Slik var 2021 for HVO – kort fortalt

Januar:

Året starta med digital undervisning og heimekontor det meste av januar, men biblioteket, kantina og bokhandelen heldt ope. Vi hadde også nokre dagar med teststasjon på Høgskulen i januar/februar – og ved studiestart i august.

På grunn av korona vart det også færre innreisande studentar frå utlandet og alle studieturar, feltarbeid og feltarbeid i utlandet våren 2021 vart avlyst. Men til hausten 2021 gjekk inn- og utveksling nesten som normalt.

Folkemusikkarkivet flytta ut frå Høgskulen i Volda etter 25 år og fekk plass i Spinneriet i Volda i lag med andre tilsette i Viti (Musea på Sunnmøre).

Februar

Vårsemesteret vart prega av undervisning med koronavstand på Uppheim, Rokken og Samfunnshuset, og samlingsbaserte studium vart stort sett digitale heile våren.

Studentane som var på Høgskulen fekk gratis frukost i kantina frå februar og langt ut på våren.

Høgskulen fekk sin første disputas på eigen kjøl! Stein Conradsen disputerte 19. februar.

Arbeidet med strategiplanen starta opp att – og det vart arrangert opne strategiverkstader i februar og mars.

Høgskulen lyste ut 17 stipendiatstillingar.

Høgskulen starta arbeidet med ein ny doktorgrad, som i løpet av 2021 har fått arbeidstittelen: «Humaniora og danning». Doktorgraden er også omtala i strategiplanen som vart vedtatt i desember 2021.

Studiebarometeret viste jamt gode resultat for Høgskulen i Volda – men spesielt gode resultat på Avdeling for Kulturfag.

NOKUT-komiteen som vurderte Høgskulens kvalitetssystem hadde ein merknad, og det gjaldt periodiske studieprogramevalueringar. Styret i NOKUT kom i april til same vurdering og Høgskulen fekk frist ut året med å rette på dette. I løpet av 2021 har mange tilsette bidrege til at Høgskulen sende inn fleire periodiske studieprogramevalueringar før årsskiftet 2021-2022.

NOKUT godkjende ein ny master: Skriftkulturar. Det nye studiet omfattar både nynorsk skriftkultur og engelsk. Høgskulen lyste også ut eit nytt masterstudium i barnehagekunnskap. På begge studia vart dei første studentane tekne opp hausten 2021.

Studentrekrutteringa vart også digital, og Høgskulen møtte ca. 4.000 framtidige studentar (vonleg) på digitale messer.

Mars

Høgskulen og Sivolda fekk ei løyving på 2,4 millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet for å gi studentar jobbar som studentassistentar – både for å hjelpe på studentøkonomien, men også for å gi studentar endå tettare oppfølging i koronatida.

Pangaia, møtestaden for internasjonale og norske studentar, markerte sitt 15 års jubileum.

Premiere på Studentrevyen – og den årvisse studentveka vart arrangert med korona-tiltak.

Kantina vart ombygd for ca.1 million – og opna med blant anna ny salatdisk og disk for varmmat.

Etter eitt år med korona har Høgskulen gjennomført 20.000 videomøte (møte, undervisning) på Zoom, med ca. 151.000 deltakarar i alt.

Høgskulelektor Ola Einang (75) på idrett og friluftsliv er truleg landets eldste høgskulelektor. 

Regjeringa innfører nye nasjonale tiltak mot korona, og 25. mars vart det igjen digital undervisning og heimekontor for alle. Dette varte fram til 19. april då tiltaka vart delvis letta.

April

Førstelektor Egil Arne Standal disputerte ved Universitetet i Bergen 23. april – same dag som sonen Martin Inge Standal disputerte ved NTNU.

Den internasjonale lærarutdanningskonferansen «It’s Volda» vart arrangert med deltakarar frå 5 land.

Forskingspubliseringa ved Høgskulen i Volda auka med 74 prosent frå 2019 til 2020 viste det seg då CRISTIN-statistikken vart offentleggjort. Og alle avdelingane auka publiseringa. Volda hadde også den største auken frå 2019 til 2020 av alle høgskular og universitet.

Studentanes helse- og trivselsundersøking (SHOT) for 2020 vart lagt fram. Undersøkinga viste at studentane fekk klart lågare trivsel under pandemien, men tala synte at studentane i Volda framleis var blant dei som rapporterte om best trivsel i landet.

Tala frå Samordna opptak viser ein liten nedgang i søkinga til Høgskulen i Volda, men det var ein liten auke i lokalopptaket. Mediefag, friluftsliv og sosialfag har stor søking.

Mai

Styret godkjende dei førebelse planane for ombygging av Hans Strøm-huset etter at mediefag flyttar ut. Først våren 2022 blir det klart kva den samla kostnaden på prosjektet blir og kor lenge bygginga varer.

Planane for Norsk Innovasjonssenter på Ivar Aasen-tomta blir presenterte, og Martin Foldal i Sunnmøre kulturnæringshage ser føre seg 100 nye arbeidsplassar i det nye huset.

Høgskulelektor Hjalmar Eiksund, AHL/Norsk, disputerte på NTNU 27. mai.

Heile 80 internasjonale studentar ønska å innveksling til Avdeling for mediefag hausten 2021 – dette var fleire enn nokon gong tidlegare.

Utdanningsutvalet gav klarsignal til å starte planlegging av Master i barnevernsarbeid.

Juni

Høgskulelektor Synnøve Heggedal Moltudal, AHL/IDK, disputerte ved Universitetet i Bergen 24. juni.

2021 var valår, og Høgskulen i Volda fekk besøk frå blant andre dåverande statsminister Erna Solberg 20. juni og også Trygve Slagsvold Vedum og fleire andre politikarar.

Kunnskapsdepartementet løyver 10 millionar kroner til ombygging av Hans Strøm-huset.

Juli

Forskingsrådet løyver 11 millionar kroner til eit prosjekt som skal bruke kunstig intelligens for å analysere elevtekstar og gi tilbakemeldingar. Professor Siv M. Gamlem, AHL, er ein av medarbeidarane i prosjektet i lag med forskarar ved Høgskolen i Østfold og private aktørar.
 

August

Sivert Aarflot-huset står ferdig til studiestart i august 2021. Seinare vart det gjennomført offisiell opning av huset med avduking av videokunstverk. Sykkelhotell med plass for lading av elektriske syklar stod også ferdig ved semesterstart, og i 2022 kjem det nytt sykkelhotell ved biblioteket.

Studiestarten vart gjennomført med same smitteverntiltak som studiestarten hausten 2020. Starten på haustsemesteret vart også planlagt med den velkjende meteren som utgangspunkt. Men like før semesterstart kom det nye beskjedar frå regjeringa, så 16. august oppheva kriseleiinga ved Høgskulen i Volda meterskravet til undervisning og timeplanane vart også endra  kort etter. Høgskulen gjekk tilbake til tilnærma normal undervisning.

Fadderveka vart gjennomført med omsyn til smittevern.

Alle studentar er sikra hybel i Volda.

Ørsta/Volda lufthamn får endeleg flybuss.

Det er stor dynamikk i personalet: Ei opptelling ved semsterstart viser godt over 50 nye tilsette og tilsette som har fått faglege opprykk eller har blitt pensjonistar.

Fady Gemayel får studentprisen for 2021.

Volda Utvikling AS startar planlegginga av Aasen-kvartalet – området på og ved Ivar Aasen-huset. Planane går ut på å bygge 30.000 m2 i løpet av ein tiårs periode. 

September

Studentar får tilbod om vaksine mot korona i Voldahallen. Grupper av studentar blir med i eit frivillig gruppetestingsprosjekt.

Professor Roar Amdam, ASH, får tildelt Høgskulens FoU-pris for 2021.

Animation Volda blir arrangert 23.-26. september. Det er rekordstor interesse for Animation Volda – aldri før har så mange filmar vorte sende inn som kandidatar til å bli synt fram på festivalen. 

Karrieredagane blir arrangert av Høgskulen i Volda og samarbeidspartar – og for første gong blir arrangementet lagt til Ørsta der det er god plass i den nye idrettshallen.

Sunnmøre kammermusikkfestival blir arrangert 5.-11. september.

FAITHED-prosjektet om skule og religiøse minoritetar får ca. 12 millionar kr frå Forskingsrådet.

Høgskulen søker NOKUT om akkreditering av mastergrad med utgangspunkt i Avdeling for kulturfag: MAKUP – Master i kulturfaglege praksis.

Oktober

Ann Kristin Emblem tek over som ny studiedirektør etter Gonnie Smit.

Dei lokale lønnsforhandlingane blir gjennomført med stor lokal pott på ca. 4,25 mill.

Det årlege styreseminaret til Høgskulen har strategiplan på dagsorden og blir blant anna prega av ein «ny» universitetsdebatt.

DBH-statistikken fortel at Høgskulen i Volda i 2021 har tilsette i 383 årsverk – nesten dobbelt så mange som ved samanslåinga i 1994.

November

Høgskulelektor Endre Eidsaa Larsen, AMF, disputerer ved NTNU 19. november.

VSI har stilt med herrelag i handballserien på Sunnmøre og spelar sin første kamp.

Utdanningsdagane blir arrangert ved Høgskulen i Volda og ca. 900 framtidige (?) studentar deltek.

Statens Vegvesen legg fram nye planar for Voldatunnelen, og planane kan bringe veg og tunnel nærare høgskuleområdet og gjere både prosjektet og planlegginga av Aasen-kvartalet vanskelegare.

Desember

Høgskulen hadde julebord 3. desember. Fellesadministrasjonen var arrangør.

Eksamen startar som planlagt med fleire skuleeksamenar på Høgskulen, men på grunn av utviklinga av pandemien bestemmer kriseleiinga at frå fredag 10. desember blei det ingen skuleeksamenar – med unntak av nokre få praktiske eksamenar. Dei tilsette blir sende på heimekontor. All undervisning blir digital ut januar 2022. Praksis går som planlagt i januar 2022.

Janicke Westlie Driveklepp tek til som ny økonomi- og eigedomssjef etter Ingunn Welle.

Professor Kåre Heggen får pris for beste vitskaplege artikkel på fagfeltet sosialt arbeid.

Høgskulen vurderer å starte lærarutdanning i Kristiansund.

Avdeling for mediefag og avdeling for kulturfag får tilslag på 5 millionar kr i prosjektmidlar frå HK Dir. Avdeling for mediefag er også med på ein annan søknad i samarbeid med UiB og UiS som får omlag same beløp.

Trudi H. Eikrem blir tildelt Høgskulen i Voldas utdanningspris for 2021.

Høgskulestyret vedtek strategiplan for 2022-2030 og ein investeringsplan på 165 millionar kr for dei næraste åra.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar