Orientering til høgskulestyret, 9. september 2021

Styremøte 9. september 2021

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet er:

  • Studiestarten, fadderveke og koronahandtering
  • Sivert Aarflot-huset, innflytting og innkøyring
  • Opptak og oppmøte

Studiestarten, fadderveke og koronahandtering

Studiestarten hausten 2021 ser ut til å ha gått bra på Høgskulen i Volda. I tillegg til den vanlege spenninga knytt til å handtere tusenvis av nye studentar så hadde vi den andre hausten med korona, eit lokalt utbrot to veker før studiestart og eit nytt stort hus som skulle kome i stand til studiestart, midt på høgskuleområdet.

Så langt er det mi vurdering at alt dette har gått bra, og det kan både tilsette og studentar takke kvarandre for. På sjølve opningsdagen hadde vi også i år spreidd mottak og velkomen til nye studentar ut over høgskuleområdet og dermed kunne vi både bruke lyd- og scenerigg fleire gonger samtidig som dei einskild studia fekk betre tid til å gjennomføre dagen på sin måte. Det er ikkje sikkert at vi skal gå tilbake til ei stor, felles opning i 2022 – eller vi bør i alle fall tenke på om det er lurt.

Fadderveka vart gjennomført i betydeleg redusert omfang med sterkt fokus på smittevern. Heldigvis var det nokre dagar med godt ver slik at utearrangement kunne gå bra, men større utandørsarrangement måtte også avlysast.

Regjeringa oppmoda oss sterkt om å fjerne avstandskravet for undervisning ved semesterstart. Det var for så vidt noko vi hadde ønska oss, men vi var svært usikre på korleis vi skulle forhalde oss til det sidan vi nett hadde hatt smitteutbrot i Volda og Ørsta. Vi valde å gå for opning og la dermed om timeplanane for så godt som alle tilsette og studentar så snart det let seg gjere – ca. ei veke eller to inn i studiet. Det var for så vidt eit godt døme på at ein liten institusjon kan snu seg raskt – vi ser jo at dei store universiteta kjem til å køyre med strengt smittevernregime i haust, men det er nok fleire årsaker til ei slik vurdering – både smittesituasjon og logistikk.

Elles er det mitt personlege inntrykk at studentane no kanskje kjenner seg litt for trygge og at smittevernomsyn har vorte nedprioritert utanfor undervisning. Vi får berre håpe at vi kan unngå smitte også framover, men det har vore og er smitte i mange kommunar på Sunnmøre dei siste vekene.

Vi har hatt både tilbod om vaksine på høgskulen, om testing og har også eit eksperiment med gruppetesting av korona.

På grunn av korona har vi også måtta utsette 50-årsmarkeringa både for sosialfag og for mediefag til neste år.

Sivert Aarflot-huset, innflytting og innkøyring

Høgskulestyret skal seinare i dag få omvising på Sivert Aarflot-huset. Det gler vi oss til – og dei som har vore på besøk på høgskulen har skrytt av huset. Både Erna Solberg, Trygve Slagsvold Vedum og fleire andre politikarar har alt vore her – så no ventar vi berre på at Jonas Gahr Støre skal kome, så har vi hatt alle statsministerkandidatane her. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.