Å skrive som student

Det er berre ein måte å bli god til å skrive på. Det gjennom å skrive – og lese det ein skriv på ein kritisk måte – for så å skrive det om. MEN trening er ikkje nok. Ein må også kunne spelereglane. Og der er mange reglar for akademisk skriving. Eg samlar ein del reglar her, men før du ser nærare på reglane for akademisk skriving, bør du sjå nærare på korleis eg forstår nettopp akademisk skriving.

Det som kan synast vanskelegast for mange, er bruk av referanser.

Førebuing til oppgåverskriving

For å kunne skrive, må ein ha noko å skrive. I dei fleste tilfelle må ein setje seg inn i eit tema før ein skriv noko. Det tyder i mange tilfelle at ein må lese tekster og høyre på folk som kan noko emnet. I den prosessen kan det å skrive ein ein-sidar om det ein har lest/høyrt vere ein god idé.

Problemstilling

Kvalitet på akademisk skriving handlar om to ting: Innhald og form. Sjølv om forma er viktig, er innhaldet viktigare. Det er ikkje hjelp i god form, om innhaldet ikkje er der. Det viktigaste for å få til eit godt innhald er problemstillinga. Det er fordi den har to viktige funksjonar. Den eine er at den styrer skriveprosessen. Den andre er at den hjelper lesaren til å forstå kva teksten handlar om – og så er den kjernen i akademisk skriving – nemleg å skape ny kunnskap. Det tyder i praksis at det handlar om å finne svar på eit spørsmål. Kjernen i dette er å konstruere ei problemstilling som ein gjennom teksten utviklar svaret på. Når kvaliteten på teksten skal vurderast, så er det viktigaste at problemstillinga forsvarar teorivalet, empiriutvalet og analysen. Det gjer at problemstillinga må styre desse tre – men i praksis er det ikkje slik. I dei færraste tilfella vel ein ei problemstilling, og deretter alt det andre – men det må framstillast slik for at teksten skal bli lett å lese. Meir om problemstilling her