Bjørnstjerne Bjørnsons «Redaktøren» (1874*) – og i dag?

Teaterstykket har av ettertida ikkje fått særleg god omtale, og stykket vart nok også boikotta fordi den namnlause Redaktøren vart skildra på ein måte som gjorde han svært lik Christian Friele, redaktør for Morgenbladet – landets største avis og dermed ein frykta mann. Sjå til dømes omtale i Hoem (2009:555) og Bull (1927).

Men med «Redaktøren» var Bjørnson ein av dei første som tematiserte media og medias politiske rolle i teateret. Bjørnson skreiv samtidig dramaet «En falitt» (1875), og også her vart samtidsspørsmål sett under debatt i teatersalen, heilt i tråd med dei radikale ønske i tida (jf Amdam 1993:407). «Redaktøren» kom altså først, men det var «En falitt» som vart suksessen og i 1875 og åra etter vart stykket sett opp hundrevis av gonger i fleire land og gjorde Bjørnson kjent for eit nytt og større publikum over store delar av Europa (Aarseth 2009:233, Hanssen 2013).

Kor relevant er så «Redaktøren» i dag? Er der noko å hente for dei som er opptatt av medias makt og koplinga mellom media og politikk? (Boassen 2016). Det er lite fruktbart å vurdere Redaktøren ut frå våre dagars forventningar til media – for det meste er forandra. I 1874 var avisene ein integrert del av det politiske livet og eit verktøy for politiske interesser. I stor grad var det dei politiske interessene til einskildpersonar eller politiske grupperingar som vart fremja gjennom aviser. Uavhengige aviser og ein uavhengig journalistikk er eit fenomen som først hundre år seinare vart dominerande i norsk presse. I 1874 fanst det ingen felles presseetiske normer, men redaktørens utpressing av ein politisk motstandar bryt sterkt med mediefridomsideal som seier «print and be damned». 

Men på eitt punkt er det freistande å seie at vi har interessante likskapar som kan gjere Bjørnson og «Redaktøren» aktuell også i dag. Og det handlar om teknologi og marknad. Teknologisk sett var avisene i 1874 i ferd med å gå frå å vere eit medium for dei rike og få, til å bli eit billeg og tilgjengeleg massemedium for dei mange. Samtidig vart det også opna opp eit politisk landskap der også arbeidarklassen kunne få tilgang til informasjon og meiningar og seinare sjølvorganisering og politisk makt.

Den medieteknologiske utviklinga i vår tid inneheld litt av det same: Medieteknologien og ikkje minst distribusjonskanalane har blitt billege og tilgjengeleg for dei mange, anten vi no tenkjer på Facebook-kanalar, Youtube-videoar etter Twitter-kvitter. Vi har truleg berre sett starten på denne utviklinga, på same måte som avisene og politisk liv i 1874 var i starten av ei enorm utvikling. Så kanskje er vi i ferd med å gå mot ei verd med influensarar som leiarar for einmanns-redaksjonar, med sterkt aukande teknologisk kapasitet til å spreie giftige bodskapar og der privatlivet er endå meir fritt vilt enn i dag?  Så langt hadde nok Bjørnson nikka, og mange kjenner seg nok igjen.

Men Bjørnsons Redaktør med makt over ei avis i ein einaste by blir dessverre berre ein pusekatt samanlikna med dei namnlause og ukjende Redaktørane og algoritmane i dei nye mediekanalane som Facebook, Google og Twitter. Dei er ikkje berre tilretteleggarar av «den offentlige vilje» – dei kan faktisk sjølve bli den offentlege vilje. Blant anna ved å fjerne røyster frå samtalen. Mange sukka nok letta over at Trump vart tatt av nettet – men i Kina er det demokratiforkjemparar som blir tatt av nett. Som forvaltarar av «offentlige vilje» er dei store teknologiselskapa med Bjørnsons ord «meget troløse vænner».

*) Originalutgåva er tilgjengeleg i digial utgåve frå Nasjonalbiblioteket, og der står det at boka har kome ut i 1874, men det ser ut til å vere semje om at boka først kom i sal i 1875.

Referansar:

Amdam, Per (1993): Bjørnstjerne Bjørnson. Kunstneren og samfunnsmennesket 1832-1880, Gyldendal, Oslo

Bjørnson, Bjørnstjerne (1874): Redaktøren. Skuespil i fire handlinger, Forlagt av den Gyldendalske boghandel (F. Hegel), København (Nasjonalbiblioteket)

Boassen, Frode Lerum (2016) Forfatteren og redaktøren, blogginnlegg (https://www.ntnu.no/blogger/the-materialities-of-the-modern-breakthrough/forfatteren-og-redaktoren/)

Bull, Francis (1927): «Indledning» i Bjørnstjerne Bjørnson. Samlede digter-verker, Gyldendal, Oslo (Nasjonalbiblioteket)

Eide, Martin (2000): Den redigerende makt. Redaktørrollens norske historie, Norsk Redaktørforening/IJ-forlaget, Oslo/Fredrikstad (Nasjonalbiblioteket)

Hanssen, Jens-Morten (2013): «Bjørnson, Brandes og det moderne – et resepsjonshistorisk blikk på En Fallit», i Bliksrud (et.al) (red.) Den engasjerte kosmopolitt. Nye Bjørnson-studier, Novus Forlag, Oslo

Hoem, Edvard (2009: Villskapens år: Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875, Oktober, Oslo

Aarseth, Asbjørn (2009): «Det moderne gjennombrotet i mediehistorisk perspektiv», i Edda 03/2009 (Volum 96), Universitetsforlaget, Oslo (https://doi.org/10.18261/ISSN1500-1989-2009-03-04)

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar