal sendast inn, får ein i regelen vite kor mange ord ein kan nytte. Oftast ligg ramma på mellom 200 og 400 ord. Nokre gongar er det også krav til struktur.

Abstraktet har i utgangspunktet fem delar:

  1. Bakgrunn/introduksjon
  2. Tilnærming/metode
  3. Funn/diskusjon
  4. Konklusjon

Abstrakt er korte, og dei må dermed vere konsise og kommunisere tydeleg. Det gjer at ein ofte må fråvike denne malen – men då skal ein i utgangspunktet ha gode grunnar for å gjere det.

Uansett struktur, det viktige med abstrakt er at dei både er innhaldsrike og er lette å lese.

I den følgjande teksten har eg lagt inn to døme. Begge døma er mine eigne. Dei er langt frå perfekte, og det illustrerer at ein heile tida må gjere vurderingar av kva som er lett å skrive på ein enkel måte. Det som er vanskeleg skal ikkje i abstraktet. Det må få vere i presentasjonen/teksten.

Døme 1: Stokken, R. (2011). (Un)Organizing Equal Collaboration Between Users and Professionals:on Management of Patient Education in Norway. Health expectations, Forthcoming.

Døme 2: Stokken, R., Barstad, J., & Thokle, G. (2012). Impeding or Promoting a Grassroots Phenomenon?—On Self-Help Projects as Public Sector Means in Norway. International Journal of Self Help and Self Care, 6(1), 89-113.

BakgrunnIintroduksjon

Denne delen skal forklare for lesaren kvifor arbeidet er viktig. Ein god måte å gjere dette på, er å 1) introdusere temaet ein jobbar innanfor. 2) Slå fast noko ein ikkje veit, og 3) forklare kvifor dette er viktig. Ein kan gjerne ha med kvar ein plasserer seg i eit vitskapleg felt, gjerne i form av viktige teoretikarar.

Dette avsnittet avsluttar med noko i nærleiken av problemstillinga. Ofte kan det vere lurt å skrive den litt om, og ikkje berre kopiere den på plass. Det kan også vere relevant å seie noko om teoriar/perspektiv ein nyttar.

Uansett: Det viktige er å få lesaren til å ha lyst til å fortsetje.

Døme 1:

This is an article about how patient education is managed in Norway, but it also addresses a matter of broader relevance that of how an organization imbued with a request for rational choices is able to take on board a contradictory ideology. In Norway, patient education under the auspice of hospitals is to be conducted as an equal collaboration between users and professionals, posing challenges to the ethos of rationally justified choices within the hospital sector. This calls for an exploration of how the organization copes with the contradictory demands.

Døme 2:

Healthcare systems provide a context that shape and respond to the contours of self-help/mutual aid, making the country context highly relevant. A heterogeneous country like Norway allows for the relations between self-help and the healthcare system to develop in multiple ways.

Tilnærming/metode

Denne delen skal forklare korleis du har gått fram for å finne svar på problemstillinga. Det er rett og slett metodekapitlet på to-tre linjer.

Døme1:

A theoretical approach on the basis of theories from Scandinavian institutional theory and science and technology studies, informed by documents, interviews and experiences from national, regional and local levels in Norway.

Døme 2:

To investigate whether, and in that case how, self-help responds to and becomes shaped by the health care system at municipal level, we used one telephone survey (2008 – 2009) and two Internet based surveys (2010).

Funn/diskusjon

Her er eit samandrag av det du har funne ut. Ikkje i detalj, men berre det aller aller viktigaste. Det kan vere heilt greitt å ta med litt tolking her.

Døme 1:

The field of patient education is divided into three decoupled domains: one at management level, one at the practical level, and in the middle a domain that acts as an interface between management and practice. This interface mediates the relationship between ideas and practice, without making overt the fact that ideas might not be possible to put into practice and that practice might not reflect ideas.

Døme 2:

Self-help groups were not only found to be more available, but also more viable in urban than in rural areas. Self-help groups in rural areas generally were more intertwined with public sector, thus becoming more dependent upon professionals. Rural respondents were more inclined to see self-help groups as a tool to become more autonomous and achieve personal gain, while respondents from urban municipalities were more inclined that self-help groups mainly pursue mutuality issues.

Konklusjon

Dette er det aller viktigaste funnet ditt…

Døme 1:

The decoupling of practice and management allows patient education as equal collaboration between users and professionals to thrive as an idea, not subjugated by practical challenges. Thus, it can exist as a guiding star that both management and practitioners can attune to, but this situation might now be threatened by the demand for quality assurance in the field

 

Døme 2:

To increase the availability and viability of self-help in rural areas, one might need to reframe the conceptualisation of self-help into a framework were professionals not are excluded but understood and respected as viable participants of the local community and the self-help groups.