I strukturprosessen vart ordet «robust» brukt og misbrukt og oppbrukt – og så vart det gløymt. Men det handla eigentleg om å bygge færre og større institusjonar, og det har jo skjedd. Vi fekk ofte høyre at Høgskulen i Volda ikkje var så robust. Vi er i alle fall ikkje store. Men det skal vi kanskje vere glade for.
Vi går no inn i ein ny koronafase. Kanskje kan vi kalle det fase Korona 2.0. No skal vi ikkje lenger stenge ned, men opne opp, og samtidig halde koronaen ute. Det er nytt og vanskeleg.
Her er samlesida med koronainformasjon på våre nettsider.
Eg håper og trur at vi i Volda er ein dei mest robuste høgskular og studiestader i landet når det gjeld pandemi-vern. I alle fall har vi potensiale til å vere ein av dei aller sikraste studiestadene hausten 2020. Men som så ofte før – det kjem an på oss sjølve og koronaen har så langt vist seg å vere svært så spreiingsdyktig.
Kva er det som kanskje gjer Volda til ein robust høgskule og studiestad?
- Vi er ein liten og oversiktleg høgskule og studiestad – vi har god oversikt over kvarandre. Det betyr blant anna at vi kan ha korte beslutningslinjer og kort avstand mellom studentar og tilsette. Kriseleiinga har hatt 30-40 møte sidan 12. mars, og i kriseleiinga er dei mest relevante leiarar og fagpersonar i pandemi-samanhengen samla på ein Zoom-skjerm. Det har i mindre grad vore nødvendig med møte-om-møta i ettertid eller i andre einingar i organisasjonen. Informasjonen frå kriseleiinga ved høgskuledirektøren har etter det eg har registrert fungert svært godt. Og det gir tryggleik. Vonleg kan også gi raske rsultat det skulle bli nødvendig med smittesporing.