Roar Amdams takketale

ASH-dekan Randi Bergem og Roar Amdam.

Takk for introduksjon og gratulasjon.

Då rektor ringde og gratulerte meg med prisen, så var min umiddelbare reaksjon at det var kjekt å bli sett. Men for at nokon skal bli sett, må noko sjå. Eg vil difor takke dei som har sett meg og unt meg denne prisen. Utan at eg veit, så reknar eg med at både Nils Magne som instituttleiaren på IPAS og Randi som dekan på ASH har vore involvert i å foreslå meg. Takk til desse og til alle dei som støtta forslaget i Forskingsutvalet og Styret. Takk også til dei som evt ikkje har støtta forslaget, desse har bidratt til ein demokratisk dialog der dei med beste argumenta vann fram, og dermed til å legitimere avgjerda om å tildele meg prisen. Når det er sagt, vil eg legge til at når eg etter praten med rektor gjekk inn å sjekka lista over kven som har fått prisen før, med Jostein Fet som den første, så blei eg skikkeleg stolt av å ha blitt innlemma i det gode selskapet av dyktige forskarar.

Så blir det vel forventa at eg ein sånn dag skal seie noko fornuftig. Og etter over 40 år her på bruket, er det naturleg å velje temaet Alt var betre før. Men det har eg ikkje gjort. Temaet mitt er derimot at alt har blitt endra desse åra. Og endringane har hatt til felles at dei strir med det klassiske dilemmaet om å finne ein god ballanse mellom sterk styring, kontroll og mistillit på den eine sida og sjølvstyre, fridom og tillit på den andre sida. Men endringane går ikkje eintydig ein veg, situasjonen er nyansert.

La oss først ta økonomi og personale. Før vart budsjettet vårt detaljert sett opp i departementet. Det var vanskeleg å flytte pengar mellom postar, og heilt uråd å flytte pengar mellom løn og drift. Talet på stillingar og studieplassar var bindande nøkkeltal som ikkje kunne fråvikast og som dimensjonerte tildelinga av pengar. Så komme rammefinansiering og deretter mål-og resultatstyring. Den lokale fridomen auka, men med fridomen kome det også krav om detaljerte og tidkrevjande rapporteringar som no tek mykje av tida vår som tilsette. Med fridomen kom også auka konkurranse mellom utdanningsinstitusjonane om studentar og pengar. Frå å bli styrt på ressurstildeling/input blir vi no styrt etter oppnådde resultat (output og outcome). Men det å finne gode måltall/indikatorar/tellekantar for resultat er vanskeleg om ikkje umuleg. Her må det også leggast til dei første åra kjempa vi om å få rett til å forske, og vi hadde ikkje professorstillingar. No har vi fått same stillingstruktur som universiteta, og det hjelper på rekrutteringa.

Når det gjeld forsking, så var det før langt mindre krav til søknadane. Tildelinga var mykje meir tillitsbasert, også i Forskingsrådet. Dei prosjekta som førte meg fram til doktorgrad på slutten av 90-talet, hadde neppe blitt innvilga i dag, men det bli god forsking av prosjekta. Forskinga har blitt lest og brukt av lokalforvaltninga, og forskinga er akseptert internasjonalt. I dag tvingar forskingsrådet oss inn i store internasjonale samarbeid og til å produsere artiklar på engelsk, som få les, i alle fall ikkje den lokale forvaltninga. Her må det skytast inn at enkelte miljø på skulen har vore dyktige og er med i slike internasjonale nettverksprosjekt, og Fjordantologien er eit godt reiskap for publisering retta mot lokalforvaltninga. Men om endringa har vore mot nasjonal styring og kontroll av forskinga, så gir stipendiatstillingane oss ein kjempestor forskingsressurs som vi har fridom til å styre lokalt.

Noko av det same har skjedd med undervisninga. Lokal tillit og fridom har blitt erstatt med rigide studie-og emneplanar underlagt noggrann administrativ kontroll med NOKUT som det sentrale såkalla kvalitetsorganet. Her osar det av standardisering, kontroll og mistillit, men samstundes har vi fridomen til å ta opp fleire studentar enn oppgitt måltal, og mange studentar på institutta gir god tilgang til ressursar og fridom for institutta til å kjøpe seg lærarkrefter til meir eller mindre faste stillingar.

Eg vil hevde at både forskinga og undervisninga no blir styrt både gjennom ressurstildeling og resultat, og den lokale fridom har blitt redusert. Det store spørsmålet er difor om dette går ut over motivasjonen og skaparkrafta vår.

Oppsummert: Endringar har skjedd og kjem til å skje, og balansen mellom fridom og kontroll er aldri statisk, og ein treng ikkje vere spåmann for å seie at den neste endringa er å gi oss tilsette meir fridom og tillit både i forsking og undervising, men då må vi også individuelt og kollektivt vise at vi har handlingskapasitet til å utnytte fridomen og konkurransesituasjonen som følgjer av meir fridom. Vi veit at handlingskapasiteten til organisasjonar som vår høgskule, aukar når vi greier å samarbeide på tvers av profesjonar og einingar, og når vi i fellesskap kritisk reflekterer over våre haldningar, ferdigheiter, kunnskapar og handlingar. Det inneber at kvar og ein av oss må opptre som kloke eller kompetente personar, og det er også dette vi må lære studentane våre. Berre gjennom auka samarbeid internt og eksternt kan vi handtere utfordringane vi som høgskule og samfunnet står overfor.

Takk for meg!

Smil til fotografane!