Innleiing på opprykksseminar, 8. mars 2022

Det er veldig kjekt å kunne få lov til å ønske dykk velkomne til eit opprykksseminar i regi av Kvinneløftet på sjølvaste kvinnedagen. Gratulerer med dagen – til oss alle.

Det er jo vanleg at vi menn tenker at vi skal vere ekstra snille, greie, høflege og helsande i dag, på kvinnedagen, men samtidig så bør vi jo tenke at både det kvinnedagen og dette seminaret handlar om – det er jo bra for alle. Også for menn. Også på Høgskulen i Volda

På bloggen min og i ein del andre samanhengar har eg tidlegare skrive om høgskulens lange historie når det gjeld kvinner i faglege stillingar. Vi har ei lang historie og det har alltid vore framståande kvinner som har vore viktige for både eksistens, drift og fagleg utvikling for Høgskulen i Volda, Volda lærarskule og Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda. Men vi har langt i frå vore i fremste rekke.

I 1861 vart «Voldens høiere almueskole med Annecteret dannelsesanstalt for Almueskolelærere» oppretta. Svært nær den dåverande kyrkja i Volda – både i avstand og innhald. 

Og menn dominerte – eg er sanneleg ikkje sikker på om det er kvinner med på dette bilde frå eitt av dei første åra skulen var i drift.

Kvinnene vart i fleirtal blant studentane på lærarskulen rundt 1920, eller på den tida då dagens Henrik Kaarstad-hus stod ferdig, i 1922.

Og slik er det framleis blant studentane – nokså stabilt ca. 70 prosent kvinner

Kva så med lærarkorpset? Det har teke si tid, men dei siste åra har vi sett at det har vorte nokolunde balanse mellom kvinner og menn i lærarkorpset på Høgskulen.

Men altså ikkje på toppnivået. Blant professorarar og dosentar er det framleis ca. 3/4 menn blant dei tilsette. Og vi er langt frå å vere best i klassen. Vi ligg klart under andre høgskular.

Men i dag skal vi få høyre frå to kvinner som har gått vegen – ein professor og ein dosent – vonleg til inspirasjon for oss alle. Ellen Hovlid og Birgitte Fondevik.

Heldigvis går utviklinga i rett retning. Dei siste 20 åra har andelen kvinner blant førstekompetente auka frå under 20 prosent til ca. 50 prosent av alle. Det er veldig bra!

Det er jo dei førstekompetente som bør tenke i retning av å bli toppkompetente.

Men likevel – det har gått seint? Kvifor har det teke så lang tid? Og blir det varige endringar? Blir det endå betre i framtida?

Når det gjeld varige endringar, så trur eg verkeleg på det. Ser ein på dei lange linjene, kurvene over andel kvinnelege tilsette på Høgskulen i Volda – og i resten av sektoren – så er dei veldig tydelege: Det blir fleire kvinner på alle nivå i UH-landskapet: Stipendiatar, lektorar, førstekompetente – og toppkompetente. På eitt eller anna tidspunkt eller nivå vil det nok flate ut, og vi får ein ny normalsituasjon, men vi er langt i frå der når det gjeld toppkompetanse. Det vil ta nokre år.

Så kanskje er det andre spørsmålet meir interessant? Kvifor har det teke så lang tid akkurat på Høgskulen i Volda?

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.