Kvinner dominerer i søknadsskrivinga – rekordmange søknader frå Høgskulen i Volda

Nature wellbeing – om natur, mental helse, personleg vekst og karakterdanning

Prosjektleiar er førsteamanuensis Helga Synnevåg Løvoll, Avdeling for kulturfag. Prosjektet har som hypotese at visse naturopplevingar (ikkje alle) styrker personleg vekst og karakterdanning. Verdien av djupe naturopplevingar blir undersøkt på studentar på vintertur og for sårbare unge vaksne utanfor utdanning og jobb på deira 30-dagar lange segletokt med Christian Radich. I lys av opplevingane til sjøs, utforskar prosjektet i kva grad og korleis dei unge vaksne vender tilbake til utdanning eller jobb gjennom eit longitudinelt design. Prosjektet er tverrfagleg mellom psykologi og filosofi og spring ut frå forskargruppa natursyn, estetikk og etikk ved HVO. NTNU og fleire amerikanske universitet er partnarar i prosjektet.

Connecting – om å dokumentere 1800-talets kvinnelege forfattarar og samordne eksisterande kunnskapsbasar

Prosjektleiar er professor Marie Nedregotten Sørbø, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Prosjektet går ut på å kartlegge kva kvinnelege forfattarar som blei lest i Noreg før 1900 og forstå kva rolle dei spelte i samtida. Prosjektet vil utarbeide ein felles, digital plattform for samordning av internasjonale og nasjonale databasar over skrivande kvinner i fortida. 

Søknader på «Samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv»

Søknader på «Samarbeidsprosjekt» i Forskingsrådet

Education for sustainable development in an out-of-classroom contextualised learning environment

Prosjektleiar er førsteamanuensis Jan Håkon Vikane, AHL: Samarbeidspartar er blant andre Runde miljøsenter, Atlanterhavsparken, Giske kommune, Universitetet i Oslo og Åbo Akademi. Prosjektet er i skjeringspunktet mellom to kunnskapsformidlarar (skular/barnehage og vitensenter). Føremålet er å finne ut på kva måte ein kan styrke dette samarbeidet for å utvikle ein didaktisk praksis innanfor utdanning for berekraftig utvikling som er til nytte for begge partar.

Programming for Understanding Mathematics.

Prosjektleiar er førsteamanuensis Andreas Brandsæter, AHL. Samarbeidspartar er blant andre Ålesund kommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune (Ulstein og Spjelkavik vidaregåande skular), Skaparhuset, NTNU og Universitetet i Agder. Prosjektet ynskjer å undersøke korleis programmering kan nyttast som eit effektivt tiltak for å utvikle elvane si forståing i matematikkfaget. I tett samarbeid med grunnskular og vidaregåande skular vil vi utarbeide og evaluere ulike undervisningsopplegg som nyttar programmering som ein integrert del av matematikkundervisninga, og vil studere korleis dette påverkar elevane sine evner, forståing og motivasjon.

#Youngart – promoting future skills through innovative art programs with primary school students, teachers and artists.

Prosjektleiar er førsteamanuensis/senterleiar Marit Ulvund, AKF/Seanse. #Youngarts fireårige program skal gi forsking og utvikling av nye modellar og metodar for ein kunstaktiv og framtidsretta skule. Målet er ny kunnskap om modellar for samarbeid mellom lærarar, kunstnarar og elevar i grunnskulen, og utvikling av fremtidsferdigheitene kreativitet, samarbeid, kritisk tenking og kommunikasjon. Medforskarar er 1.amanuesis Cecilie Haagensen NTNU og professor Sandra Gattenhof QUT, Brisbane. Blant samarbeidspartane er Kulturtanken, Møre og Romsdal fylkeskommune, NTNU, Trøndelag fylkeskommune og fleire norske og utanlandske universitet og kulturarbeidarar.

I tillegg til desse prosjekta er også forskarar på Høgskulen i Volda med som partnarar i prosjekt der andre institusjonar er prosjekteigar.

Fagmiljøet på Avdeling for mediefag står ikkje som ansvarleg for einskildsøknader, men samarbeider med nesten alle dei andre prosjekta om forskingsformidling, og samarbeider også på søknader sendt frå andre UH-institusjonar.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar