Orientering til Høgskulestyret, 3. mars 2022

Vinteren 2022: Raudt i aust.

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Krigen i Ukraina
  • To nye doktorandar
  • Handlingsplan er ute til høyring
  • Høgskuleområdet: Den store flyttesjauen
  • Korona

Krigen i Ukraina

For første gong på lenge så er det – dessverre – ei sak som har teke fokuset vekk frå korona, og det er krigen i Ukraina. For å ta det heilt nære først: Høgskulen i Volda har ingen partnaruniversitet i Ukraina og har dermed ikkje hatt studentar på utveksling i Ukraina og vi har heller ikkje tilsette på reise i Ukraina. Vi har partnarskapsavtalar med tre russiske universitet, men ingen studentar der no. Her i Volda har vi fleire studentar med Ukrainsk og russisk statsborgarskap. Vi har også fleire tilsette som kjem frå eller har tilhøyrsle til Ukraina eller nabolanda, og desse er også i ein vanskeleg situasjon.

I løpet av torsdag 3. mars får vi truleg beskjed om kva avgjerd regjeringa tek når det gjeld samarbeid med Russland. Høgskulen i Volda har tre partnaruniversitet i Russland.

Her er alle våre partnaruniversitet.

Høgskulen i Volda har ingen partnaruniversitet i Ukraina, men vi har nokre få studentar frå Ukraina.

To nye doktorandar

Det er kjekt å formidle gode nyhende: Og i mars og april skal to av våre stipendiatar disputere her i Volda på vår fellesgrad i helse og sosial.

Først ute er Kristine Vaadal som disputerer 11. mars på ei avhandling med tittelen: «»New Femininities”, Alcohol Consumption and Life beyond Young Womanhood. Negotiating Gender, Class and Ageappropriate Identities through Alcohol Consumption».

Vaadal har fått jobb på Høgskulen i Volda og er også i gang med eit professorstipend innanfor det store forskingsprosjektet om partnarvald som verkeleg har fått ei god prosjektgruppe.

Den andre som skal disputer er Bjørn Kjetil Larsen. Han disputerer ved Høgskulen i Volda fredag 8. april. Avhandlinga til Larsen har tittelen: Exploring interprofessional collaboration in the field of criminal justice in Norway – A mixed methods study of prisoners’ reintegration after prison». Larsen arbeider som høgskulelektor ved Høgskolen i Molde.

Handlingsplan – ute til høyring

Høgskuleleiinga har arbeidd vidare ut frå den vedtatte strategiplanen og har no klart eit framlegg til handlingsplan. Vi har blant anna hatt eit todagars seminar for rektors leiargruppe og også drøfta framlegg til handlingsplan i fleire andre møte. Framlegget til handlingsplan er no sendt på ei intern høyring med høyringsfrist 19. april. Her er lenke til handlingsplanen og til høyringsbrevet.

Styret vil som varsla få revidert framlegg til handlingsplan som sak på dei to siste styremøta i vår.

Den store flyttesjauen

Høgskulen står no framfor ein krevande flyttesjau der to hus skal tømmast og flyttast inn- og ut i løpet av våren 2022. Først skal Ivar Aasen-huset tømmast heilt, så skal tilsette på Avdeling for samfunnsfag og historie flytte inn. Deretter skal Strøm-huset også tømmast og noko skal over i Ivar Aasen-huset, og noko må på mellomlager. Det er to avdelingar som er involverte og mesteparten av kapasiteten på drift- og eigedomsavdelinga pluss mange innleigde flyttemannskap blir sett inn. Men til studiestart hausten 2022 skal vi vere ferdigutflytta og klare til å starte ombygginga og oppgraderinga av Hans Strøm-huset. Så i 2023 blir det ein ny flyttesjau – tilbake til eit «nytt» Hans Strøm-hus. Så dette skal vi bli gode på!

Korona – og Veka 2022

Høgskulen i Volda har for tida dei same koronautfordringane som alle andre. Det betyr at det er mange som er smitta og er litt sjuke og borte frå undervisning eller arbeid – som regel berre nokre få dagar. Det har så langt ikkje skapt store vanskar med tanke på dagleg drift eller gjennomføring av undervisning og forsking.

Studentveka 2022 vart eit svært etterlengta pusterom for svært mange studentar. Rapportane frå veka tyder på svært vellukka arrangement med mange fulle hus på Rokken.

Les blant anna omtale på Nærnett.

Vi håper og trur at dei andre store festivalane som Dokfilm, X2 og Animation Volda no også kan gå – som gamle dagar – før korona. Vi vil gjerne ha tilbake festivalstemninga i Volda – det er ein viktig del av studentmiljøet.

Studentrevyen 2022: «La dei spise kake»

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar