Helsing til doktorand Endre Eidsaa Larsen

Helsing framført i høve disputas 19. november 2021, NTNU.

Endre Eidsaa Larsen under disputasen. Foto: Violeta Lozano Botellero.

Eg har hatt den store gleda av å følge disputasen din, Endre. Rektoratet ved Høgskulen i Volda brukar å prioritere å delta på disputasar – det er store og viktige faglege hendingar på Høgskulen i Volda.

Så på vegne av institusjonen, tilsette og studentar vil eg gratulere deg så mykje med ein godt gjennomført disputas, ei doktoravhandling med eit spennande tema. Takk til kommisjonen for grundig arbeid og entusiatisk utspørjing.  Og gratulerer også så mykje også til rettleiarane. Det er jo slik det blir sagt: På doktoranden kjenner ein professoren, og vi har høyrt at både Aurora Hoel og Anne Gjelsvik er stolte i dag.

Det kan også passe veldig godt å ønske professor Anne Gjelsvik velkomen til Volda som professor II. Å ha ført Endre fram til disputas kan vel berre seiast slik som i filmen Casablanca:

I think this is the start of a beautiful professor II-ship.

Anne vil i Volda vere tilknytt Avdeling for mediefag, som jo har vore din arbeidsplass i nokre år no, Endre. Dei tilsette på avdeling for mediefag lengtar etter å få gratulere deg – og det vil skje på måndag – så då blir det kake på avdelinga – og gåve – og heilt sikkert mange gode ord!

Høgskulen i Volda feirar i 2021 50 år som medieutdanning. Vi har ca. 500 studentar på 4 BA-grader og 1 MA. Og i haust flytta vi også inn i eit splitter nytt hus, Sivert Aarflot-huset der mesteparten av medieutdanningane held til.

Du arbeider på bachelor-gradene Film og animasjon, så det er  veldig bra at du no har disputert og dermed også markert – nok ein gong – at film og ikkje minst filmteori, medievitskap, også er viktige sider ved fagmiljøet vårt. Heilt sidan starten på 1970-talet har det alltid vore fagfolk og studentar som har hatt eit hjerte for film, dokumentarfilm eller animasjon, og det var for å styrke desse delane av mediefagmiljøet at vi lyste ut stipendiatstillinga som du fekk.

Dokumentarfilmfestivalen og Animation Volda er to studentdrivne festivalar som også viser interessa for film i fagmiljøet vårt.

Både stipendiatstillinga i seg sjølv – men ikkje minst disputasen i dag – har for meg understreka at no har fagmiljøet på film i Volda heva seg opp eitt hakk – eller kanskje mange fleire? – når det gjeld teoretiske ambisjonar. Vi har alltid hatt praktisk mediefag og produksjonsorientert arbeid som våre særmerke i Volda, men utan teoretisk orientering vil det praktiske fort bli famlande. Men også omvendt.

Du har skrive på norsk – og disputasen har gått på norsk. Det er spesielt – og ikkje så uventa at vi i Volda set ekstra stor pris på det. Men Endre har lova meg at neste avhandling han skriv – den blir på nynorsk!  

Mediefeltet er stort og breidt, og sjølv kjem eg frå ein heilt annan fagtradisjon. Men på  disputasen og i avhandlinga di så vart eg slått av kor breidt du famnar når det gjeld filmar som du analyserer og brukar. Filmar frå Kina og Japan, Nederland og Belgia, Armenia og Sovjetunionen – og meir til – og slett ikkje dei nyaste filmane. For meg er det kjekt at det går an å jobbe slik og gjere det spennande og relevant. Og så dukka jo Predator opp også og viste at joda – du veit om Hollywood også – om nokon skulle vere i tvil.

Ein annan ting eg merka meg i disputasen var at å begrense seg – eller å klippe ned ein film – eller ei prøveførelesing – eller ein disputas – kan vere smertefullt når det er så mykje som er på hjertet og vil ut. Og den minneverdige replikkvekslinga der førsteopponent og kandidat var litt usamde om spørsmålet var viktig – eller ikkje.

Og ein annan replik: «Det kan vi vel i alle fall vere einige om». Og de to var i alle fall samde om at Lyotard  ikkje var så enkel å forstå seg på.

NTNU har no gjennomført disputasen din, og det er jo litt høgtid og kappekledde dekanar ute og går, og du Endre skal snart bli doktor. For du er faktisk ikkje doktor slett enno. Du er no noko som er endå finare: Du er Doktor designatus! Du skal snart bli doktor! Men så snart det kjem brev frå NTNU om at disputasen er godkjent så er du ph.d. Endre Eidså Larsen. Då må du sporenstreks søke Høgskulen i Volda om å bli kompetansevurdert til førsteamanuensis – og det gler vi oss alle til at du skal bli så fort som muleg.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar