Survey-verkty i undervisninga

Det å legge til rette for at studentane reflekterer under undervisningsøkta er viktig for meg. Eg har skrive om grunnen til dette, og eg har skrive om korleis eg har nytta Twitter i undervisninga. Twitter har fungert greitt, men eg er ikkje heilt nøgd. Eg veit eigentleg ikkje kvifor, men det gir meg (heldigvis) ein grunn for å leite etter andre måtar å legge til rette for at mange får reflektert og mange vert høyrde.

Høgskulen i Volda har kjøpt tilgang til surveyXact. Eg har nytta dette verktyet, og det er i prinsippet likt alle andre digitale surveyverkty. Ein lagar eit spørjeskjema, distribuerer det, og får ut rapportar. For meg er det viktig at det skal vere enkelt for studentane å ta del. Terskelen skal i prinsippet ikkje vere der. Difor gir eg studentane ei lenke og ei QR-kode dei kan nytte. QR-koden kan lesast på mobilen, t.d. i Snapchat, og lenka kan skrivast inn på både berbare og på telefonen.

Når surveyXact lagar lenker, vert dei ganske lange. Dømet under får til dømes lenka: https://svar.hivolda.no/LinkCollector?key=E1VU359Z3N9P. For å få den kortare, nyttar eg ein URLforkortar. Her har eg nytta http://goo.gl.

I undervisningsøkta ber eg studentane diskutere eit spørsmål i grupper på to til fire, for deretter å sende inn svaret. Medan studentane jobbar, tek eg fram undersøkinga og ser kva dei skriv. Når eit passeleg tal studentar har skrive noko meiningsfullt, byttar eg frå PowerPoint til rapporten eg har laga på førehand. Eg går då gjennom svara og peikar på dei elementa eg meiner er viktige for det vi skal jobbe vidare med. Eg nyttar den berbare maskina mi til å vise plansjane og den stasjonære i undervisningslokalet til å leite fram og klargjere det studentane skriv. Eg byttar mellom desse ved hjelp av kontrollpanelet på kateteret. Svara som studentane gav på dei fire oppgåvenem, lasta eg opp i læringsplattformen saman med plansjane mine.

Tekstsvar

Eg likar å legge inn ein refleksjon tidleg i undervisningsøkta. I dette tilfellet var temaet «Offentlege organisasjonar». Etter å ha gått gjennom den vanlege introduksjonen av tema og mål for dagen, slo eg fast at: «Ingen har sett ein organisasjon». Etter det gjekk vi rett på første refleksjonsøkt. Eg introduserer økta ved hjelp av følgjande plansje:

Både QR-koden og URLen fører til eit skjema som ser slik ut:

Sjemaet fungerer både på mobil og berbar. Studentane fyller inn kva dei meiner ein organisasjon er, og sender svaret. På dette spørsmålet fekk eg heile 53 svar frå omlag 100 studentar. Dei fleste svara var knytt til at menneske jobba saman mot mål. Her er eit lite utval av svara, der mange som var knytt til samarbeid mot mål er fjerna:

  • Mennesker som jobber sammen mot et bestemt mål
  • Organisme
  • En tjenesteyter
  • Det er en organisert virksomhet. Består av mennesker og et mål
  • En gruppe mennesker som jobber sammen om et felles mål
  • Er to eller flere mennesker som arbeider sammen for å utføre oppgaver der en skal oppnå et mer eller mindre klart definert mål. Altså, det er et bevisst, stabilt og målretter samarbeid mellom mennesker
  • Gruppe personer med satt struktur og regelverk som har et gitt formål.
  • En organisasjon er en gruppe mennesker som jobber mot et felles mål. Det skal være årsmøter, vedtekter,
    retningslinjer, et eller flere styrer (et nasjonalt, og eventuelt noen lokale styrer), og en skal være registrer i
    Brønnøysundregisteret (?).
  • Fleire mennesker som arbeider sammen og utfører en oppgave
  • Når en gruppe mennesker er sammen om et eller flere mål eller har like rammer

Eg viste svara som ein Word-rapport. På den måten kunne eg justere skriftstorleiken til noko som var lett lesbart for studentane.

Dei neste tre plansjane mine gjekk på kjenneteikn på organisasjonar ut frå pensumlitteraturen. Når eg gjekk gjennom dei, kunne eg vise til at svara deira hadde lite fokus på identitet og hierarki, men i stor grad på rasjonalitet.

Svare gjennom val av alternativ

Eit alternativ til det å hente inn tekst, er å køyre «meiningsmålingar» knytt til faste svar. I pensum er der ein forskingsrapport knytt til leiarar i offentleg og privat sektor. Eg laga eit spørjeskjema i surveyXact som såg slik ut:

Der var tilsvarande spørsmål for rektorar og bedriftsleiarar. I tillegg var der spørsmål om beslutningsstil og motivasjonsprofil. Resultata var slik:

«Fasiten» ut frå forskingsrapporten er at dei offentlege leiarane er mest forandringsorientert og bedriftsleiarane er i hovudsak personalorienterte.

Skillet mellom det studentane trur og det forskinga viser, gjer at eg kan justere fokuset mot der eg ser at det er grunn til å forklare og justere oppfatningane deia.

I sum

Eg fekk fleire svar gjennom bruk av surveyXact enn eg fekk gjennom Twitter. Det er tale om ei anna gruppe enn den gruppa der eg brukte Twitter. Det kan vere grunnen, men eg opplevde at bruken av surveyXact hadde ein lågare brukarterskel. Vidare er studentane anonyme i surveyXact, noko som gjer at det vert mindre farleg å skrive noko som er feil. Det eg ikkje fekk med surveyXact, var at studentane såg svara som dei andre gav etter kvart. Det har både positive og negative sider, men eg trur kanskje det er ei vinning for deira refleksjon sin del. Ein annan fordel med surveyXact i høve til Twitter, er at ein ikkje går inn i ein kommunikativ sjanger som ikkje oppfordrar til refleksjon. surveyXact gir også høve til å setje saman fleire spørsmål, slik at ein kan få ei lenger refleksjonsøkt.

I sum vil eg mest truleg ha surveyXact som førsteval neste gong eg treng eit verkty for studentaktivitet.