Tale i høve semesteropning 20. august 2019.
English version of the speech.
Statsråd. Fylkesmann. Stortingsrepresentant. Fylkesordførar. Inviterte gjester. Tilsette ved Høgskulen i Volda:
Eg er takksam for at de har kome hit i dag for å ønske velkomen dagens hovudpersonar: Nemleg dei nye studentane!
Til de som er nye studentar i Volda. Velkomen hit. Her vil de møte opne dører. Gå gjennom dei. Møt nye menneske. Skap ei ny framtid i lag med oss. I lag med dine framtidige medstudentar. Lærarar. Og alle andre som har med høgskulen å gjere.
Det er gjennom slik samskaping at kunnskap blir til.
Eg kan love deg at om du går inn ei opa dør med eit ope sinn, så vil du finne folk og idear som du ikkje visste om eller visste var spennnande og interessante.