Er det obligatorisk?

Første året på sosionom- og barnevernsutdanninga er delt i bolkar. Kvar bolk vert avslutta med eit opplegg som er meint å gi studentane høve til å integrere og aktivere kunnskapen dei har tileigna seg gjennom førelesingar og pensumlitteratur.

Bolken om «oppvekst og familie» vert avslutta med tre dagar kasusarbeid. Første dagen får dei ei orientering av ein av teamleiarane i barnevernstenesta i Volda og informasjon om opplegget . Deretter jobbar dei med eit kasus som tek utgangspunkt i ei bekymringsmelding til barnevernet. Kvar gruppe skal konstruere grunnlagsdokument og ein tiltaksplan.

Siste dagen får dei vite korleis dei fire ulike kasusa heng saman. Deretter skal fire og fire grupper samlast for å presentere tiltaksplanen og gjere endringar i den ut frå den nye kunnskapen dei har fått. Alle grunnlagsdokumenta skal innehalde ein faktadel, ein teoridel og ein refleksjonsdel.

Det er eit lite stykke frå korleis dei jobbar i barnevernet, men målet er å legge til rette for at dei får reflektert saman og aktivert kunnskapen sin. Så i valet mellom «rett barnevernspraksis» og «god tilrettelegging for læring», valde vi det siste.

Ikkje uventa kom spørsmålet om «opplegget er obligatorisk» plingande inn på telefonen. Svaret mitt på spørsmålet vart omlag:

Det er gruppearbeid. Om du ikkje er med på det, går det ut over dei andre i gruppa. I tillegg er det i praksis ei oppsummering av bolken, så det er kanskje ein dum ting å velje vekk om du skal klare eksamen. 

I retur kom ei melding om at det var klarert med gruppa. Då svara eg slik:

Om dei seier det er greitt er ein ting – men dei går like vel glipp av den kunnskapen og dei tankane du har, og ikkje minst dei perspektiva du kan bidra med. Men det er di læring, og det er du som skal kvalifisere deg til å bli ein god sosialarbeidar. Oppgåva og ansvaret er ditt – vi har berre ansvaret for å legge tilhøva til rette for god læring.

Studentar har eit liv på utsida av studia som kan gjere arbeidet med studiet vanskeleg. Det er også studentar som i praksis har viktigare ting å gjere enn å lære det som er tema dette semesteret, rett og slett fordi dei ikkje har stått på eksamen førre semester.

Studentar som ikkje kan prioritere opplegget, vert ofte hengande etter. Det skaper utfordringar for dei studentane dei samarbareider med på mange måtar. Etter mitt vit er dei to viktigaste at 1) dei ikkje kan bidra til kvarandre si læring like godt som dei andre, og 2) at deira fråkopling kan verke demotiverande på dei andre.

Obligatorisk oppmøte er eit verkemiddel for å redusere sjansen for at studentane vert hengande etter. Likevel er eg ikkje berre glad for det. Det har sine positive sider, men når fokuset vert formalitetane framfor læring og dei mellommenneskelege forpliktingane er det ikkje bra.  Spesielt ikkje når vi utdannar sosialarbeidarar.

Den som lærer mest…

For snart 20 år sidan jobba eg også på Høgskulen i Volda. Då kom eg i snakk med Ivar Lotsberg som la på bordet ei erfaring om at talet på aktive studentar i dialogundervisninga er uavhengig av gruppestorleik. I ei gruppe på 8 studentar, er alle 8 studentane aktive. I ei gruppe på 100, er det også 8 studentar som er aktive. Om det er 6, 8 eller 10 som ikkje er aktive, er ikkje poenget her, men at store grupper gjer at studentane vert mindre aktive.

Eg har aldri lest meg opp på empirisk forsking på dette temaet, men erfaringane mine er dei same som Ivar Lotsberg sine. Eg veit også nok om sosiologi og psykologi til å kunne stable på beina ei rekkje teoriar som kan støtte opp om denne erkjenninga. Det har eg heller aldri gjort, for erfaringa med store grupper si passiviserande effekt, er at den legg seg side om side med ei anna sterk erkjenning: Den som lærer mest i eit klasserom, er den som er mest aktiv. Alt for ofte er det læraren.

Desse to erkjenningane gjer at eg i første rekkje har fokus på kva og korleis studentane skal lære. Deretter kjem kva eg skal gjere, og til slutt kva eg skal seie. Det å legge til rette for at studentane skal vere aktive, vert såleis svært viktig. Spesielt sidan det å bli sosialarbeidar handlar om mykje meir enn å ha den rette kunnskapen.

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) slår mellom anna fast at studentar som har gjennomført ei bachelorutdanning skal kunne utveksle synspunkter og erfaringer med andre med bakgrunn innenfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis. Når ein kombinerer dette med at dei også skal kunne anvende faglig kunnskap og relevante resultater fra forskningsog utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillinger og treffe begrunnede valg, då vert det å ha god forståing for sentrale omgrep innanfor faget svært sentralt. Når ein skal lære omgrep, er det å teste ut eige forståing for omgrepa heilt avgjerande.

Som lærar, har eg eit rikt register av måtar å legge til rette for det å teste ut eiga forståing. Frå den klassiske dialogundervisninga, via gruppearbeid, til prosjektarbeid. Det er berre det at mange av desse metodane vert svært vanskelege når gruppa ein underviser er stor. Sjølv dialogundervisninga vert altså vanskeleg. Eller det vil seie, ein kan kome i dialog med 6-10 av dei som sit fremst, men det er ikkje nok om ein tek på alvor at ein skal legge til rette for refleksjon og omgrepslæring.

Om det er få som er aktive bidragsytarar til undervisninga, er det få som får testa ut om deira forståing for omgrepa er rett. Då har vi altså ein situasjon der mange, av ulike grunnar, vert sitjande att med omgrep som dei ikkje har fått testa ut og gjort til «sine». Dei forblir passive. Det er som med anna språkopplæring. Det er eit viktig skilje mellom aktivt og passivt ordforråd.

Den store utfordringa i det å ha ansvaret for undervisningsøkter med mange studentar, er såleis å legge til rette for at studentane kan flytte omgrepa frå deira passive ordforråd og over i det aktive ordforrådet. Det å nytte dei «rette» orda er trass alt ein viktig premiss for å bli tatt på alvor som profesjonell.

For å legge til rette for studentaktivitet i store grupper, prøvar eg ut ulike metodiske og teknologiske løysingar.

I andre bloggpostar har eg skrive om min bruk av:

Sosialarbeidaren i tverrprofesjonelt samarbeid

Helse- og sosialtenestene opplever eit auka krav til spesialisering, profesjonalisering og samarbeid. Når ein set saman tverrforfesjonelle grupper, så er det fordi ein meiner at ulike faglege perspektiv er viktige for å løyse oppgåvene. Med auka spesialisering aukar også ofte skilnadane og avstanden mellom dei som må samarbeide for å gi pasientar/brukarar så gode tenester som råd.

Godt samarbeid er kritisk for å yte så gode helsetenester som råd, men det er ein kompleks prosess som må synkroniserast – men ting er ikkje så enkelt som ein ofte kan håpe – nemleg at dess meir samarbeid og dess sterkar leiing dess betre. Endre Sjøvold (2010) har eit godt døme frå to lag som deltek på to militærøvingar. Det laget med den sterkaste uformelle leiaren løyser dei enkle oppgåvene fort, medan eit anna lag, utan ein sterk leiar, jobbar seinare men løyser dei vanskelege oppgåvene betre. Når han mappar rolleforståingane i forhold til fire dimensjonar, ser han at det raske laget er forholdsvis samla, medan det beste laget har større spreiing. Når planlegginga av ein operasjon vert mappa, ser Sjøvold at eit team endrar seg når ein sterk senior-lege kjem inn i planlegginga. Teamet går frå å sjå ut som det beste laget til å likne på det raskaste laget.

Sjøvold meiner at det er fire aspekt ved teamarbeid som må takast omsyn til om ein skal forstå team:

  • Målorientering – frå kontroll til omsorg
  • Autonomi – frå opposisjon til avhengigheit
  • Læringsevne – frå tilbaketrekning til synergi
  • Påverknad – frå innflytelse til passivitet

Eit godt team har i seg kontroll og omsorg, opposisjon og avhengigheit, tilbaketrekking og synergi, og innverknad og passivitet – i varierande grad, frå varierande aktørar – og alt etter samahengen. Dette viser kor krevjande det er å vere i eit team.

Det er lett å vere sterk når ein har sikre fakta, og det er lett å legge seg bakpå når det ein har med seg er litt meir ullent. Når sosialarbeidarar skal vere i team med helsearbeidarar, er det lett for desse å legge seg litt meir bakpå enn dei burde. For, med unntak av juss er kunnskapane til helsearbeidarane mindre objektive enn mykje av helsearbeidarane sine kunnskapar. Men at kunnskapar er mindre sikre, medfører ikkje at dei er mindre viktige – i alle fall ikkje i teamsamanheng – for når alt kjem til alt – så er det dei ulike perspektiva som legitimerer teamet.

For sosialarbeidarane er det dermed viktig å «stå på sitt» lenge nok, og for oss som utdannar sosialarbeidarar er det viktig å gi studentane nok tryggleik til at dei kan framhande sine perspektiv i møte med andre profesjonar på ein god måte.

 

Sjøvold, Endre. (2010) Ledelse og utvikling av høytelsesteam – et spørsmål om mestring av kompleksitet og balanse. Scandinavian Journal of Organizational Psychology. vol. 2 (1).