Computer Assisted Qualitative Data Analysis (CAQDAS)

Ikkje automatisert koding – men hjelp

Det meste ein kan gjere i SPSS kan ein gjere i Excel på ein mindre effektiv måte

Det meste ein kan gjere i CAQDAS kan ein gjere i Word – på ein mindre effektiv måte.

Eg saknar eit verkty vi kan tilby studentar og kollegaer – og som er enkelt å bruke.

Vi har 30 maskiner med nVivo – 14 på datasalar – 16 på tilsettmaskiner. (Og kanskje fleire enn meg som har t.d. NTNU-lisens på det) Dei einaste som eg har funne ut nyttar det aktivt er stipendiatane. Resten er folk som har intensjonar eller som ein gong nytta det. Eg tenkjer dermed mitt om programmet…

Dataverktyet bør vere så transparent som råd

Dess mindre krefter på verktyet – dess meir krefter på innhaldet.

Eg har nytta nVivo, HyperResearch og MAXQDA. Små skilnader – men normal koding og gruppering kan ein i alle. Det siste er det enklaste.

Eg nytta det i 122-kurset på sosialtarbeidarutdanninga – nesten ingen spørsmål om tekniske ting. I tillegg – kliss likt på Mac og Windows.

Det er vanskeleg nok å kome i gang med forsking, om ikkje verktyet også skal vere ei barriære.

 

Der er tre utgåver:

1) Standard som støttar kvalitativ analyse
2) Plus, som i tillegg har støtte for kvantitativ tekstanalyse
3) Pro, som i tillegg til kvantitativ tekstanalyse også har støtte for statistisk analyse.

Eg tenkjer at det er versjon 1 dei aller fleste treng.

Så er der to modellar for lisensar:

1) ein kjøper lisens – og har den for alltid (eller i det minste til ein føler at ein må oppgradere). (ca $500)
2) at ein leiger lisens – og må fornye avtalen kvart år. (ca $140 per år)

Om vi kjøper 15 lesensar får vi 25% rabatt.

Eg tenkjer at det er betre å leige enn å kjøpe. Då mister dei som ikkje brukar programmet lenger tilgang – og det bør vel vere ein fordel. Og om nokon treng det i 4 år, så kostar det litt meir – men då har det sikkert kome ei oppgradering også….

Det tredje alternativet er at vi kjøper campus-lisens. Det vil kome på omlag $10 000 per år – så før det løner seg er vi oppe i ca 90 lisensar.