Høgskulen og næringslivet? Klart det!

Kunnskapspark 2021? Ideskisse.
Høgskulen i Volda var 18.10.2017 arena for eitt av fire dialogmøte om nærings- og samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Dette i regi av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Noregs Forskingsråd, SIVA og Innovasjon Noreg. Litt over 20 personar frå høgskulen, kommunar og private verksemder på Søre Sunnmøre deltok på møtet i Volda. Liknande møte vart halde i Rauma, Ålesund og Kristiansund.
Bakgrunnen for møtet er at Møre og Romsdal fylkeskommune har i samarbeid med andre aktørar laga ein plan for Forsking og innovasjon – ein FOI-strategi.

Forskings- og innovasjonsstrategi for Møre og Romsdal
Fokus i FOI-strategien er næringsutvikling. Undertittelen er: «Forskingsorientert og innovativt næringsliv i Møre og Romsdal».
Ein kan spørje seg kor meiningsfylt det er å legge ei slik samling til Høgskulen i Volda? Våre utdannings- og forskingsområde vert helst assosiert med offentleg sektor: Utdanning og skulefag, sosialfag og samfunnsplanlegging og kultur- og mediefag.
Det er nok nødvendig å repetere og repetere og repetere at utan gode barnehagar, skular, andre kommunale tenester og godt helsestell så er det også vanskeleg å rekruttere gode tilsette til privat sektor – eller å få næringslivet til å fungere godt. Og Møre og Romsdal er eit fylke der færre enn landsgjennomsnittet har høgre utdanning og dermed kan det bli vanskeleg å rekruttere kompetente fagfolk enn andre stader i landet.
Høgskulen i Volda vil naturlegvis også i framtida bidra til styrka kompetanse og innovasjonsevne i offentleg sektor. Og vi utviklar oss. Våre samarbeid med blant andre Helse Møre og Romsdal, Muritunet og ph.d.-utdanninga i helse- og sosial i lag med Høgskolen i Molde er nyare døme på at Høgskulen i Volda ønskjer å forsterke og utvide sitt fokus også mot helsesektoren i åra som kjem.
Men kva så med privat sektor? Lærarskulen i Volda vart i 1895 starta som eit privat lærarseminar, som det vart kalla på den tida. Private seminar fekk ein liten statleg skjerv, men mesteparten av inntektene kom frå skulepengar frå elevane – i konkurranse med statlege og andre private høgskular. Til dømes hadde dei statlege lærarskulane på Stord og Levanger langt betre statleg finansiering enn Volda. Lærarskulen i Volda klarte seg godt i denne konkurransen, og staten fekk mykje igjen for pengane – og slik er det i grunnen framleis. Då lærarskulen opna sitt nye hus (dagens Henrik Kaarstad-hus) i 1922 var dette med 400 elevar den største lærarutdanninga i Skandinavia. Seinare på 1920-talet vart stort sett alle lærarutdanningar overtekne av staten.
Volda lærarskule – med småbruk.
Det høyrer med til bildet at lærarskulen i Volda dreiv kantine for alle sine elevar og tilsette. Og delar av kantinematen vert produsert på eige småbruk som både gav både økonomisk eit pedagogisk bidrag til skulen. På andre skulestader måtte lærarskulanes småbruk få ekstraløyvingar – i Volda tente skulen pengar på bruket. Staten fekk mykje for lite.
Dette med å skape gull av gråstein og å klare seg med lite og gjere det beste ut av situasjonen er kanskje meir ei sunnmørsk livs- og overlevelseshaldning enn noko som berre gjeld for etablerarar i privat sektor.
Eg trur det på mange måtar er ei haldning som framleis er viktig for oss som er ein del av Høgskulen i Volda.
Men kva med i dag? Det er viktig å huske på at samfunnet er i endring, og at grensene mellom privat og offentleg verksemd er i konstant forhandling. Dette gjeld også våre utdanningar og våre kandidatar.
  • Kanskje halvparten av kandidatane frå barnehagelærarutdanninga i Volda vil få seg jobb i private barnehagar, i privat sektor.
  • Frå før veit vi at mange av mediekandidatane vil arbeide i private mediebedrifter, informasjonsavdelingar eller i konsulentbyrå innanfor PR og kommunikasjon. Mange animatørar etablerer sine eigne verksemder.
  • Innanfor kulturfaga meiner eg koplinga til turisme og reiseliv blir meir og meir tydeleg. Dei som kjem til Noreg ønskjer seg naturopplevingar – og eit tilbod som naturguide vert då ein innertiar.
  • Våre fagmiljøa og utdanningar innanfor samfunnsplanlegging og leiing har hatt sterk vekst i talet på studentar dei siste 4-5 åra – både på bachelor fulltid og deltid og på masterstudiet. Mange av studentane har bakgrunn frå eller orienterer seg mot næringslivet. Eller dei kjem til å arbeide i grenselandet mellom offentleg og privat verksemd som til dømes næringskonsulent.
  • Vi har i mange år gjeve leiarkurs både for private og offentlege oppdragsgjevarar – blant anna i samarbeid med PWC.
Endeleg har vi lærarutdanningane våre og dei klassiske skulefaga som norsk og engelsk. Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde sa ein gong at når ho gjekk i gangane på skipsverfta i Ulstein så krydde det av tidlegare lærarar. Lærarutdanning er nok framleis den breiaste «allmennutdanninga» vi har på høgskulenivå. Men observasjonen til Gjerde reflekterer nok også at flinke folk kan bruke utdanninga si på mange måtar og område – og at det å vere lokalt orientert har ein tilleggsdimensjon som ein ikkje skal undervurdere i høve til lojalitet og stabilitet.
 Ei anna side ved samfunnsutviklinga er at mange unge arbeidstakarar ikkje berre ønskjer å få seg ein jobb, men dei forventar i aukande grad at jobbane og bedriftene skal vere samfunnsnyttige på eit overordna nivå: Som til dømes at aktiviteten ikkje skal vere til skade for miljøet, berekraftig utvikling og elles drivast i tråd med etiske normer og forventningar. Dette er viktige perspektiv i den såkalla humaniorameldinga der Kunnskapsdepartementet ønskjer at næringslivet og arbeidslivet elles skal ta opp i seg humanistiske tenkjemåtar og verdiar. Om ein vil selje og samhandle med heile verda er det opplagt at ein treng språkkunnskap – men ein treng også kulturkunnskap – også for å forstå sin eigen kultur.
Praksisplassar og studentoppgåver i bedrifter kan vere viktige kontaktpunkt både for rekruttering og for å utveksle impulsar og idear om samfunnsutvikling frå ungdom til verda utanfor høgskulen – og motsett. Vi ønskjer og treng fleire møteplassar – og dette er også noko studentane sterkt etterspør.
DH-skulane vart i st tid etablert for at også ungdom i distrikta skulle få lettare tilgang på utdanning, bli verande i sin region og motverke utflytting frå distrikta og auke presset i dei største byane. DH-skulen i Volda vart starta i 1971, og no nesten 50 år etterpå må vi seie at det opphavlege oppdraget slett ikkje er fullført. Møre og Romsdal er framleis blant fylka i den lågaste 1/3 i landet når det gjeld andel av vaksne med høgare utdanning. Vi har auka, men andre fylke aukar minst like mykje. Dette er eit stort arbeid å endre på, og vi treng å dra i lag for å få det til.
Nyare tal for flytting tyder på at Møre og Romsdal vil slite med å oppretthalde folketalet i åra som kjem.
Fylket har jamn utflytting av ungdom, særleg unge kvinner. Retninga på arbeidsinnvandring har også snudd – vi opplever arbeidsutvandring frå fylket. Det kan altså bli færre hovud og hender i regionen i åra som kjem. I dette bildet er det svært kjekt å kunne melde at Høgskulen i Volda hausten 2017 har rekordmange studentar. Med 4.184 studentar har vi fleire enn nokon gong før – og av desse er over 2/3 kvinner. Kvinner som har valt å ta utdanninga si i Volda og Møre og Romsdal – og som vonleg likar seg så godt at dei blir verande etter at dei er ferdig med studieåra.
Andel av alle med høgare utdanning i Noreg i 2016. Fylkesvis.
Studentrekorden i Volda for 2017 er vonleg eit teikn på at mange unge framleis ser verdiane av å bu i regionen, og det håper vi på godt samarbeid med fylket, næringslivet og andre aktørar for å kunne gjere på ein endå betre måte i framtida.
FOI-planen for Møre og Romsdal er interessant og kan bli eit viktig vegkart for framtida. Dei tradisjonelt tunge næringsvegane i fylket som maritime næringar, marine næringar, olje, møbel har fått sine avsnitt medan «andre viktige næringar» som blir omtalt er reiseliv, landbruk og bioøkonomi og prosessindustri.
Eg reknar med at Ikuben aldri hadde fått slik status utan tydeleg regional støtte, blant anna gjennom FOI-planen. Så om ikkje fylket sjølv har store beløp å rutte med så kan fylkets prioriteringar vere viktig på andre arenaer. Det bør også vi i Volda merke oss.
Litt forenkla kan vi kanskje seie at forventningane til Høgskulen i Volda mest ligg i å støtte opp under og kople seg på aktivitetar innanfor dei dominerande næringane og klyngene.
Når vi skriv 2020 så har vi kanskje fått på plass Kunnskapsparken i Volda, og med det ein arena der studentar og fagfolk ved Høgskulen kan møte aktørar utanfor høgskulen, frå privat sektor og offentleg tenesteyting. Høgskulen i Volda er ein av svært få høgskular som ikkje har ein kunnskapspark. Vi har sett at Sunnmøre kulturnæringshage har hatt ei fin utvikling dei siste åra, og i 2020-2021 kan dette vonleg skyte fart når Ivar Aasen-huset blir bygd om for å hyse framtidas næringar. Høgskulen er tungt representert i planleggingsgruppa for kunnskapsparken med prorektor og to dekanar og også andre tilsette og studentar. Prosjektet er finansiert hovudsakleg av Møre og Romsdal fylkeskommune, men med bidrag også frå Høgskulen i Volda.
Men i åra som kjem kan vi ikkje lene oss tilbake og vente på at det skal bli 2020 og at Kunnskapsparken i Volda skal løyse alle utfordringane vi og regionen har på dette området. Eg håper difor at vi i åra som kjem får til eit betre og betre samarbeid med Sunnmøre kulturnæringshage og også får i stand fleire utviklingsprosjekt i lag med det regionale næringslivet og arbeidslivet.
PS: Deltakarane frå HVO opplevde ei positiv interesse frå deltakarane på dialogmøtet for planane om kunnskapspark i Volda. Dette er viktig fordi prosjektet er avhengig av kjennskap, kunnskap og velvilje frå mange hald for at det skal bli realisert og ikkje minst fungere slik det er tenkt etter at Kunnskapsparken har opna.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit,
rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *