Nynorsk og engelsk, klarspråk og kvalitet. Og litt om dilemma.

Svaret mitt var at Høgskulen i Volda heller burde få hjelp og støtte fordi vi er medieutdanninga som har klart mest nynorsk i kvardagen, i administrasjonen, på pensum og ikkje minst i miljøet rundt utdanninga. Og med brei aksept for både nynorsk og dialekt i kringkastingspråket i Noreg så vert medieutdanningane ved Høgskulen i Volda ein viktig leverandør av nynorskbrukarar inn i norsk medieverd og dermed norsk kvardag.

Ein konsekvens av at vi rekrutterer nasjonalt er at vi også får studentar som ikkje høyrer til det nynorske kjerneområdet. Dei brukar bokmål. Men eg håper og trur at dei ved å studere ved Høgskulen i Volda kan få sjå kor godt nynorsk fungerer som kvardagsspråk – og at dei også i utdanninga si kjem opp i situasjonar der dei sjølve vel å skrive på nynorsk fordi det er mest effektivt, til dømes om du skal skrive tekster som ein nynorskbrukande kollega skal ha. Slik kan det fort bli i kvardagen når våre kandidatar skal arbeide i ein kringkastar – eller i ein kommune.

Dette spørsmålet dukkar også opp når vi skal marknadsføre Høgskulen i Volda, fortelje nye generasjonar av studentar om kva studietilbod og fagmiljø vi har, og kvifor dei bør vurdere å kome til Volda. Skal vi marknadsføre oss berre på nynorsk språk? Då får vi ikkje mykje drahjelp frå Google og andre sosiale media – som ikkje nødvendigvis forstår at dei som leitar etter utdanning meiner det same om dei søker etter lærarutdanning eller lærerutdanning.

Oppskrifta er nok i praksis å kjøpe seg reklameplass på bokmål – og så føre framtidige studentar inn på den rette og smale vegen – til våre nettsider på nynorsk.

Men er vi framleis ein nynorskinstitusjon? I mørke stunder har eg mine tvil:

Ein del av arbeidet mitt som rektor har heilt fram til no vore å signere på vitnemål, på papir, og her ser eg blant anna kva målform studentane står oppført med. Det er diverre ikkje lysteleg lesing for oss som meiner at nynorsk burde vere eit sjølvsagt val, ikkje berre på Sunnmøre.

Studentar på lærarutdanningane er kanskje 80-90 prosent frå Sunnmøre, men eg er redd for at det berre er kanskje 20-30 prosent som har nynorsk som målform på vitnemåla. På medieutdanningane rekrutterer vi nasjonalt, og her er talet på nynorskbrukarar endå lågare – under 10 prosent i alle fall i ein bunke som eg signerte på i fjor.

Men kanskje handlar dette ikkje berre om aktive val frå studentanes side, men også om systematikken i systemet som ligg bakom. Altså i Kunnskapsdepartementets IT-løysingar. Eg fekk ein sterk mistanke om det då eg skulle signere på vitnemåla til studentane som hadde teke mastergrad i nynorsk skriftkultur. Desse hadde skrive masteroppgåve på nynorsk, om spørsmål som er viktige for nynorsk. Men faktisk viste det seg at også desse hadde fått vitnemål på bokmål.

Studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda tok kontakt med Samordna opptak og Felles studentsystem, og det viser seg at val av målform er til ein viss grad valt av dei store datasystema. Ein variant var at målform vart automatisk valt ut frå kva språk som var valt i nettlesaren til den som skulle registrere seg som student.

Så det er godt muleg at andelen nynorskstudentar ved Høgskulen i Volda er høgare enn det tal frå dei store studentregistra kan tyde på. Og naturlegvis vil det gjelde også for andre høgskular og universitet.

  • Kunnskapsdepartementet bør som overordna organ både for høgskular og universitet, for Samordna opptak og for digitaliseringa i sektoren ta ansvar for å legge til rette for at nynorsk som det minst bruka norske språket blir valt av studentar og ikkje blir offer for teknologiske raritetar.  Til dømes ved å la nynorsk vere automatisk førehandsval, og ein må aktivt velgje bokmål – no ser det ut til å ha vore omvendt – i alle fall for ein del studentar i ei viss tid.

Klarspråk:

Retningslinene våre seier også at språket vårt skal vere klart og tydeleg – og dermed forståeleg.

Er det også dilemma knytt til klarspråk? Det trur eg vi alle opplever kvar einaste dag. Å snakke – eller skrive – rett frå levra er ofte framheva som eit litt artig ideal. Men treff ikkje alle alltid. Kanskje kan det i somme høve vere nødvendig å vere litt vag og opne for tolkingar. Både for den som skriv og den som les?

Dessverre trur eg at når tekstar er uklare så er det meir på grunn av at: Det uklart tenkte er det uklart sagte, eller skrivne. Eller at ein ikkje har lagt nok arbeid i å skrive teksten.

  • Vi sparer mykje tid på å skrive klart og tydeleg, sjølv om det også kan vere risikabelt.

Kvalitet:

Ein ha venta at akademikarar har gode nok språklege kunnskapar til at dei skulle kunne  skrive godt, alltid.

Eit opplagt dilemma er tid og pengar. Det tek meir tid å lese gjennom dokument i fleire omgangar. Det kostar pengar å leige inn språkvaskarar, anten det er på norsk eller engelsk eller andre språk. Men på den andre sida: Det kostar pengar å klare opp i mistydingar også.

Ein måte å sikre språkleg kvalitet på er å bruke profesjonell korrekturhjelp på særleg viktige dokument. Det gjer Høgskulen på Vestlandet, og det gjer vi også på Høgskulen i Volda med årsrapporten vår og ein del andre sentrale dokument, spesielt dei som mange skal lese eller ha lang levetid.

På styredokumenta er det alltid fleire som les gjennom papira før dei blir sende ut. Eit konkret språkleg kvalitetstiltak.

  • Alle burde tenke gjennom kva dokument som er særleg viktige å ha god språkleg kvalitet i, og å bruke tid på å arbeide skikkeleg med dei. Slike dokument vil ofte tene som føredøme for andre dokument, anten det no er gjennom klipp og lim eller på meir avansert vis.

Engelsk:

I heile verda ser vi at engelsk tek over som daglegspråk på fleire og fleire område. Det kan kallast domenetap, når norsk går ut av bruk på eit område og engelsk tek over. Til fleire domene som går tapt, til veikare vil eit språk bli. Er norsk tapt som vitskapleg språk? Eg håper ikkje det.

Når norske forskarar skal skrive vitskaplege artiklar så vel norske forskarar engelsk i 9 av 10 tilfelle. Mindre enn 1 av 10 vitskaplege artiklar vert altså skrive på norsk. Og i dette bildet snakkar vi fort om promiller når det gjeld artiklar på nynorsk.

Dette er ikkje nytt. Tidlegare har både latin, fransk og tysk hatt same rolla som engelsk har i dag – vi må forstå kvarandre på tvers av land- og språkgrenser for å utvikle vitskapen, for å lage ny kunnskap. 

Men vi har også forsterka denne utviklinga gjennom tellekantsystemet vårt der forskingsresultat på engelsk får høgare skåre enn norske bidrag.

Vi trur at engelsk er så bra, men slik er det ikkje nødvendigvis. Eit passande døme på det er ordet: Campus. Svært mange brukar det, men ingen kan eigentleg heilt definere presist og dermed blir det brukt med veldig ulikt innhald. I Volda har campus på folkemunne vorte ein idrettshall: Volda Campus Sparebank1 Arena. Internt på Høgskulen i Volda har vi tillegg mulege variantar som handlar om heile høgskuleområdet, husa på høgskuleområdet eller berre innandørs, altså innomhus på høgskulen. Hendig ord som kan brukast til så mykje og betyr så lite (åtvaring: Ironi!)

Eg har tidlegare skrive eit blogginnlegg om bruken av «campus».

Vi har ei ny regjering no som har eit breiare perspektiv på desse spørsmåla, og kanskje kan vi få ei oppjustering av artiklar på norsk, eller kanskje aller helst nynorsk og samisk? Tellekantsystemet er alt komplisert. Ein tidlegare kunnskapsminister innførte kreativ kvadratrotgymnastikk for å nå sine politiske mål. Så å innføre ein nynorsk og samisk potens som motyting for engelske kvadratrøter ville vere eit steg i rett retning!

Eit anna problem med engelsk er rekruttering: Kva skal vi kreve av utanlandske tilsette – kva skal reknast som god nok kunnskap i norsk to år etter tilsetting? I heile sektoren trur eg dette er eit delvis sovande krav – sjølv om det heilt sikkert finst døme på tilsette som ikkje får halde fram etter seks månader – eller to år – på grunn av manglande norskkunnskapar.

Eg trur det bør utgreiast ei nasjonal ordning, nasjonale krav, for norskkunnskapar til forskarar i høgare utdanning – men minst like viktig er gode kurstilbod til dei.

Kontrasten mellom manglande eller uklare krav til forskarar og krava til studentar er nokså stor: Ved Høgskulen i Volda har vi eit eittårig studietilbod: Norsk for internasjonale studentar. Den fullstendige tittelen er: Norwegian language and civilization for international students (NIS).

Her må studentar på eitt år lære seg norsk så godt at dei kan gå vidare på bachelor- eller masterutdanningar med norsk som opplæringsspråk. Og det er slett ikkje alle som klarer å gjennomføre dette heiltidsstudiet med godt nok resultat.

Finansieringa av studiet har vore utfordrande for oss i mange år. Den førre regjeringa endra finansieringsordninga for studiet utan å kome med alternativ finansiering. Fagmiljøet ved Høgskulen i Volda har prioritert å halde i gang studiet, og studiet har alltid hatt svært høg søking og mange studentar.

No når krigen kom til Ukraina og dermed til oss, så spør Kunnskapsdepartementet spesifikt om det er muleg for oss å «hurtig oppskalere» (litt av eit språk) tilbodet i norskopplæring av utanlandske studentar. Ja, fordi vi har eit studietilbod frå før så kan vi gjere det – men hadde vi ikkje hatt dette tilbodet hadde vi ikkje kunna gjort det.

Språk må også finansierast – ikkje berre når det er krig.

Store eller små dilemma: Vi må finne løysingar på dei i kvardagen, og eg håper og trur at vi ved å snakke om dei finn dei gode svara. For djupast sett har vi berre ein verkeleg god måte å finne kunnskap og semje enn – gjennom språket. Og helst nynorsk.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar