Rektorhelsing til dei nye grunnskulelærarane i høve markeringa 25. mai 2022. Les meir om markering på nettsidene våre.
Kjære studentar! Nei. Kjære lærarar!
De er no inne i dei aller siste dagane eller vekene på Høgskulen i Volda studieåret 2021-2022.
Men for Høgskulen i Volda er dykk det første kullet med lærarmaster, MAGLU, Grunnskulelærar for 1.-7. trinn, Grunnskulelærar for 5.-10. trinn eller erfaringsbasert master i undervisning og læring.
Gratulerer så mykje til dykk alle som er her i dag – de er blant dei aller første som får master-vitnemål som prov på at de har kvalifisert dykk til å bli lærarar. De skal faktisk forvalta framtida til dette landet, kunnskapen, barna, skulen som institusjon. Det er ei utrulig stor og viktig oppgåve. Eg er sikker på at med ein mastergrad i ryggen og ryggmargen så vil de gjere ein framifrå jobb.