Orientering til høgskulestyret, 12. september 2019

Dette betyr at entreprenør kan ta til på arbeidet i månadsskiftet oktober-november no i 2019, og byggjetida er ca halvtanna år, så våren 2021 skal huset stå ferdig. 

Leiinga arbeider vidare med å få politisk gjennomslag for ei eingongsløyving på 25 millionar til medieteknisk utstyr. Dette håper vi å få inn i statsbudsjettet for 2020. 

Alle som besøker høgskuleområdet ser at det alt er stor byggeaktivitet på tomta til den nye idrettshallen Volda Campus Sparebank1 arena. Arbeidet vil gå nærast parallelt med bygging av nytt mediehus, så det blir betydelege utfordringar med å få dagleg drift til å fungere når det gjeld tilkomst til høgskuleområdet, parkering, interntransport og heilt sikkert ting vi ikkje har tenkt på i dag. 

Strukturprosessen i høgare utdanning har handla om å få færre og større institusjonar i sektoren, både på offentleg og på privat side, og det har skjedd ved at større institusjonar har overteke mindre institusjonar og i nokre tilfelle gjennom fusjonar mellom likeverdige partar. 
https://www.regjeringen.no/no/tema/utdanning/hoyere-utdanning/innsikt/veien-mot-ny-struktur/id2415316/

Kunnskapsdepartementet har lyst ut midlar for å evaluere strukturreformen i høgare utdannning. Prosjektet har ei tidsramme på 2019-2023. Søknadsfristen var i januar 2019. 
https://khrono.no/struktur-kunnskapsdepartementet-fusjon/15-mill-til-evaluering-av-fusjoner/227552

Forskingsinstituttet NIFU fekk tilslag på prosjektet og arbeider no med evalueringa i lag med ei rekkje andre forskingsinstitusjonar i inn- og utland. 
https://www.nifu.no/evaluering-av-strukturreformen/

Vi har ein treårig samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen, og tek sikte på å fornye og forlenge den for tre nye år frå hausten 2019.  For å få til det vil vi ha eit møte med faglege leiarar ved Universitetet i Bergen i midten av oktober. Dette blir eit møte på dekan og instituttleiarnivå mellom dei to institusjonane. 
https://www.hivolda.no/om/styringsdokument

Vi har som før løpande kontakt og samarbeidsprosjekt også med andre institusjonar, og då naturlegvis Høgskolen i Molde,  NTNU Ålesund, Høgskulen på Vestlandet og dei andre institusjonane i UH Nett Vest.
https://uhnettvest.no/

NTNU har gitt beskjed til Høgskolen i Molde om at det frå NTNU si side ikkje er aktuelt med eit nærare samarbeid no enn ein samarbeidsavtale. Det er altså ikkje aktuelt for NTNU pr i dag å overta Høgskolen i Molde, men å utvikle samarbeidsavtalen vidare.
https://panorama.himolde.no/2019/08/28/ntnu-onsker-ikke-samarbeidsavtale-med-himolde/

Eg oppfattar det ikkje slik at leiinga ved Høgskolen i Molde er veldig overraska over denne beskjeden. Styret i Molde har møte samtidig som styret ved Høgskulen i Volda og skal ha ei strategisamling i oktober der eg reknar med dei vil diskutere grundigare kva som no bør skje vidare. Som kjent har styret ved Høgskolen i Molde tidlegare vurdert det slik at Høgskolen i Molde bør søke nærare samarbeid og eventuelt fusjon med andre høgskular eller universitet, og NTNU har der vore eit førstevalg og Kunnskapsdepartementet har tidlegare gjeve Høgskolen i Molde 2,3 millionar kroner for å utgreie samanslåingar.
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/far-23-millionar-til-a-greie-ut-samanslaing/id2569222/

Opptaket på lærarutdanningane for hausten 2019 vil bli orientert om i ei eiga sak, så det skal eg ikkje gå inn på her. 

Høgskulen i Volda har 110 studieplassar i PPU (Praktisk- pedagogisk utdanning), og tilbyr både yrkesfagleg og allmennfagleg PPU. PPU yrkesfag har hatt normalt god søknad, men har også i år hatt få søkarar innan til dømes elektrofag, mekaniske fag og byggfag, men har hatt svært stor søknad innan helse og oppvekstfag og service og samferdsle. 
For allmennfagleg PPU vart det hausten 2019 krav om at studentar må ha master for å få opptak. Fram til 2025 er studentar med fagbakgrunn i praktisk estetiske fag som musikk, idrett/kroppsøving, kunst og handverk og drama unnteke dette kravet. Søknad til PPU allmennfag har gått noko ned, og då spesielt innan faga med masterkrav, dvs norsk, engelsk og framandspråk, samfunnsfag, mediefag og realfaga. Gruppene innan desse faga er mindre enn tidlegare år. Dette er sjølvsagt ei utfordring i høve lærarrekruttering i desse faga. HVO har hatt høve til å ta opp fleire studentar med praktisk estetiske fag på grunn av desse endringane, og samla sett har PPU om lag same studenttal som har vore normalt dei siste 10-15 åra.

Høgskulen i Volda har fått godkjent søknad om akkreditering av erfaringsbasert master i undervisning og læring. Den rettar seg særleg mot lærarar som ikkje har mastergrad men som jobbar i skulen. No kan dei også få ein mastergrad. 

Høgskulestyret delegerte til rektor å sende akkrediteringssøknad til NOKUT om master i barnehagepedagogikk. Søknaden vart sendt 11. september. 

I tillegg har det også vorte sendt søknad om akkreditering av ein ny mastergrad i skriftkulturar som særleg fagmiljøa i norsk og engelsk skal samarbeide om, og som også vil omfatte fagområda under den noverande mastergraden i nynorsk skriftkultur. 

Så ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning blir det definitivt bygd i høgda, altså med nye mastertilbod oppå etablerte bachelorutdanningar. Fagmiljøa vil i tida framover også vurdere om det er grunnlag for å arbeide mot akkreditering av doktorgradsutdanning, og det er noko styret naturlegvis vil få som sak seinare – og blir heilt sikkert tema i strategiarbeidet for komande periode.  

I utgangspunktet må ein rekne desse faglege utviklingstiltaka som ei spissing og skarpare profilering av vår studieportefølje. Men i utgangspunktet har vi ikkje fått nye studieplassar, altså finansiering frå KD av desse nye studietilboda. Så totaløkonomien er dermed ei utfordring som vi må kome tilbake til seinare og i alle fall når vi skal vedta studieporteføljen dei komande studieåra. 

Styret har tidlegare etterlyst orientering om ei rekkje saker som styret delvis har sett i gang og delvis ønskjer orientering frå. I ei eiga sak i møtet i dag er årshjul for 2019-2020 sett opp, og sakene vil ein i stor grad finne igjen der. 

Det kan særskilt nemnast at vi har eit utval som arbeider med evaluerer ordnina med avdelingsråd. Status i dette utvalets arbeid er diverre at dei ikkje har kome så langt som vi og dei hadde håpa på, og vi har difor ikkje noko resultat å legge fram for styret på dette møtet. Vi kjem naturlegvis tilbake til saka seinare. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.