Bjørnstjerne Bjørnsons «Redaktøren» (1874*) – og i dag?

Romsdals budstikke, 11.9.2021.

Blogginnlegget er er skrive som oppspel til eit debattmøte under Bjørnson-festivalen 2021 og blei også trykt i Romsdals Budstikke 11. september 2021.

Teateret Vårt har i september 2021 sett opp «Redaktøren» (1874) av Bjørnson. Er «Redaktøren» av 1874 viktig i 2021? Tja.

Bjørnstjerne Bjørnsons drama «Redaktøren» frå 1874 er eit av dei mest gløymde og minst framførte av Bjørnson verk. Nokre gode replikkar frå stykket har hatt eit godt liv i mediehistoria som spissformuleringar av sjølvforståinga til redaktørar og journalistar. Som denne replikken frå den namnlause redaktørens munn: «Jeg er fullbyrderen af den offentlige vilje.» (Sjå til dømes Eide 2000:57) Stort meir pompøst kan det ikkje bli. Men den same redaktøren seier også at «Den offentlige mening er en meget troløs væn», og at «jeg har ingen [venner]». (Bjørnson 1874: Tredje møde, side 64-76).

Også i dag høyrer ein liknande replikkar i medieordskiftet: Som ideal for kritiske, uavhengige media og journalistar, som spissformulering av medias makt, men også motsett som tomme formuleringar frå ein sjølvopptatt mediestand, og som berre til ein viss grad stemmer med realiteten i kvardagen.

Korleis er så historia i «Redaktøren»? Hovudpersonen i stykket ein mann med namn Evje, ein rik borgar. Han er i ferd med å gifte vekk dotter si til den politisk sett radikale Harald Rejn, og det likar ikkje Redaktøren av lokalavisa då han ser på eit slikt ekteskap også som ein politisk allianse som opnar opp for «de røde». Redaktøren trugar med å henge ut både Evje og Rejn i avisa, om ikkje trulovinga blir avlyst. Etter mykje fram og tilbake kjem den kritiske artikkelen på trykk, og det kostar liv: Halvdan Rejn er den sjuke og svaklege broren til Harald Rejn, og når han les artikkelen, så døyr han av «blod-styrtning». Dette er for oss i dag nokså framandt. Skremmer verkeleg litt politisk kritikk livet av Evje og fører til at Halvdan Rejn døyr på flekken av å lese det? Ein må ha stor tru på betydning av omdømme og medias makt for å akseptere den delen av historia. For ikkje å snakke om at det å omtale ei truloving i seg sjølv skulle vere slik skandalemat.