Kvinner dominerer i søknadsskrivinga – rekordmange søknader frå Høgskulen i Volda

Påtenkte prosjektleiarar ved Høgskulen i Volda, frå venstre: Andreas Brandsæter, AHL, Inger Marie Okkenhaug, ASH, Helga Synnevåg Løvoll, AKF, Marie Nedregotten Sørbø, AHL, Marit Ulvund, AKF/Seanse og Torhild Lillemark Høydalsvik, AHL (representerer prosjektet som Jan Håkon Vikane er prosjektleiar for). Foto: Karl August Swanstrøm.

Vinteren er tid for søknadsskriving til Noregs forskingsråd, og frå Høgskulen i Volda har det i februar vorte sendt 6 søknader – noko som truleg er ny søknadsrekord i tal søknader. Og det er veldig kjekt at kvinner står som prosjektleiarar på dei fleste prosjekta.

Forskingsadministrasjonen har gjort litt ekstra stas på søkarane med ein liten blomsterbukett ein solfylt februardag.

Prosjektleiarane fullstendig klar over at det er eit svært trangt nålauge å nå gjennom med søknader om midlar hos forskingsrådet: Truleg får 9 av 10 – eller fleire – søknader avslag. På den andre sida er det større sjanse for å få tilslag om ein utviklar søknaden og søker på nytt fleire gonger – og det gjeld fleire av prosjekta som har vorte sendt inn i år.

Prosjektsøknader frå Høgskulen i Volda innanfor ordninga «Banebrytande forsking (FRIPRO)». Dette er den mest opne kategorien i Forskingsrådet og som forskarar frå alle fagområde kan søke på:

Rethink – om religion og flyktningar i Midt-Austen (1920-2022)

Prosjektleiar er professor Inger Marie Okkenhaug, Avdeling for samfunnsfag og historie. Prosjektet går ut på å undersøke kva betydningar religion har for flyktningar og bistandsarbeid i Midt-Austen i eit historisk perspektiv (1920-2022). Prosjektet ønsker å få fram flyktninganes eigne røyster, noko som i stor grad har mangla i forskingslitteraturen.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar