Likestilling og karrierebygging: Kvinnelege akademiske pionerar i Volda

Utval for likestilling og mangfald og Forskingsutvalet arrangerte 15. februar seminaret «Løyper mot toppen: Likestilling og mangfald i akademia». Les program for seminaret.

Korleis kan fleire nå toppen? Seminar om likestilling og karrierebygging i akademia

Nedanfor står mi innleiing på seminaret der eg blant anna løfta fram dei kvinnelege akademiske pionerane i fag og leiing ved Høgskulen i Volda. 

Forskarforbundet ved Høgskulen i Volda held 17. mars også eit seminar om litt av dei same spørsmåla: «Karrierepolitikk og karriereutvikling for vitenskapelig ansatte i UH-sektoren» – med bidrag frå blant andre Rakel Christina Granaas – tidlegare HVO-tilsett som no arbeider i UHR (Universitets- og høgskulerådet).

Kvifor har vi eit slikt seminar ved Høgskulen i Volda – og kvifor no? Er ikkje akademikarar blant dei aller mest opplyste og progressive? Der likestilling er sjølvsagt – også i karrierebygging? Det kan godt hende, men det er også slik at framsteget kjem ikkje av seg sjølv, men må få litt hjelp – eitt steg om gongen.

Ein observasjon eg gjorde som lærar på avdeling for mediefag for mange år fortel litt om kva mekanismar som fungerer: Kvinnelege og mannlege studentar hadde like gode karakterar for å kome inn på studiet. Men i klasseromet opplevde eg gong på gong at jentene svært ofte starta sine spørmål og svar med ei lite orsaking eller eit lite atterhald. Gutane på si side gjekk rett på svaret, rett eller feil – men inga orsaking eller atterhald å spore. Eg gav beskjed til jentene om at eg ikkje ville høyre slikt utanomsnakk – og håper at dei var samde i at det var rett at dei endra seg og vart litt meir som gutane: Tenk at du er flink og har noko viktig å bidra med – kast deg ut på det! Slik vi ventar at journalistar skal gjere. Eg håper det var rett medisin.

Kompetansebygging og karriereplanlegging hos  akademikarar bør normaliserast og gjerast til noko som er naturleg og forventa av fagfolk på Høgskulen i Volda – som for alle andre institusjonar. Det kan ikkje vere slik at det er hemmeleg eller privatisert at ein har planar om å fordjupe seg fagleg og forske for å gjere faget og høgskulen betre. Det vil også studentane tene på.

Då vi for nokre år sidan for første gong lyste ut professorstipend og fekk heile 11 søkjarar så tolka eg det som at vi er i ferd med å gå i rett retning.

Korleis ligg vi an i Volda? Eg vil svare på det med å sjå litt tilbake – før eg vil sjå framover – mot måla.

Og det heile startar med studentar: Utan studentar og skuleelevar – ikkje nokon skulestad.

Etter manges meining er 1861 året då høgare utdanning i Volda tek til då den kombinerte folkeskulen og lærarskulen vart starta: Voldens høiere almuesskole med annecteret dannelsesanstalt for folkeskolelærere som var det fullstendige namnet. I åra 1861-1880 vart det utdanna ca 250 omgangsskulelærarar. Men ingen kvinner. I alle fall skriv ikkje Jostein Nerbøvik om kvinnelege elevar.
Klassebilde: Ca 1861? Bilde henta frå Peder Bergems 100-års historie for Volda lærarskule (side 31).

Det toårige private lærarseminaret starta opp i 1895 – og i 1900 kan vi lese av elevlistene at dei to første kvinnene var uteksaminerte på det toårige seminaret: Det var Klara Marie Sivertsen frå Bergen og Marie Vartdal frå Vartdalsstranda.

Rundt 1920 hadde talet på kvinnelege studentar auka så mykje at det var like mange kvinner som menn blant studentane. Slik har det stort sett vore sidan. I dag er kvinnene i klart fleirtal blant studentane og utgjer rundt 2/3 eller 3/4 av alle studentar.
Studiestart ved Høgskulen i Volda hausten 2016

Men kvinnelege studentar treng også kvinnelege akademiske forbilde. Og har dei fått det? 100 år etter at dei vart i fleirtal i elev- eller studentflokken?

Vi kan starte med å finne svar på det spørsmålet ved å prøve å finne ut kven som var den første kvinnelege lærar ved lærarutdanninga i Volda? Det er faktisk eit spørsmål som kan ha fleire svar – eller dette bør det forskast på som det heiter.

Men eg trur mange vil løfte fram Synnøve Riste som ein god kandidat. I lag med mannen Per Riste dreiv ho det som blir kalla ein Målskule i heimen på Rotset i Volda – dette skjedde i åra 1885-1888. Unge Synnøve var mange år føre si tid, orientert om si tids tankestraumar – ikkje minst i spørsmålet om likestilling. Ho fortener å bli hugsa og verdsett. Høgskulen i Volda har gjeve sitt bidrag til det ved å kalle opp det nyaste høgskulehuset etter ho: I Synnøve Riste-huset held dei fleste lærarutdannarane til.

Les meir om Synnøve Riste i Allkunne.no.

Forkynning. Fellesskap. Forsking. Volda lærarskule 1895-1995
I Peder Bergems 100-års jubileumsbok for Volda lærarskule – eller rettare sagt i eit tilleggshefte – finn vi også lister over lærarar.
Kven er så dei første kvinnelege lærarane? Johanne Kaarstad, kona til Henrik Kaarstad var lærar ved lærarskulen frå 1895-1927. Faget var handarbeid. Også døtrene Kjellaug – gift Tjensvoll og Oddrun Kaarstad arbeidde også som lærarar på lærarskulen.

Men det første namnet på ein kvinneleg lærar utanfor Kaarstad-familien er truleg mindre kjent: Nille Moldestad Velsvik var timelærar i gymnastikk frå 1910-1912. Eg har diverre ikkje klart å finne ut meir om ho. Men Google tryller fram eit bilde der ho er eitt av medlemmene i 17.mai-komiteen i Volda ungdomslag i 1911. Og det bildet står i Romsdal sogelags årsskrift for 1984 – og er utlånt frå Jostein Nerbøvik.

Dei to første kvinnelege lektorane på lærarskulen var truleg Lovise Heggen og Oddrun Kaarstad. Lovise Heggen er nok mest kjent av dei to. Heggen avla eksamen ved lærarskulen i 1914. I 1922 var ho lærar på Volda lærarskule før ho reiste vidare og studerte i Oslo. I 1930 tok ho  det som heitte embetseksamen i norsk ved Universitetet i Oslo og kom i 1932 tilbake til Volda lærarskule der ho arbeidde fram til 1957.

Oddrun Kaarstad tok også embetseksamen i Oslo på nesten same tid – i 1932, og i Norsk biografisk leksikon står ho oppført som lærar ved Volda lærarskule fram til 1934. Oddrun Kaarstad var også cand.philol og hadde eit mangfaldig liv etter tida i Volda.

Både Lovise Heggen og Oddrun Kaarstad var internasjonalt orienterte kvinner og hadde fleire opphald på utanlandske lærarstader.

Det er kanskje farleg å nemne for mange namn – då aukar faren for at nokon blir oversett. Men ei anna kvinne som bør nemnast er Oline Sukkestad. Ho vart i 1933 headhunta av Henrik Kaarstad for å arbeide på øvingsskulen til lærarutdanninga.

Etter det eg kan sjå var korkje Lovise Heggen, Oddrun Kaarstad eller Oline Sukkestad gifte. Det var nok ikkje råd å kombinere fag og familie – for kvinner på den tida. Eller vart oppfatta slik.

Eit anna fellestrekk ved desse tre kvinnene er at dei ikkje har fått nokon framståande plass i lærarskulens historie. Det kan hende at det var ei rett vurdering. Men i det heile er kvinnelege lærarar lite framtredande i historieskrivinga om oss sjølve. Dette er noko Reidun Høydal tidlegare har peika på og gjeve bidrag til å rette på.

Når vi får ei ny historie – kanskje ei bok – om nokre år så håper eg at kvinnelege akademikarar viser mykje betre igjen.

Oline Sukkestad fekk kanskje aldri nokon tittel som tilsa at ho hadde ansvaret for øvingsskulen. Vi må kanskje heilt fram til 1971 før vi finn ei kvinne med ei tydeleg leiarrolle. Og då må til Ørsta fordi då hadde Volda lærarskule teke til med å utdanne førskulelærarar. Den første leiaren for utdanninga vert Randi Ekrem. Ho skriv eit kapittel om oppstarten av førskulelærarutdanninga i lærarskulens 100- års historie.

Men no har det kome ein ny skule til bygda – Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda. Og den første kvinnelege læraren blir Tordis Fosse. Knapt 30 år gammal tek ho til som amanuensis i norsk på den nylaga skulen – og blir her fram til 1978. Sa eg at vi mangla ei historie om DH-skulen? i 2021 er det 50 år sidan skulen starta.

Tordis Fosse er emeritus frå Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA).

Den neste merkesteinen er når kvinnene tek til å ta sine doktorgrader. I 1988 og 1989 får vi dei to første kvinnene som tek sin doktorgrad:  I 1988 disputerer Helga Stave Tvinnereim i kunsthistorie på avhandlnga:  «Det nye Molde : ein studie av gjenreisinga etter bombinga i 1940 på bakgrunn av ulike retningar innan europeisk byggingskunst og med særleg vekt på professor Sverre Pedersens planarbeid for norske byar og tettstader.»  Ho var tilsett på Møreforsking i arbeidet med avhandlinga.

Den neste kvinna som disputerte var Jorunn Hetland på tysk. I 1989 forsvarar ho avhandlinga: Satzadverbien im Fokus på Bergische Universität, Wuppertal.

Les intervju med Jorunn Hetland i HVO-nytt nr 4/1997. 

No skjer det ting i større tempo: I 1991 får den første kvinna den nye tittelen Høgskuledosent, som ei tid var DH-skulanes professortittel. Og den første kvinnelege høgskuledosent på DH-skulen er Rakel Christina Granaas. Igjen er det hos språkfolka det skjer.

Kvinnene går oppover også i det formelle hierarkiet: I  2000 vert den første kvinnelege dekan vald. Det er Anne Øie som sit to periodar som dekan på Avdeling for lærarutdannig. Andre dekanar kjem til: 2005: Hallgerd Conradi (avdeling for sosialfag samfunnsfag). 2007: Rakel Christina Granaas, Avdeling for humanistiske fag og Aud Folkestad, avdeling for kulturfag. Og i fjor vart Audhild G. Rotevatn tilsett som dekan på den (tidlegare?) mannsbastionen Avdeling for mediefag.

I 2003 blir høgskulens første kvinnelege prorektor vald. Det er Lidveig Bøe  som sit i åra 2003-2007. Deretter følgjer Anne Øie og Marie Nedregotten Sørbø som prorektorar.

I 2006 kan vi notere at den første kvinnelege professoren er å finne på Høgskulen: Anne Marie Rekdal søkte på professorat i 2004 og fekk positiv kommisjonsvurdering i 2006.

Det er vel berre å konstatere at kvinner har vunne fram på alle frontar eller i alle posisjonar på Høgskulen i Volda – det er faktisk berre stillingane rektor og direktør som framleis ikkje har hatt kvinner i posisjon. Men kanskje neste gong?

I åra 2020. 2021 og 2022  feirar høgskulen ei rekke jubileum – og eg håper vi kjem ut med ei bok som kan fortelje nye historier om Høgskulen i Volda. Kjønn, likestilling og kompetansebygging er uskrivne kapittel i historia om oss. Dei fortener å bli meir enn nemnde.

Skal vi så vere nøgde? Naturlegvis skal vi ikkje det. For det første så har vi ei tankevekkande skeivfordeling på fagleg side: Til høgare kompetanse – til færre kvinner. Kunnskapsdepartemente har då også dei siste åra undra seg over kvifor Høgskulen i Volda har så få kvinner i toppstillingar – det er det ingen grunn til meiner Kunnskapsdepartementet. Og det er lett å vere samd i det.
Kvinneandelar – Høgskulen i Volda. NB! Professorar = professorar + dosentar.
Men kva kan gjerast? Høgskulen har ei rekkje støtteordningar til støtte for tilsette som ønskjer å heve sin kompetanse.

Men virkemiddel er berre ein del av dette – fagfolk må også få vite at høgskulen ønskjer at tilsette skal heve kompetansen – at de både gjer dykk sjølve  og institusjonen betre ved å ta doktorgrad og bli professor – eller å bli førstelektor og seinare dosent.

Så eg håper seminaret vi no har hatt både kan gi oss nye idear om korleis vi tenkjer om kvalifisering og kompetansebygging – og korleis vi kan gå rett på sak – utan atterhald og orsakingar for å få fleire kvinner til å bygge ein akademisk karriere ved Høgskulen i Volda. Vi treng det!

 

Tillegg, 7. mai 2017:
Kvinnelege professorar og dosentar ved Høgskulen i Volda i dag:
… og seinare i 2017 tek NTNU-professor Jorunn Hetland til som ny professor på AHL.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

3 kommentarer om “Likestilling og karrierebygging: Kvinnelege akademiske pionerar i Volda”

  1. Takk for to innspel som gjer innlegget betre. No har eg retta avdelingstittelen til «samfunnsfag» – og så er dei kvinnelege professorane/dosentane på HVO i dag lista opp.

  2. Interessant lesning!! Flott at kvinnene ved løftes fram. Ellers hyggelig å bli nevnt. Men jeg var dekan på Avdeling for samfunnsfag, ikke sosialfag. Kanskje blandet sammen med at jeg var første kvinnelige instituttleder på sosialfag(1998). (Forøvrig instituttleder i tre omganger, tilsamnen 6 år).

  3. Interessant oversyn. Det blir likevel ein litt ufullstendig slutt. Du burde få med dei som er tilsette som professorar i dag. For eksempel Irene Velsvik Bele. Det er vel fleire også —?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *