Orientering til høgskulestyret, 9. desember 2021


På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet er:

  • Lokal koronasituasjon
  • Regjeringas politikk for UH-sektoren
  • Lærarutdanning
  • Kvalitetsarbeid og gjennomstrøyming
  • Samarbeid med andre institusjonar
  • Høgskuleområdet

Korona

Diverre må vi nok starte denne orienteringa til styret med korona. Nok ein gong. Hausten 2021 har undervisninga ved Høgskulen i hovudsak gått som normalt, og det gjeld også eksamen – heilt fram til og med 9. desember.

Men på bakgrunn av stadig meir urovekkande meldingar og nasjonale tilrådingar og pålegg bestemte kriseleiinga ved Høgskulen onsdag 8. desember å omgjere alle skuleeksamenar til digitale heimeeksamenar og også munnlege eksamenar vil bli gjennomført digitalt. Der er unntak for nokre få praktiske eksamenar. Undervisninga vert også gjort digital så snart det let seg gjere. Dette har både tilsette og studentar fått erfaring med, så vi håper og trur det skal gå bra – men kjekt er det ikkje.

Førebels gjeld desse tiltaka til første veka i januar, men kan bli forlenga. Det kjem an på korleis vi handterer koronaen, både lokalt og nasjonalt.

… men vi rakk å ha julebord før omikronen tok julestemninga!

Ny regjering

Den nye regjeringa har på kort tid gjort fleire grep som viser at dei har tenkt å vere aktive og endre politikken på vår sektor.

Det som har vist mest igjen nasjonalt er at regjeringa først bad Nord Universitet om å vente med å legge ned aktivitet i Nesna, og deretter i ein kongeleg resolusjon sa at Nord Universitet skulle halde fram med å tilby lærarutdanning i Nesna. Dette er ein form for direkte styringsvilje som vi ikkje er vane med i sektoren og det klaraste teiknet på ønske om å aktivt styre strukturen i sektoren. Den tidlegare regjeringa var tydeleg på at slike spørsmål måtte institusjonane, altså styra, sjølve bestemme. Men presset på einskildinstitusjonar vart klart formidla og resulterte i ei rekkje fusjonar og samanslåingar.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar