Kunnskapsminister Isaksen gjekk kjapt frå å snakke om SAK til å snakke om at det kanskje kunne bli aktuelkt med SAK(S) – til å slå fast at SAKS var heilt nødvendig: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og Samanslåing.
Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer har ikkje villa diskutere SAKS – dei vil heller diskutere SAKA: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og allianse.
Dei tre høgskulane har dei siste månadene hatt fleire møte for å diskutere eit muleg samarbeid – ein alianse. Dette har ført til eit felles innspel til Stortingets Kyrkje, undervisnings- og forskingskomitè.
Les innspelet frå dei tre høgskulane (pdf).
Komiteen arbeider i desse dagar arbeider med si vurdering av Stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet – Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. Komitèen har frist til 4. juni med å kome med si innstilling og så skal eit samla Storting drøfte meldinga 11. juni – det er i alle fall planen.
Meir om meldinga på Stortingets nettsider.
Fram til no kan det virke som at det berre har vore to alternativ for høgskulane:
- Å halde fram som i dag – som sjølvstendige institusjonar. Dette er det berre dei største høgskulane som får lov til.
- Å bli ein del av langt større institusjonar. Denne vegen er open for alle.
Dei tre høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer er alle skeptiske til tanken på å bli underlagt institusjonar i dei største byane, og er også skeptiske til å gå for full samanslåing med andre høgskular.
Gjennom samtalar mellom institusjonane og i diskusjonar i fagmiljøet har ideen om ein tredje veg vokse fram:
- Å inngå i allianse med andre sjølvstendige institusjonar – etter mønster frå Sparebankane. Høgskulane samarbeider då om fellestenester som gjer at dei kan ta ut stordriftsfordelar – utan å påføre seg fusjonskostnader.
Professor Håvard Teigen ved Høgskolen i Lillehammer var ein av dei første som la fram ideen. Les også Teigens artikkel: «Frå høgskule til filial: Kven kan utvikle eller avvikle høgre utdanning i framtida?»
Dette er eit framlegg om ei gradvis utvikling av eit samarbeid nedanfrå, i kontrast til toppstyrte prosessar med stort hastverk.
Område som har vorte omtala som aktuelle for samarbeid er:
- EU-finansiert forsking.
- Studentutveksling (nasjonalt og internasjonalt).
- Pedagogisk utdanning.
- Ph.d.-utdanning.
Dei tre høgskulane har til saman fem doktorgradsprogram og i tillegg to andre utdanningstilbod på tilsvarande nivå. Høgskulane kan dermed i fellesskap vere i posisjon til å få universitetsstatus ein gong i framtida – om det er ønskjeleg.
Doktorgradsprogram i Volda/Molde:
Doktorgradsprogram eller tilsvarande ved Høgskolen i Lillehammer:
- BUK: Barn- og unges deltakelse og kompetanseutvikling.
- INTOP: Innovasjon i tjenesteyting – offentlig og privati
- Førstelektorprogram (i samarbeid med Høgskolen i Gjøvik)
- Audiovisuelle media (i samarbeid med NTNU).
- Kunstnarleg utviklingsarbeid (ved Den norske filmskolen).
Mange felles fagområde
Dei tre høgskulane har fagleg sett meir til felles med kvarandre enn dei fleste andre høgskular i Noreg ved at dei har fagmiljø innanfor pedagogikk/lærarutdanning, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag – og få eller ingen fagmiljø innanfor teknologi og naturvitskaplege fag.
Dette har eg skrive litt om i eit tidlegare innlegg på denne bloggen.
Leiarar frå dei tre høgskulane møttest på nytt 1. juni 2015 i Volda for å diskutere planane vidare.
Informasjon om 1. junimøtet i Volda (på www.hivolda.no).
Én kommentar til «Høgskulealliansen: Volda, Molde og Lillehammer. Ein tredje veg?»