Hurdalsplattforma – og ny minister: Meir konkurranse?

I veke 41 i oktober 2021 har vi både fått den avtroppande regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, vi har fått den nye regjeringa sitt program – Hurdalsplattforma – og vi har fått namna på dei nye regjeringsmedlemmene. Ola Borten Moe er den nye ministeren for forsking og høgare utdanning og vi ønsker han lukke til med arbeidet – og vi har alt invitert han til den offisielle opninga av Sivert Aarflot-huset 26. oktober.

I løpet av valkampen hadde Høgskulen i Volda besøk både frå Trygve Slagsvold Vedum og ein stor delegasjon frå Senterpartiet, men også frå Arbeidarpartiets partisekretær Kjersti Stenseng. Når vi får slike politikarbesøk så brukar vi å gje dei eit informasjonsark i handa der vi kommenterer partias program og tek opp saker som vi meiner er særleg viktige for Høgskulen i Volda – i tillegg til meir generell informasjon om Høgskulen i Volda. Vi kan som regel gå ut frå at dei fleste veit mindre om Høgskulen i Volda enn det vi skulle ønske.

Informasjonsark til Senterpartiet, 30.8.2021
Informasjonsark til Arbeidarpartiet, 9.6.2021

Vi håper og trur at slike informasjonsark i tillegg til dei munnlege diskusjonane på slike møte når fram til dei som snekrar på både dei store linjer og små detaljar i UH-politikken.

Men så har vi altså fått regjeringserklæringa. Kva står der? Kva får det å bety for oss?

Hurdalsplattforma – denne regjeringa vil veldig mykje

Det første eg la merke til var tittelen på avsnittet om utdanning i Hurdalserklæringa: «Kunnskap for framtida»  Det er jo faktisk identisk med Høgskulen i Voldas noverande strategiplan – men som truleg blir endra til «Kompetanse for framtida».

Hurdalsplattforma på nettsidene til Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Utdanning er omtala frå side 51 og utover og det som slår meg aller først er at her er det i sum svært mange einskildpunkt og dermed tiltak i UH-politkken. Kor raskt er det muleg å innføre alle desse tiltaka? Er det kanskje i sum så mange tiltak at det vil ta lang tid å få dei gjennomført? Og er det muleg å få med seg eit fleirtal på Stortinget på alle desse punkta? Eg trur at det minst vil ta fire år å gjennomføre fleirtalet av alle tiltaka.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Hurdalsplattforma – og ny minister: Meir konkurranse?»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *