Statsbudsjettet 2017: Høgskulen i Volda må håpe på V og KrF?

Etter at Venstre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet har lagt fram sine alternative statsbudsjett ser det ut til at det er støttepartia Høgskulen i Volda må sette si lit til om budsjettet til høgskulen ikkje skal bli kutta i åra som kjem.

Pål Farstad (V) vitja Høgskulen i Volda i oktober.
Pål Farstad vitja Høgskulen i Volda i oktober.

Dei tre partia har fleire framlegg som dreg i same retning ved at dei foreslår meir pengar til forsking og høgare utdanning, fleire studieplassar og fleire stipendiatstillingar. Men det er berre Venstre og Kristeleg Folkeparti som foreslår at Høgskulen i Volda skal få kompensasjon for nytt finansieringssystem.

Eg kan ikkje sjå at Arbeidarpartiet i sitt alternative budsjett har kome med eit alternativt framlegg til regjeringa på dette punktet.

Det høyrer også med å minne om at alle dei politiske partia i sine fylkesprogram for Møre og Romsdal har sagt at dei ønskjer fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Møre og Romsdal er eitt av fylka med færrast statlege arbeidsplassar.

Det blir ikkje fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal av å skjere ned på løyvinga til dei regionale høgskulane.

Sjølv om det skulle det bli betringar i høve til regjeringas budsjett vil det svært truleg likevel berre bli ein overgang til ein ny økonomisk kvardag for Høgskulen i Volda. Vi må halde fram det gode arbeidet med god gjennomstrøyming av studentar, men bør legge til rette for at fleire studentar fullfører bachelor- og mastergrader ved høgskulen. Vi må skaffe meir pengar frå bidrags- og oppdragsverksemd. Meir publisering på internasjonalt nivå og internasjonal sampublisering er også faktorar som blir betre belønna i framtida enn i dag.

I sum ligg det altså an til endå sterkare økonomisk detaljstyring av forsking og høgare utdanning. Det har heilt klart sine problematiske sider.

Fusjonsstraff?

Somme ser på omlegginga som eit teikn på at Høgskulen i Volda blir straffa for at vi ikkje har funne fram til ein fusjonspartnar. Det er naturlegvis ein måte å tolke omlegginga på. No trur eg ikkje regjeringa har spesiallaga reglar berre med Volda og nokre andre sjølvstendige høgskular i tankane. Det handlar nok i mykje større grad om at dei største institusjonane skal få større ressursar. Og det er jo ikkje berre Volda, men stort sett alle statlege høgskular og nye universitet som blir «straffa» – både dei nyfusjonerte og dei ufusjonerte.

Ønskje om detaljstyring, eventuelt tydelege regionale prioriteringar ser ein også i dei alternative statsbudsjetta der studieplassar øyremerka til einskildstudium er å finne blant anna til Agder, Sogndal, Hedmark og Bergen. Og høgskulesenteret i Kristiansund.

Her er framlegga til statsbudsjett for 2017 når det gjeld Høgskulen i Volda frå dei ulike politiske partia:

Regjeringa (Høgre og Framstegspartiet)

Regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2017 vart lagt fram tidleg i oktober. Framlegget inneheld ei rekkje store og små endringar for Høgskulen i Volda, men hovudretninga er lågare grunnløyving og større del resultatbasert løyving. Men den resultatbaserte løyvinga er innretta slik at Høgskulen i Volda får mindre pengar i åra som kjem. Som kjent vil dei største universiteta tene på denne ordninga medan dei nye universiteta og høgskulane kjem svakare ut enn før.

For Høgskulen i Volda betyr statsbudsjettet ein minke i budsjettet for 2017, og for framtida ca kr 6 mill lågare budsjett samanlikna med 2016.

No må det også minnast om at regjeringa har sett av kr 150 mill til omlegging av grunnskulelærarutdanninga. Høgskulen i Volda burde med normal uttelling få nokre millionar av desse midlane. Men dette er å rekne som tidsavgrensa midlar.

Statsbudsjettet har vorte mykje debattert i nettaviser for universitets- og høgskulesektoren i tida frå statsbudsjettet vart lagt fram. Det er vel inga overrasking at budsjettvinnarane er nøgde med budsjettet medan resten av sektoren er kritisk.

Her er framlegget til statsbudsjettet for 2017 frå Kunnskapsdepartementet:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-1-s-kd-20162017/id2514039/

Min beskrivelse av statsbudsjettet er svelteforing – for høgskulane i Volda og Molde:
https://blogg.hivolda.no/jr/2016/10/14/statsbudsjettet-svelteforing-av-more-og-romsdal/

Rektorane ved dei nye universiteta kritiserer den nye finansieringsordninga:
http://khrono.no/debatt/budsjett-2017-og-innforing-av-ny-budsjettmodell

Budsjettet er i tråd med langtidsplanen (dei «gamle» universitetas syn):
http://khrono.no/debatt/budsjett-i-trad-med-langtidsplanen

Venstre: Ingen reduksjon på Volda – 1 milliard ekstra til sektoren

Venstre var tidleg ute med å kommentere statsbudsjettet. Stortingsrepresentant Pål Farstad kom på besøk til Høgskulen i Volda og sa der at han meinte endringane av finansieringa av høgskulane kom for raskt.

Pål Farstad til www.hivolda.no:
http://www.hivolda.no/hivolda/nyhende?displayitem=5746&module=news

I sitt alternative statsbudsjett skriv Venstre følgjande om høgare utdanning:

«Venstre støtter i hovedtrekk regjeringens nye finansieringssystem for universiteter og høyskoler, men mener det må være en forutsetning for ordningen at ingen i utgangspunktet kommer dårligere ut enn under dagens ordning.»

I ein tabell går det fram at Høgskulen i Volda skal bli tilgodesett med kr 3.127.000 som kompensasjon for omlegginga av finansieringssystemet. I alt vil Venstre bruke ca kr 90 mill på «Utjevningsordninger for institusjoner som kommer dårlig ut av regjeringens forslag til nytt finansieringssystem.»

Venstre har også fleire andre framlegg som peikar i rett retning. 2000 nye studieplassar til IKT og lærarutdanning er eitt punkt. Venstre gjer også framlegg om å tildele 200 nye stipendiatstillingar – og at det skal tildelast minst to stipendiatstillingar til kvar høgskule.

I sum ønskjer Venstre å bruke ca 1 milliard kroner meir enn regjeringa på forsking og høgare utdanning.

Venstres alternative statsbudsjett:
https://www.venstre.no/artikkel/2016/11/01/venstres-statsbudsjett-2017/

Kristeleg Folkeparti: Ingen reduksjon på Volda

Rigmor Andersen Eide (KrF, Møre og Romsdal) har i eit lesarbrev i Sunnmørsposten synt at ho og partiet har forstått argumenta som har vorte framført frå blant andre Kåre Heggen i ein kronikk som har vorte trykt i Sunnmørsposten og fleire andre aviser – og i nettavisa Khrono.

Kåre Heggen: «Sterke regionale høgskular er viktig»
http://khrono.no/debatt/sterke-regionale-hogskular-er-viktig.

Rigmor Andersen Eide skriv i Sunnmørsposten 10. november:

«Store ressurser overføres fra enkelte institusjoner til de største universitetene. Det ønsker KrF å rette opp i, og derfor vil vi prioritere å øke basistilskuddet til de som taper på omleggingen.
KrF ønsker å kompensere de som taper på omleggingen, uten å straffe de som tjener på den. Det betyr at vi samlet sett vil styrke universitets- og høgskolesektoren.»

I sitt alternative statsbudsjett skriv Kristeleg Folkeparti dette om finansiering av universitet og høgskular:

«Universitets- og høgskolesektoren går gjennom en omlegging av finansieringssystemet som på sikt vil bidra til økt gjennomføring og mer forskningssamarbeid. Dessverre kommer noen institusjoner som for eksempel Høgskolen i Oslo og Akershus, Universitetet i Stavanger, Universitet i Agder og den nye Høgskolen på Vestlandet, skjevt ut fra start, og får en vesentlig lavere bevilgning enn de ville fått med det gamle systemet. KrF vil forlenge innføringen av det nye systemet fra to til tre år, og styrke sektoren gjennom å kompensere de institusjonene som taper i overgangsfasen. KrF har satt av 67 mill. kr til dette formålet.

Videre satser KrF nesten 115 mill. kr på å innføre 2000 nye studieplasser. Det er en riktig og viktig prioritering i en tid da arbeidsledigheten har vokst i deler av landet, og behovet for omstilling og ny kompetanse er stort.»

Det ser ikkje ut til at Kristeleg folkeparti i sitt alternative statsbudsjett har prioritert fleire stipendiatstillingar, men ønskjer å styrke NLA og andre private høgskular. Men også tilsynsordninger med private høgskular.

Kristeleg folkeparti sitt alternative statsbudsjett:
https://www.krf.no/nyheter/nyheter-fra-krf/krfs-alternative-statsbudsjett/

Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet la fram sitt framlegg til statsbudsjett torsdag 10. november.

Arbeidarpartiet har ikkje omtala endringa i finansieringssystemet for forsking og høgare utdanning. Det er ikkje bra, sidan det vil koste pengar å endre på framlegget til regjeringa, slik Venstre og Kristeleg Folkeparti gjer framlegg om. Det kan altså ikkje sjå ut til at Arbeidarpartiet vil støtte mellompartia i denne saka.

Men på andre måtar ønskjer Arbeidarpartiet å styrke sektoren. Partiet foreslår 3000 nye studieplassar og 100 nye stipendiatstillingar – halvparten av dei på Sørlandet og Vestlandet.

Arbeiderpartiets alternative budsjett:
http://arbeiderpartiet.no/Aktuelt/OEkonomi/Et-budsjett-for-arbeid-muligheter-og-trygghet

 

Blå himmel over universiteta? Arbeidarpartiets politikk for forsking og høgare utdanning.
Blå himmel over universiteta? Arbeidarpartiets politikk for forsking og høgare utdanning.

Arbeidarpartiet har hausten 2016 lagt fram ein strategi for høgare utdanning. I framlegget blir det teke til orde for å sikre sjølvstendet til institusjonane og å sikre institusjonane ei god basisfinansiering. I lys av at Arbeidarpartiet kanskje er nøgd med regjeringas omlegging av finansieringa av høgare utdanning – som støttar dei gamle universiteta – så er det kanskje passande at framsida av partiets strategi er pryda av eit pent  bilde frå Universitetsplassen på Karl Johan med blå himmel over urbygningane til Universitetet i Oslo.

Arbeidarpartiets framlegg til strategi for høgare utdanning og forsking:
https://arbeiderpartiet.no/Aktuelt/Utdanning/Lanserte-forslag-til-ny-strategi-for-hoeyere-utdanning-og-forskning

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar