Det virkar også klart at det er innebygde motsetnader og politiske knutar som må løysast opp. Særleg gjeld dette det overordna ønsket om å innføre ein tillitsreform og å auke grunnløyvinga til institusjonane på den eine sida. Og ønsket om politisk detaljstyring på den andre sida – særleg når det gjeld nedlegging av studiestader.
Det er vel ingen som heilt veit kor mykje bakgrunnen til Ola Borten Moe vil påverke politikken for UH-sektoren, men eg er nokså sikker på at trønderinstitusjonar har korte veg inn til ministerens bord.
Det vil også overraske meg mykje om Borten Moe ikkje vidarefører det ein kan kalle konkurranseelement i UH-politikken – men med distrikta som konkurransearena.
Einskild element i plattforma – med kommentarar
Nedanfor har eg rett og slett klipt inn alle punkta frå plattforma og kommentert særleg nokre av punkta.
Ei storsatsing på utdanning i heile landet
Regjeringa vil føre ein ambisiøs og offensiv kunnskapspolitikk og byggje sterke profesjonsutdanningar av høg kvalitet i heile landet. Derfor vil vi styrkje det regionale utdanningstilbodet: Utdanning og livslang læring må vere tilgjengeleg der folk bur. Slik blir det enklare for folk å få kompetansepåfyll og meir utdanning, mens bedrifter og kommunar kan rekruttere breiare og få tilgang på fleire fagfolk.
Regjeringa vil:
- Stille tydelegare nasjonale krav til universitet og høgskular om regionalt nærvær for å styrkje det desentraliserte tilbodet og møte regionale kompetansebehov, gjennom oppdragsbrev og utviklingsavtaler.
- Kommentar: UH-sektoren har vorte viktigare dei siste åra, og at mange politikarar ønsker å styre den meir aktivt virkar nokså klart. Spesielt for vår sektor er utviklingsavtalane – som eg oppfattar at det er brei politisk semje om. Måten utviklingsavtalane blir utforma på, og ikkje minst om dei blir kopla til økonomi blir eitt viktig spørsmål for vår sektor.
- Gjennomgå finansieringssystemet slik at det fremmer det breie samfunnsoppdraget til lærestadene, varetar ein desentralisert struktur og bidrar til betre studiekvalitet og livslang læring.
- Kommentar: Solberg-regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere finansieringssystemet, og utvalet er alt i arbeid. Det er ikkje uvanleg at ei påtroppande regjering stoppar avgåande regjeringar sine utgreiingar, så vi får sjå. Men finansieringssystemet skal uansett vurderast.
- Auke basisfinansieringa for universitet og høgskular og bidra til å kompensere meirkostnader for fleircampus-institusjonar.
- Kommentar: Denne formuleringa peikar i retning av å prioritere institusjonar med mange studiestader – men det gjeld jo dei fleste sidan strukturprosessen førte til færre institusjonar, men ikkje færre studiestader. Institusjonane som valde å slå seg saman har tidlegare fått støtte i fusjonsprossessen, og no kan det sjå ut til at dei kanskje også skal få støtte fordi fusjon vart så dyrt og vanskeleg.
- Gjennomgå sentraliserande kvalitets- og akkrediteringskrav i høgare utdanning.
- Kommentar: Eg håpar og trur at dette vil handle om universitetskriteria og vurdering av fellesgrader. Jamfør også eit innspel som eg var med på i lag med fleire andre rektorar på andre høgskular. Kanskje kan dette bety at om nokre år kan Høgskulen i Volda få universitetsakkreditering berre ved å følgje planane vi no arbeider med om å etablere ein ny ph.d.
- Greie ut lovfesting av om nedlegging av studiestader og avvikling av sentrale profesjonsfag med stor regional tyding ikkje kan avgjerast av styret ved institusjonen aleine, men må behandlast politisk av Stortinget.
- Kommentar: Dette er eit punkt som grip nokså direkte inn i institusjonane sin sjølvråderett både når det gjeld økonomi og faglege rammer og vil vere ein heilt ny politikk for vår sektor. Det peikar i motsett retning av tillitsreformen som også har vorte signalisert i Hurdalsplattforma. Men grepet med å opprette ein heilt ny høgskule på Nesna er likevel betre enn å instruere Nord universitet eller andre om å oppretthalde ein studiestad.
- Leggje fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane.
- Lansere ei reform for desentralisert utdanning over heile landet, blant anna gjennom lokale utdanningssenter som i hovudsak er eigde av fylka eller har samarbeidsavtaler med eksisterande institusjonar. Utdanningssentera skal få eit særleg ansvar for utdanning der folk bur, basert på lokale kompetansebehov.
- Kommentar: I vår region kan regionale studiesenter truleg kome på Nordfjordeid og i Kristiansund. Høgskulen i Volda bør ha dialog med regionale studiesenter for å finne ut kva som kan vere vår rolle i slike tiltak.
- Gi kommunane og helseforetaka plikt til å stille med praksisplassar for profesjonsfaga, som sjukepleie- og lærarutdanning.
- Kommentar: Dette er eit nødvendig tiltak om ein ønsker å auke kapasiteten på lærar- og sjukepleiarutdanning.
- Reetablere ein fullverdig høgare utdanningsinstitusjon på Nesna ved å gjenopprette grunnskule- og barnehagelærarutdanning og greie ut kva for andre studie- og utdanningstilbod som kan lokaliserast til Campus Nesna. Vidare vil regjeringa leggje til rette for at utdanningsinstitusjonen på Nesna kan bli eit senter for desentralisert og distriktsretta utdanning og forsking. Prosessen skal starte vinteren 2022. Undervegs i prosessen må interessene til fagfolka som framleis er ved Nesna, og til studentane som har starta på utdanninga si ved institusjonen før nedleggingsvedtaket, varetakast.
Forsking og utdanning for heile landet
Kvaliteten i forsking og høgare utdanning er avgjerande for kor godt Noreg lykkast med å utvikle og ta i bruk ny kunnskap til å skape verdiar og å løyse samfunnsutfordringar nasjonalt og globalt.
Regjeringa vil styrkje norsk forsking, både i offentleg regi og i næringslivet, og prioritere eit løft for forsking på klima og omstilling. Forskingsinstitutta speler ei sentral rolle.
Regjeringa vil betre arbeidsvilkåra, redusere midlertidigheita og styrkje rekrutteringa, likestillinga og mangfaldet i høgare utdanning og forsking, og gjennomføre ei tillitsreform for universitets- og høgskulesektoren. Vitskap og forsking er under press mange stader i verda, og regjeringa vil hegne om kunnskapens eigenverdi, forskingas integritet og den akademiske fridommen. Høgare utdanning i Noreg skal vere gratis, òg for internasjonale studentar.
Regjeringa vil:
- Trappe opp talet på nye studieplassar, med opptrappingsplanar for område med særleg stort kompetansebehov, som læraryrket, sjukepleie, realfag, IKT og medisin.
- Kommentar: Av dei nemnde fagområda er det berre lærarutdanning som treff Høgskulen i Volda mest direkte. Det virkar pr i dag nokså langt fram å skulle etablere sjukepleieutdanning i Volda, men om det blir sikra fleire praksisplassar så ville kanskje Volda sjukehus i kombinasjon med planane for Aasen-kvartalet ved Høgskulen i Volda kunne gjere dette meir realistisk. Det er i dag sjukepleieutdanning i Ålesund og Molde og det er nok mest realistisk å sjå føre seg at ei eventuell sjukepleieutdanning i Volda vart driven i regi av ein av desse. Sjukepleieutdanninga på Nordfjordeid vert driven av Høgskulen på Vestlandet, og Høgskulen i Molde har desentralisert sjukepleieutdanning både i Sunndal og i Kristiansund.
- Setje i gang ei reell avbyråkratisering i høgare utdanning ved å gjennomgå oppgåvene til direktorata, overføre myndigheit til institusjonane og tilbakeføre oppgåver til departementet.
- Kommentar: Høgskulen i Volda har tidlegare ønska at den såkalla Gradsforskriften skal bli oppheva.
- Betre kjønnsbalansen, og stramme inn regelverket for bruk av midlertidige stillingar.
- Kommentar: Dette er mål som også den førre regjeringa hadde – og som Høgskulen i Volda arbeider for å oppnå.
- Leggje fram ei prioriteringsliste for nybygg og investeringar som ein del av ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning.
- Kommentar: Høgskulen i Volda har dei siste åra vore inne i eit bygge- og utbetringsprogram der vi i 2024-2025 truleg vil ha landets mest oppdaterte bygningsmasse. Men skal ein tenke verkeleg langsiktig er kanskje ei oppgradering av Idrettsbygget eller andre planar for idrettsfaga og studentvelferd aktuelle prosjekt.
- Sørgje for at norsk språk blir løfta fram i høgare utdanning og forsking.
- Kommentar: Dette er eit viktig punkt for Høgskulen i Volda. Vi er ein av få institusjonar som gir intern premiering av formidling, som ofte skjer på norsk. Ca. 90 prosent av forskingsartiklar skrive av norske forskarar er skrivne på engelsk.
- Vidareføre treprosentmålet i forskingspolitikken og leggje fram ein strategi for at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere to prosent av BNP innan 2030.
- Utvide satsinga på framifrå forskings- og utdanningsmiljø og etablere nye forskingsmiljø i internasjonal toppklasse knytt til næringsklynger.
- Auke forskingsandelen i departementa og sikre betre samordning av forskingspolitikken.
- Sørgje for at offentleg finansiert forsking er tilgjengeleg, og at alle høgare utdanningsinstitusjonar har ordningar for publisering med open tilgang.
- Halde fram med og utvikle Noregs utdannings- og forskingssamarbeid med Europa.
Studentvelferd for lik rett til utdanning
Framover vil stadig fleire søkje seg til høgare utdanning. Regjeringa vil hegne om lik rett til utdanning i heile landet, uavhengig av økonomi og familiesituasjon. Ein god studiestad, ein trygg økonomi og ein rimeleg stad å bu er svært viktig for læringa og livskvaliteten til studentane.
Regjeringa vil:
- Innføre 12 månaders studiestøtte for heiltidsstudentar med barn under 16 år.
- Styrkje det psykiske helsetilbodet for studentar i regi av kommunane og samskipnadene.
- Trappe opp studentbustadbygginga med mål om 3.000 bygde bustader i året.
- Kommentar: Høgskulen i Volda har neppe behov for fleire studentbustader, men derimot burde det finnast midlar til oppgradering av studentbustadene som Sivolda eig.
- Gjennomgå studiefinansieringa med mål om å leggje betre til rette for både heiltids- og deltidsstudentar, og sikre at reisestipendet varetar lik rett til utdanning over heile landet.
Kompetansereform for livslang læring
Norsk arbeidsliv stiller høge krav til arbeidstakarane sin kunnskap og kompetanse. Det er òg eit av våre fremste fortrinn. I åra framover vil krava auke, og regjeringa vil gjennomføre ei kompetansereform som svarer på behova til både arbeidsfolk og arbeidsgivarar for oppdatert og formalisert kompetanse. Reforma skal utformast i tett dialog med partane i arbeidslivet.
Regjeringa vil:
- Gjennomføre ei brei kompetansereform for arbeidslivet og leggje fram ein langtidsplan for livslang læring.
- Greie ut korleis arbeidstakarar kan opparbeide ein rett til etter- og vidareutdanning.
- Gjere det meir attraktivt for universitet og høgskular å tilby kortare etter- og vidareutdanningstilbod og fjerne hindringar i finansieringssystemet.
- Styrkje rolla til studieforbunda og det frivillige opplæringstilbodet.
- Sikre at staten bidrar til finansieringa av kompetansereforma som del av eittrepartssamarbeid, og vurdere å opprette eit kompetansefond for å finansiere livslanglæring.
- Kommentar: For at «Lære heile livet» skal bli meir enn eit slagord er det heilt nødvendig å sjå på studiefinansieringa. Men også for institusjonane må det kome fram at det har ein kostnad å tilby utdanningar som sjeldan fører fram til heile grader. Dette er difor eit viktig punkt for Høgskulen i Volda som har svært mange studentar på etter- og vidareutdanning.
Andre tema i Hurdalsplattforma som også kan vere viktige for våre fagområde:
Nedanfor har eg klipt meir fritt frå plattforma på tema som også kan vere viktige for oss og det er for skulen og lærarutdanning, kulturlivet og barnevern.
Skulen/lærarar:
- Satsinga på kompetanseutvikling for lærarar skal fortsetje på dagens nivå.
- Kommentar: Dette er eit svært viktig signal for Høgskulen i Volda som dei siste åra har hatt mange tilbod for etterutdaning av lærarar og ca. 30 millionar i inntekter frå desse og liknande ordningar.
- Etter- og vidareutdanningstilbodet skal utvidast til fleire fag og viktige område som klasseleiing, digitale læremiddel, tilpassa opplæring og spesialpedagogikk.
- Erstatte inntakskravet om fire i matematikk med meir treffsikre opptakskrav på lærarutdanninga.
- Kommentar: Vi har oppfatta det slik at dei to regjeringspartia vil justere ned kravet i matematikk frå 4 til 3. Det vil i så fall truleg gje fleire søkarar til grunnskulelærarutdanningane i Volda og i andre regionar. Men om det i tillegg kjem andre krav så er det ikkje sikkert at resultatet blir fleire kvalifiserte søkarar likevel.
- Gjere lærarutdanninga meir praksisnær og -relevant, og gi kommande lærarar moglegheit for kompetanse i fleire fag og emne tilpassa behova til små skular.
- Kommentar: Dette er eit fagleg sett spennande innspel som kanskje opnar for breiare praksis i lærarutdanninga og treff truleg bra vår region.
- Gjere det siste året av lærarutdanninga meir yrkesretta, med meir praksis.
- Styrkje tidleg innsats i skulen, blant anna ved å leggje til rette for fleire spesialpedagogar og annan spesialkompetanse som kan gi elevar rask og ubyråkratisk oppfølging.
- Gjennomføre ein opptrappingsplan med tusen nye fagskuleplassar årleg over fem år, i tråd med arbeidslivets behov.
- Sikre at alle elevar i ungdomsskulen får tilbod om å velje arbeidslivsfag og minst eitt praktisk retta valfag, og gi elevar moglegheit til å velje fleire praktiske og estetiske fag’
- Gi fleire lærarar i praktiske og estetiske fag tilbod om etter- og vidareutdanning og styrkje plassen og andelen til desse faga i lærarutdanningane.
- Kommentar: Dette er eit viktig punkt for Høgskulen i Volda som er ein av få høgskular og universitet med full breidde av praktiske og estetiske fag samla i ei eiga avdeling, Avdeling for kulturfag.
Kultur:
- Leggje til rette for fleire kulturarbeidsplassar og kompetansemiljø over heile landet
- Styrkje den regionale filmsatsinga, auke produksjonsmidlane til norsk film og gjennomgå filminsentivordninga med mål om å sikre fleire filmproduksjonar i Noreg.
- Styrkje Den kulturelle skulesekken og gjeninnføre Den kulturelle spaserstokken på statsbudsjettet.
- Kommentar: Seanse, senter for kulturproduksjon, vart starta av Høgskulen i Volda og Møre og Romsdal fylkeskommune nettopp for å styrke kvaliteten på produksjonar til Den kulturelle skulesekken, så dette er positive signal for oss.
Barnevern:
- Gjennomføre ei kvalitetsreform i barnevernet som sikrar ei hensiktsmessig organisering, vektlegg auka kompetanse og gir dei tilsette meir tid og tillit i møte med barna.
- Sørgje for bemanning og finansiering som følgjer av barnevernsreforma som trer i kraft i 2022.
- Auke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet
- Kommentar: Høgskulen i Volda har i framlegget til statsbudsjett for 2022 fått øyremerka 20 studieplassar til master i barnevernsfag. Auka krav til kompetanse i barnevernet er eit tiltak som vi støttar.
Én kommentar til «Hurdalsplattforma – og ny minister: Meir konkurranse?»