Innleiing på opprykksseminar, 8. mars 2022

Volda lærarhøgskules 100-års historie frå 1995 hadde fag, forkynning og forsking som sine tre f-ar. Det er fristande å spørje om forkynning og dermed kristelege tradisjonar har verka som eit hinder for at flinke kvinner skulle få vekse fram og få plass i det faglege? Det kan hende – historieboka vår seier ikkje så mykje om dette. Det er eit såkalla uutforska tema.

Høgskulen har heilt i nyare tid vore tydeleg på å løfte fram intellektuelle voldakvinner gjennom å namnsette Berte Kanutte-huset etter Berte Kanutte Aarflot, den haugianske salmediktaren med eit tradisjonelt familieliv. Men også etter den frilynde og opprørske Synnøve Riste, som slett ikkje hadde eit tradisjonelt familieliv. Også i dag føler eg at den spennvidda som desse to sterke og kreative kvinnene representerer også syner spennvidda i fag- og studentmiljøet i Volda: Vi har plass både til Berte og Synnøve. Og dei finst i studentflokken vår.

Men både Berte og Synnøve levde på 1800-talet og seier lite om Volda lærarskule, Volda lærarhøgskule eller DH-skulen.

Møre og Romsdal som region har i svært mange år vore prega av industri og vel også eit tradisjonelt kjønnsrollemønster, som det heiter. Vi har i svært mange år eksportert flinke kvinner ut av fylket – det skjer også i dag. Svært mange kvinner i 20-40 års alder har søkt utdanning og arbeid andre stader i landet, og særleg i dei største byane. Kvifor?

Det hjelper lite å bygge verdas beste båtar eller å vere flinkast til å fiske om kvinner er interessert i andre ting eller ikkje likar seg i ein industrikultur.

Eg er ikkje sikker på om vi kan kople dette regionale mønsteret direkte til rekruttering og utvikling av kompetente kvinner ved Høgskulen i Volda, men kanskje er det regionale mønsteret ei delforklaring? Vi er jo ein regional institusjon, og ikkje berre ein voldahøgskule.

Så håper eg at vi gjennom prosjekt som balanseprosjektet, gjennom samlingar som dette og gjennom å snakke om rekruttering, fagleg utvikling og karrierebygging kan bli betre, også på dette området og kanskje også kan lære meir om oss sjølve – og regionen.

Eg meiner også at doktorgradsutdanningane våre er viktige i dette bildet.

Vi har alt ein ph.d. i helse- og sosial og med ein ny ph.d., ein ph.d. nummer 2 vil vonleg dei fleste av våre fagområde ha komplette utdanningsløp, bachelor, master og ph.d. Vi vil då både kunne gi og få toppkompetente, og dermed kanskje gjere vår region litt meir interessant for flinke kvinner som kanskje heller dreg ut av regionen for å finne faglege utfordringar. Kanskje kan både dei som kjem frå regionen og dei som er spent på regionen få lyst til å kome hit fordi her er spennande faglege utfordringar?

Fredag disputerer Kristine Vaadal på vår eigen ph.d. Ho oppdaga kanskje Volda mest gjennom ph.d.-en i helse og sosial, og har no staka ut ei karriere for seg utover førstenivået. Eg ønsker ho lukke til både med disputas og med den vidare faglege utviklinga ved Høgskulen i Volda.

Det har blitt ein bitteliten tradisjon å ha slike faglege samlingar på kvinnedagen, og også i fjor hadde eg vorte utfordra til å tenke gjennom desse spørsmåla om kvinner i akademia, karriereplanlegging og opprykk.

Eitt poeng frå fjoråret ønsker eg å gjenta i år, fordi eg sjølv hadde nytte av det siste gongen eg søkte om professorvurdering.

Poenget plukka eg opp i ein artikkel i fagbladet Forskarforum, der temaet var korleis skrive ein opprykkssøknad, og der stod:

«Skriv søknaden slik at du gjer jobben lett for kommisjonen».

Fritt sitert frå Forskerforum

Du må altså kjenne krava, arbeide mot dei og til slutt syne korleis du har oppfylt krava gjennom publiseringane dine og anna fagleg aktivitet.

Dette er ein ny sjanger for dei fleste av oss, og definitivt første gongen vi gjer det. Og kvar gong vi skal lære noko nytt gjer ein det best ved å snakke med andre om det, og akkurat det er heile poenget med dette seminaret.

Så til alle: Lukke til med fagleg vekst og utvikling, og lukke til med seminaret!

Program for Opprykksseminar 8.3.2022

Forskningsadministrasjonen ønsker hjertelig velkommen til opprykksseminar, tirsdag 8.mars kl.13-15 (Kaarstad 310). På dette seminaret vil du få innblikk i regelverket rundt opprykk til professor og dosent, og du får gode råd og inspirasjon til opprykksprosessen. 

Opprykksseminaret er et tiltak i NFR-prosjektet Kvinneløftet. Vi informerer om muligheten for forhåndsvurdering av kompetanse og mentorordning for opprykksprosessen.

Målgruppe: Kvinnelige førstekompetente i fast stilling, men åpent for alle.

Program

13.00 Velkommen ved rektor Johann Roppen
13.10 Opprykksregelverket ved personalsjef Randi Lisbeth Urke
13.30 Min vei til professor ved professor Ellen Lexerød Hovlid
13.50 Pause 
14.00 Hvordan skrive opprykkssøknad? ved dosent Birgitte Fondevik
14.30 Informasjon om forhåndsvurdering av opprykkssøknad og mentorordning i opprykksprosessen ved forskningssjef Henriette Hafsaas
14.45 Spørsmål og svar

Nokre av dei 37 deltakarane på seminaret.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.