Twitter for studentaktiv læring

Eg har vore passiv mottakar i førelesingssalen, og eg har vore aktiv deltakar rundt seminarbordet. Eg er ikkje i tvil om når eg har lært mest. Det gjer at eg ikkje klarer å gå engasjert inn i ein undervisningsbolk når det skal vere tre timar førelesing. Spesielt ikkje som førelesar.

Det å legge til rette for at studentane skal vere aktive, er svært viktig for meg (Du kan lese om grunnen til det her). Som lærar har eg eit rikt register av elevaktive læringsformer. Problemet er berre at mange av formene vert svært vanskelege når gruppa er stor.

Med ei gruppe på over 100 studentar, er munnlege tilbakemeldingar vanskeleg av fleire grunnar. Om eg stiller spørsmål ut i salen, kan eg kome i dialog med 6-10 av dei som sit fremst, men det er ikkje nok om ein tek på alvor at ein skal legge til rette for refleksjon og omgrepslæring – for alle. Det er få som kjem til orde, og det er få som høyrer dei få som får sagt noko. Eg landa difor på at eg måtte prøve skriftlege tilbakemeldingar.

Eg var innom ei rekkje verkty, frå GoogleDocs via Clicker-appar til instant messaging. Til slutt landa valet mitt på Twitter. Grunnen var at:

  • Det er korte tekster (140 teikn)
  • Det er enkelt i bruk
  • Mange har konto frå før
  • Verkar på mobil, pad og bærbar datamaskin
  • Studentane kan kommunisere seg imellom
  • Eg fann ein måte å vise det på lerretet på
  • Studentane kan finne att det som vart «sagt»

Til å vise det på lerretet har eg brukt twitterfall.com. Dette er ei nettside der ein  legg inn eit søk, og som deretter let tvitringane «falle ned» frå toppen av skjermen. Nye tvitringar vert lagt i kø, og køa kan stoppast.

For at tvitringane skal kome opp på skjermen, må dei passe til søket. Eg har nytta meg av #BK161 som hashtag – rett og slett fordi BK161 er rommet vi er i. Då må studentane skrive inn #bk161 i alle meldingane som dei vil ha opp på lerretet (viser over).

I BK161 har vi to lerret. På det eine viser eg «Powerpointen» min, på det andre Twitterfall.

Eg startar undervisningsøkta med ei side der eg slår fast at det ikkje er ei førelesing som startar.

Dette gjer eg for å justere forventningane, slik at dei som sit i salen ikkje skal forvente tre timar med førelesing. Eg slår også fast at eg ikkje kjem til å gå gjennom pensum, og at målet mitt er at dei skal få hjelp til refleksjon.

Når eg ønskjer å gi rom til refleksjon, ber eg dei diskutere i summegrupper, og tvitre det dei kjem fram til. På lerretet det eg opp spørsmålet slik det viser under.

 

Eg likar å starte med ei refleksjonsøkt tidleg i undervisningsøkta. Målet med denne er å gi studentane høve til å kome i refleksjonsmodus. Spørsmålet om kvifor barndommen er «så viktig» kom etter berre eit par minutt. Studentane snakka saman i tre-fire minutt, og eg fekk følgjande svar inn på Twitterfall-lerretet:

  • #bk161 barndommen legg grunnsteinen for det vidare liv
  • Barndom er viktig for hjerneutvikling #bk161
  • Det er det som avgjør hvordan du videreutviklinger livet ditt #bk161
  • Barndommen er viktig for den former deg (du lærer normer og verdier osv..) #bk161
  • Barndommen former oss som mennesker og danner grunnlaget for resten av livet #bk161
  • #bk161 Barndommen er viktig fordi den legger grunnlaget for resten av livet
  • Legger grunn for videre utvikling #bk161
  • Det er iløpet av barndommen man legger fundamentet for å bli rustet for voksenliv og skaper identitet #bk161
  • Lek er viktig for utviklingen av våre koordinative egenskapene, som er bevist å ha en sammenheng med vår kognitive utvikling #bk161
  • Legger grunnlag for videre læring #bk161
  • Barndommen legger grunnlaget for vidare utvikling #bk161

I førelsinga om «barns livsverden» hadde eg fem spørsmål. Det gav til saman 50 innspel. I førelesinga om kvalitative forskingsmetodar hadde eg også fem spørsmål. Då fekk eg 75 innspel.

Spørsmåla eg stiller til studentane vert i røynda meir avanserte utetter økta. Det gjer at talet på innspel har ein tendens til å bli mindre på slutten. Det ser eg som eit naturleg resultat av at eg tek mål av meg til å tilpasse opplegget til mange. Då må også dei flinkaste få utfordringar.

Når eg tek ordet igjen, les eg opp innspela og kommenterer dei. Det at eg har dei skriftleg er viktig, fordi eg har alle på ein gong. Då kan eg prioritere kva av innspela eg vil bruke tid på, og eg kan gi kommentarar på fleire innspel på ein gong.

Studentane meiner…

Etter å ha brukt Twitter tre gongar, sende eg ut ei nettbasert spørjeundersøking til studentane. Den gjekk ut til 160 studentar. Svarprosenten er ikkje mykje å skryte av. Mykje av skulda seiest å vere at eg sende e-posten til studentadressa deira, som mange ikkje nyttar.

Eg var på jakt etter eit enkelt verkty, og svara frå studentane stadfestar håpet mitt: Det var enkelt.

Heile poenget med bruken av Twitter som verkty i undervisninga, er å legge til rette for at studentane kan vere aktive. Omlag Tre av fire opplever seg sjølve som meir aktive, og tre av fire opplever gruppa som meir aktiv.

Aktivitet er vitktig, men det er ikkje nok. Det er trass alt viktig at dei lærer noko også. Også her gir studentane like gode tilbakemeldingar.

Som lærar meiner eg det også det er viktig at studentane trivast. Om dei har det bra, så trur eg dei både får meir motivasjon og forheld seg til kvarandre på ein meir positiv måte. Også her fekk eg same fordelinga.

Eg hadde på førehand bestemt meg for at om halvparten av studentane tente på bruken av Twitter, så var det grunnlag for å fortsetje med det. For om halvparten er tener på det, gir eg noko til denne gruppa av studentar. Så kan dei andre tene på andre undervisningsformer. Når tala er som dei er, er eg ikkje i tvil om at eg skal halde fram.