Helsing på avspark for Balansehub i Volda – som ein del av det nasjonale prosjektet «Nettverksstøtte til å fremme kjønnsbalanse i norsk forsking».
For nokså nøyktig fire år sidan, i februar 2017, hadde Høgskulen i Volda eit seminar om Likestilling og karrierebygging i akademia. Arrangør var Utval for likestilling og mangfald og Forskingsutvalet i fellesskap.
Tittelen på seminaret var: «Korleis kan fleire nå toppen?» og på seminarplakaten var det eit bilde av ein kvinneleg fjellklatrar i ein nokså bratt motbakke, ein skremmande loddrett fjellvegg. Er det så vanskeleg for kvinner å nå toppen?
I samband med seminaret i 2017 gjorde eg opp ein status og historikk for høgskulen når det gjeld likestilling og kvinners rolle på Lærarskulen, Distriktshøgskulen og Høgskulen i Volda i eit blogginnlegg.
Status i 2017 var at kvinner var i fleirtal blant studentane, stipendiatane og høgskulelektorane på Høgskulen i Volda. Kvinner var altså framtida for høgskulen. Men blant førstekompetente og toppkompetente var menn i fleirtal.
Kva så med historia?
Høgskulen vart starta først i 1861 og fekk ein ny start i 1895. Og historia fortel at etablerarane, alle rektorane og alle som bestemte noko, det var menn. Men med lærarskulen opna også verda seg mot Volda, og Volda opna seg mot verda.
For å dra ein liten parallell til klatring, så var det nett i desse tiåra på slutten av 1800-talet at verda, eller i alle fall klatrarane, oppdaga oss og fjella på Sunnmøre: Britane William Cecil Slingsby og Charles Watson Patchell klatra på Sunnmøre og gjorde vårt alpine landskap kjent – i dei same åra som lærarskulen blei til.